Dialektpris til Tungtvann

Torsdag førmiddag fekk den nordnorske rappgruppa Tungtvann Norsk Målungdom sin dialektpris. Tungtvann fekk prisen for god og kreativ bruk av saltendialekt, og prisen blei overrakt Jørg-1 på EMI-kontoret i Oslo.

Tungtvann

- Me gjev prisen til Tungtvann fordi dei nyttar dialekt ein litt uvanleg samanheng.Tungtvann har vore føregangsfolk og synt at det er mogleg å nytta sin eigen dialekt og samstundes få ungdom til å høyra på, seier Astrid S. Djupvik leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding

Utdelinga av dialektprisen markerer startskotet på Norsk Målungdom sin dialektkampanje. I løpet av denne kampanjen kjem målungdomar over heile landet til å dela ut dialektprisar og ha aksjonar.

- Dialekten mange stader er truga fordi so mange ungdomar ikkje held på dialekten sin. Difor er det viktig for oss å trekkja fram gode døme på ungdom som brukar dialekt - slik som Tungtvann, avsluttar Djupvik.

I grunngjevinga for prisen sier landsstyret i Norsk Målungdom dette:

- Tungtvann syner at det er mogleg å nytta dialekten sin innanfor ein musikksjanger der engelsk har vore mest vanleg. Med dette signaliserer dei at dialekten deira er brukande i alle samanhengar. Sidan gruppa er eit førebilete for ungdomar over heile landet, tykkjer Norsk Målungdom at dette er svært positivt. Når ein nyttar dialekten sin syner at ein at ein er stolt av staden ein kjem frå, same kvar i landet ein høyrer til!

Tungtvann er for tida i studio for å spele inn oppfølgeren til deira debutalbum "Nord & Ned". Albumet sleppes 4. februar 2002, og 1. desember sendes første single frå det nye albumet til norsk radio.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no