Turbinvika

Pilota Fms Nicholas Møllerhaug fortel her om ein båttur i regi av Ny Musikk Rogaland, med Nils Henrik Asheim ved roret, i Boknafjorden. Det er ei levande forteljing om Bryggeriet som vart kultursenter og konsertsal og om ein natur som inspirerar til kunstnerisk spel.

Nils Henrik Asheim

Lysefjorden: På veg ut Byfjorden i Stavanger. Me passerar i halvfart ein minaret med eit reklameskilt. Ein historisk fabrikkbygning. Tou strålar det på skiltet. Mange veit at det betyr noko godt - deilig drikke. Båten er på veg frå Byvågen til Lysefjorden. For ein gongs skuld er det vindstille på sjøen. For anledninga er båten fyld med samtidsmusikalske entusiastar. Det har vore Ny Musikk Landsmøte i Stavanger. Nils Henrik Asheim er andeleg kaptein.

Fossar forbi
Me fossar ikkje innom Tou Bryggerier denne dagen. Derimot fortel Asheim begeistra om den gamle industristaden - bryggeriet som for kort tid sidan låg på slaktebenken. Tou Bryggerier hadde ei usikker framtid føre seg. Faren var at dei nydelege teglsteinsbygningane kunne bli fortid. Ein unik lokalhistorisk setting kunne blitt privatbasert. Mange meinte at staden måtte bli offentleg - då trengs det idèar. Gode idèar. Det er ein velkjend sak at Asheim er ein mann med slike. Iallefall når han skriv musikk.

Jemvilje og jernflis
Ved hjelp av jernvilje og solid nettverk klarte Asheim å overbevise. Han snudde ei vanskeleg flis av jern til noko som kjem heile regionen til gode. Dei gamle Bryggeribygningane er difor blitt offentleg eige. Dei er også i ferd med å forandre heile Stavanger. Det er ein funksjon som Tou Bryggerier alltid har hatt. Gode bryggerivarer gjer som kjend livet lettare å leve. Seier ein meir blir ein mistenkt for å drive med snikreklame.

Det gamle bryggeriet forsvinn bakom oss. Før den heilt forsvinn tenker me litt på den breie sjøstripa foran det nye kulturhuset. Ein ting er sikkert - dette er ein stad som vil fornye byen. Ein samlingsstad for den seriøse eksperimentelle kulturen i Stavanger. Alle ombord i båten er imponerte over kva dei er i ferd med å få til. Særleg med tanke på at Stavanger i årevis har vore anestad for ein unik samtidskultur. Frode Gjerstad er eit viktig skikkelse her. Etterkvart har Nils Henrik Asheim også flytta til byen. Det har gjort at kulturlivet er iferd med å opne seg endå meir. Han er ved sidan av å vere komponist, leiar for Ny Musikk Rogaland. I dette tilfellet ein fruktbar kombinasjonen av kunstnar og kulturplanleggar.

Oss og fjorden
No er det derimot berre oss og Byfjorden.

Båten er med full speed på veg mot Flørli. Der ligg ein kraftstasjon - djupt inne i Lysefjorden. Heilt på andre sida av byfjorden og Boknafjorden. Ein annan eldsjel geleidar oss inn i den legendariske fjorden. Stupbratte fjell og skrekkinngytande juv og fallskjermperler er kransa kring oss. Me skal inn i ein fjord med selungar som ligg og sleiker sol. Dei er ikkje satt ut for turismen sin del.

-- Me skal inn i til ei viktig perle som står i fare for å bli jemna med jorda, fortel Hanne Thomsen. Me har lite tid til å endre tendensen. Eit heilt utdøydd lokalsamfunn ligg her. Det er klart for undergong. No er me på sår jakt etter noko kvalitativt som kan fylle kraftstasjonen. Kva kan gje ei mikroskopisk fjordbygd med diger turbinhall kulturell verdi? Me må no prøve å rope så høgt me klarar.

Med denne utfordringa i bakhovudet gassar båtføraren opp motoren endå meir. Lysefjorden sluker oss bokstaveleg tala. Me blir omringa av dei enorme fjellmassiva på alle kantar. Gigantiske striper og geofargar i fjellveggane er mektige. Ikkje utan grunn at staden er ein geologisk valfartsstad. Lenger inne heng det alle vil hit for å sjå. Preikestolen. Nedanfrå ser det ut som noko lite kjekt å få i skallen. Den kan ramle ned kvart sekund. Me fortset innover fjordsprekken. Idet me passerar nok eit nes dukkar Flørli opp. Bygda er kanskje fire hundre meter breidd. Ein kilometer høg er bygda Eit tjuetals hus med gapande tomme vindauge og ein stor kraftstasjon. Det er Flørli. Staden treng fornya innhald.

Noko for Hillardane
Me vandrar inn i Kraftsstasjonsen. Ein diger hall. Me ser oss godt ikring og merker ein ektrem akustikk. Her hadde nok Hilliard Ensemblet hatt godt av å få sommarjobb. Etterklangen varar nesten ti sekund. Ein tenorsaxofonist hadde nok spela seg varm her. Ein turbin står att i rommet og syng om ei fortid. Dei andre digre turbinane er borte. Det gamle bygdetunet er sjølv ei perle. Visjonen om at alt kjem til å falle saman gjer ikkje godt. Dette er også ein stad som bør brukast. Den bør ikkje berre bli plank. Ropet frå Flørli bør gå litt lenger enn til andre sida av Boknafjorden. Kanskje det er folk andre stadar som har idèar. Det er iallefall det eldsjelane er opptekne av. Ropar ein lenge nok i Kraftstasjonen er det nok nokon som vil høyre ein til slutt. Men: lyden gjer kanskje at selane forsvinne og preikestolen ramlar ned. Isåfall er det action i vente.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no