Forteljingar om det ugripelege - avrunding

I åtte bolkar har Ballade presentert utdrag frå hovudoppgåva "Forteljingar om det ugripelege - kunstsyn og maktspel i diskursar om norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk". No presenterar vi avrundinga, komplett med liste over kjelder og referansar. Føljetongen avsluttas med ei forteljing som kan indikera korleis kunsten og kunstnarens rolle kan få innpass i diskursar utanfor den reint estetiske, samstundes som det ugripelege får rom nok til å kunna stadfesta sin eigen identitet.

Arne Nordheim

I 1978 var Arne Nordheim formann i Komponistforeninga. Av Stortingsmeldingar har vi då bare dei to første og Kunstnarmeldinga å forhalda oss til, og Rorty sitt essay er ikkje satt på trykk. Vi tar også eit langt steg ut når det gjeld sjanger, dette skal dreia seg om Nordheim sin opningstale ved Festspela i Bergen den våren:

Hver for seg og sammen er ordene, bildene og tonene alene med hver og en av oss: Vi, når vi skaper ord, bilder og toner, og vi når vi er på den andre siden og tar imot.

Nordheims uttalte ærend er å bekjempa det skråsikre, ikkje i det store, verdsomspennande og altoverskyggande, men det som får mange til å tru at eit kunstnarisk uttrykk bare har ein veg - og dermed også ein eintydig veg - å gå, idet bilete, ord og tonar frigjer seg frå det materialet dei er laga av, og når over til den andre sida. Hos mottakaren. Og kunstnaren er også ein av mottakarane hos Nordheim, den første mottakaren av sin eigen kunst. I beste fall utløyser dei signala som når fram til mottakaren ein vid tolkningsfridom, fritt etter mottakaren sine eigne og personlege føresetnader:

Kort sagt: Egenart!

Hver og en står ensom
på jordens hjerte,
Gjennomboret av en solstråle:
og plutselig er det aften.

Saman og kvar for seg er desse uttrykka så opne at dei fleste av oss vil finna noko av oss sjølv igjen, skriv Nordheim i denne talen, som for øvrig også blei framført med innslag av musikk.
Han fortel anekdotar om kronglete formidlingsvegar, der mjølk kan bli krum som ein svanehals, og vurderer alternative yrkesvegar for ein kunstnar som blir frustrert undervegs, som svinehyrde, som sverdslukar eller som solurmakar. Og endar med klokkestøyparyrke. I gjenklangen av klokkene, seier Nordheim, kan vi spørja oss om dei ikkje talar eit språk vi kan utan å ha lært, noko vi hugsar utan å ha opplevd det?

Kven er det så klokkestøyparen støyper sine klokker for, og kunstnaren skriv sine verk for? Sjølvsagt er det seg sjølv kunstnaren skriv for, sluttar Nordheim. Utan kunstnaren sin truskap mot visjonen vil kunstverket bli frårana sitt mangetydige språk, og aldri forlata det reint private. Og ved å vera ærleg mot seg sjølv, vil kunstnaren også vera ærleg mot dei delar av kunstverket som allereie bur fast i oss alle, som alltid ventande har vore der.

Det er djupt romantiske bilete Nordheim her bruker for å skildra kunsten og kunstnaren si rolle i fellesskapet. I mennesket si einsemd og eigenart held han fram det han meiner vi har felles, også med kunstnarane. Fram frå desse indre landskapa held kunstnaren opp det evige, universelle, og gir oss bitar av minne om eit djupt, menneskeleg fellesskap, men også fridommen til å tolka bitane i våre eigne bilete, gjennom vår eigenart. Den same fridommen og eigenarten som kunstnaren har som mottakar av sitt eige kunstverk. Ein kunstnar som nærmast kjem inn frå sida, med alle romantiske førestillingar intakte, men med ein uttalt viten om at bitane han held fram som kunstverk, ikkje er hans aleine. I slike bilete trugar ikkje kunsten lenger individet sin fridom i det kulturelle demokratiet. Ved å inngå ein allianse med enkeltmennesket i all si einsemd, gir kunstnaren også avkall på avantgarderolla, og treng ikkje lenger konkurrera med staten og det beståande. Desse grepa opnar også for ei kunstnarrolle med lange tradisjonar som kritisk samfunnskorrektiv: Narren si rolle.

På denne måten unngår Nordheim sin tekst å bli avvist av den kulturpolitiske diskursen, og skriv seg i staden inn i det opne rommet for det kritiske og fritt meiningsdannande. Det ugripelege utspelar seg i denne teksten i små forteljingar om langt frå eintydige formidlingsvegar, men også i store romantiske førestillingar om einsemd og lengsel, om kunstnaren som verkeleggjer dei indre landskapa der draumar sviv.

Kva blir omkostningane? Kva har denne diskursen utsondra for å kunna framstå slik?

Å skriva seg inn i det einsame fellesskapet vil nok seia å skriva seg ut av tradisjonar knytta både til avantgarden og til kunsten som den ypparste representasjon av statsmakta i all sin glans, for å gå inn i den langt mindre glamorøse tradisjonen etter narren. Det ser også ut til å kosta kunstnarsubjektet ein nedarva einerett til å forstå sin kunst på den rette måten. For å gi det ugripelege i denne spelerom til å oppretthalda sin eigen eksistens, kan ikkje kunstnarens intensjonar i verket framstillast som den eintydige, rette tolkninga.

Også rehabiliteringa av dei store, romantiske førestillingane gir avkall på det prosjektet dei eingong stod i, ei legitimering knytta til framtida, til realiseringa av universelle idéar. I staden grip dei i denne teksten tilbake, i ei påminning om trongen til kunst, til forteljingar om det som ikkje kan framstillast eintydig i språk, utan å mista sin identitet. Og lar ei gjenforteljing om det ugripelege i seg sjølv stadfesta sin identitet, utan å gjera krav på eit overordna subjekt, den rette tradisjonen, på sanninga, eller på sublim makt til å forandra verda. Den gjer bare krav på å få fortelja si historie. Som også blir ei historie om kostnadene ved ein slik ambisjon.

KJELDER

Publikasjonar utgitt av Norsk Komponistforening:

Kolberg, Kåre et. al.(1997): Årbok for norsk samtidsmusikk 1996.
Kolberg, Kåre et. al (1998): Årbok for norsk samtidsmusikk 1997.
Kolberg, Kåre (red.) (1999): Årbok for norsk samtidsmusikk 1998.
Skyllstad, Kjell et.al (1992a): Temaer, tendenser, og talenter. Norsk samtidsmusikk gjennom 25 år. Skyllstad, Kjell et. al (1992b): Arrangement, arenaer og aktører i norsk samtidsmusikk.

Andre publikasjonar:

Nesheim, Elef (1982): "En konstant evolusjon" i: Moe, Ole Henrik et. al (1982): Festskrift til Finn Mortensen. Cappelen Forlag, Oslo, s. 24-32
Reitan, Lorentz (1981): "Arne Nordheim - en lyrisk klangkunstner", i Davidson, Rolf (red.) (1981): Festskrift til Arne Nordheim. Wilhelm Hansen, København, s. 8-13.

Stortingsmeldingar:

Kirke- og undervisningsdepartementet (1973):
Stortingsmelding nr. 8 (1973-74): Om organisering og finansiering av kulturarbeid. Oslo
Kirke- og undervisningsdepartementet (1974):
Stortingsmelding nr. 52 (1973-74): Ny Kulturpolitikk. Oslo

Kirke- og undervisningsdepartementet (1976):
Stortingsmelding nr. 41 (1975-76): Kunstnerne og samfunnet. Oslo
Kirke- og undervisningsdepartementet (1981):
Stortingsmelding nr. 23 (1981-82): Kulturpolitikk for 1980-åra. Oslo
Kultur- og vitenskapsdepartementet (1983):
Stortingsmelding nr. 27 (1983-84): Nye oppgåver i kulturpolitikken. Oslo
Kulturdepartementet (1992): Stortingsmelding nr. 61 (1991-92): Kultur i tiden. Oslo


Tidsskrift:

Ballade - tidsskrift for ny musikk, utgitt av Foreningen Ny Musikk:
(1977): Nr. 1 og 2
(1978): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1979): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1980): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1981): Nr. 1, 2-3 og 4
(1982): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1983): Nr. 1, 2-3 og 4
(1984): Nr. 1, 2, og 3-4
(1985): Nr. 1, 2-3, og 4
(1986): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1987): Nr. 1, 2, og 3-4
(1988): Nr. 1 og 2-3
(1989): Nr. 1, 2, 3 og 4/89-1/90
(1990): (Nr. 4/89-1/90), 2 og 3
(1991): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1992): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1993): Nr. 1, 2, 3 og 4
(1994): Nr. 1, 2-3 og 4

NRK Musikken, utgitt av NRK:
(1999): Nr. 1, 2, 3, 4, 5, 6 og 7

[Parergon], utgitt med støtte av Norsk Kulturfornd, Ny Musikk, Norsk Komponistforening og NICEM: Nr. 1/97, 2/97, 3/98 og 4/98

Avisutklipp:
Hagen, Alf van der (1989): "Gjenkjennelsens glede". Intervju med Arne Nordheim, i: Dagbladet, 21.07.1989
Haugland, Glenn Erik (1998): "Det soniske sinn - Lasse Thoresen", i: Aftenposten, 05.10.1998
Haugland, Glenn Erik (1999): "Hva kan være meningen med kulturpolitikken?", i: Aftenposten, 27.07.1999
Jacobsen, Erik (1998): "Hvilken vei går Aftenposten?", i: Aftenposten, 15.10.1998

Jensen, Finn Robert (1998): "-Se opp for kulturfiendene". Intervju med Olav Anton Thommesen, i: Aftenposten, 07.12.1998
Levin, Mona (1987): "Kjemper for tanken". Intervju med Arne Nordheim, i: Aftenposten, 14.03.1987
Nordheim, Arne (1978): "Det ensomme spill". Åpningstale til Festspela i Bergen, trykt i: VG, 25.05.1978
Thoresen, Lasse (1997): "Når klangverdener og verdensbilder møtes", i: Aftenposten, 02.10.1997
LITTERATUR
Aslaksen, Ellen K. (1997a): Ung og lovende - 90-tallets unge kunstnere - erfaringer og arbeidsvilkår. Norsk Kulturråd, utredning, rapport nr. 8
Aslaksen, Ellen K.,
Per Mangset, Geir Rønning
(1997b): Om St.meld. nr. 47 (1996-97) "Kunstnarane". Norsk Kulturråd, utredning 1997, arbeidsnotat 17.
Bale, Kjersti (1999): "Noen tanker omking formidling av samtidsmusikk". Innlegg halde ved Norsk Komponistforenings seminar Verket i offentligheten, 5.-6. februar, 1999. Trykt i Krit. Sirkelen, nr. 17, 1999, s. 37-44.
Barthes, Roland (1994): I tegnets tid. (Overs. Knut Stene-Johansen) Pax Forlag A/S, Oslo
Barthes, Roland (1996): Mytologier. (Overs. til dansk av Jens Juhl Jensen) Gyldendal, København
Baudelaire, Charles (2000): Kunsten og det moderne liv. (Overs. Arne Kjell Haugen) Solum Forlag, Oslo
Benestad, Finn (1993): Musikk og tanke. Aschehoug, Oslo
Broch, Hermann ((1992): Kitsch og kunst. (Overs. Sverre Dahl), Cappelen, Oslo,
Bourdieu, Pierre (1995): Distinksjonen. (Overs. Annick Prieur) Pax Forlag A/S, Oslo
Bø-Rygg, Arnfinn (1995): Modernisme, antimodernisme, postmodernisme. Tidvise skrifter nr.14, utgitt av Høgskolen i Stavanger.
Cassirer, Ernst (1965): Et essay om mennesket. (Overs. Eva Wyller), Aschehoug, Oslo.
Dahlhaus, Carl (1983): Foundations of music history. (Overs. J. B. Robinson) Cambridge University Press Cambridge
Engelstad, Fredrik
og Dag Østerberg (1995): Samfunnsformasjonen. Pax Forlag, A/S Oslo
Eriksen, Trond Berg (1989): Nietzsche og det moderne. Universitetsforlaget, Oslo
Eriksen, Trond Berg (1981): "Romantikkens kunstmytologi", i: Samtiden nr. 2, 1981, Oslo, s. 45-50
Eriksen, Trond B. (red.) (1994): Vestens tenkere, Bind II. Aschehoug, Oslo
Eriksen, Tore et. al. (1995): Fornuftens former. Habermas og Lyotard - en antologi. Spartacus Forlag A/S, Oslo.
Foucault, Michel (1991): Galskapens historie i opplysningens tidsalder. (Overs. Fredrik Engelstad et. al.), Gyldendal, Oslo
Grothen, Geir (1996): Inn i saligheten. Universitetsforlaget, Oslo
Grødtvedt, Paul (1997): "Messiaskomplekset og kunstnerens rolle", i: Aftenposten, 06.04.1997
Guldbrandsen, Erling E. (1997): "Modernisme og tradisjon", i: Guldbrandsen, Erling (1997): Tradisjon og tradisjonsbrudd. Scandinavian University Press, Universitetsforlaget, Oslo, s. 13-125
Gullestad, Marianne (1998): "Myten om homogenitet", i: Aftenposten, 15.10.98

Gundersen, Karin (1989): Roland Barthes: Etapper i fransk avantgardeteori 1950-1980. Universitetsforlaget, Oslo
Habermas, Jürgen (1995a): "En annen utvei fra subjektfilosofien", i: Eriksen, Tore et. al, s. 69-96.
Habermas, Jürgen (1995b): "Fornuftens enhet i dens mangfold av stemmer", i: Eriksen, Tore et. al., s. 133-158
Habermas, Jürgen (1997): Borgerlig offentlighet. ( Overs. Elling Schwabe- Hansen et. al.) Gyldendal, Oslo
Kant, Immanuel (1995): Kritikk av dømmekraften. (Overs. Espen Hammer) Pax Forlag A/S, Oslo
Kirke-, utdannings- og
forskningsdepartementet (1994): Læreplan for grunnskole, videregående opplæring og voksenopplæring. Generell del. Oslo
Kittang, Atle et. al. (1979): Hermeneutikk og litteratur. Universitetsforlaget, Oslo
Kittang, Atle, Per Meldahl og
Hans H Skei (1983): Om litteraturhistorieskriving. Akademisk Forlag, Øvre Ervik
Kittang, Atle (1998): Ord, bilete, tenking. Gyldendal Oslo
Kjerschow, Peder Chr. (1988): Schopenhauer om musikken. Aschehoug Oslo.
Kjerschow, Peder Chr. (1991): Musikk og mening. Idé og tanke, Oslo
Kjerschow, Peder Chr. (1993): Tenkningen som deltagelse. Solum Forlag Oslo
Kruse, Bjørn (1995): Den tenkende kunstner. Universitetsforlaget, Oslo
Lübcke, Poul (red.) (1982): Vor tids filosofi - engagement og forståelse. Politikens
Forlag, København
Lyotard, Jean-Francois (1992): The postmodern explained to children. (Overs. Julian Pefanis et. al.) Turnaround, London
Mangset, Per (1997): Kulturskiller i kultursamarbeid. Om norsk kultursamarbeid med utlandet. Norsk Kulturråd, utredning, rapport nr. 9, Oslo
Mann, Thomas (1992): Doktor Faustus. (Overs. Dag Østerberg) Gyldendal, Oslo
Maslow, Abraham (1970): Motivation and personality. Harper end Row, New York.
Nielsen, Poul (1978): Musik og materialisme. Borgen Forlag, København
Nietzsche, Friedrich (1969): Tragediens fødsel. (Overs. Arild Haaland), Pax Forlag A/S, Oslo
Osland, Lidvin M. og
Per Mangset (1995): Norwegian Cultural Policy. Characteristics and Trends
Norsk Kulturråd, utredning, rapport nr. 3, Oslo
Pålshaugen, Øyvind (1991): "Den store utredningen om estetikk og samfunnsvitenskap", i: Østerberg, Dag (red.) (1991), s. 13-51.
Repstad, Pål (1980): "Frå Pontoppidan til utvida kulturomgrep", i: Syn og Segn, hefte nr. 6 1980, Oslo, s. 375-383.
Rorty Richard (1995): "Habermas og Lyotard om postmodernitet", i: Eriksen Tore et. al, s. 17-32.
Ruud, Even (1996): Musikk og verdier. Universitetsforlaget, Oslo
Røyseng, Sigrid (1999): Nytt operahus? Hovedoppgave i sosiologi, institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo
Schaanning, Espen (1993): Modernitetens oppløsning. Spartacus Forlag, Oslo
Solstad, Dag (1968): "Nødvendigheten av å leve inautentisk", i Vinduet, nr. 3, 1968. Publisert på www.vinduet.no, 26.05.1999.
Treitler, Leo (1989): "What Kind of Story Is History?", i: Treitler, Leo (1989): Music and the Historical Imagination. Harvard University press, Cambridge. s. 157-175
Varkøy, Øyvind (1993): Hvorfor musikk? Ad Notam Gyldendal, Oslo
Vilks, Lars (1995): Konstteori. Nya Doxa, Falun
Wikshåland, Ståle (1991): "Tradisjonsløshet som siste skrik?" i: Østerberg, Dag (red.) (1991), s. 179-221.
Østerberg, Dag (Red.) (1991): Kultur og barbari. Essays om kunst og samfunn. Brutus Østlings Forlag, Oslo.
Østerberg, Dag (1996): Fortolkende sosiologi II.Universitetsforlaget, Oslo
Østerberg, Dag (1997): Sosiologiske nøkkelbegreper. Cappelens Akademiske Forlag, Oslo.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no