Tveit, Sigvald

Sigvald Tveit

Sigvald Tveit, fødd i Treungen i Telemark i 1945 og oppvaksen i Kristiansand, er ein allsidig og svært produktiv komponist. Størstedelen av dei om lag 2000 Tono- registrerte arrangementa og komposisjonane hans er innafor det populær- og bruksmusikalske feltet, men først og fremst er stilbreidd kjennemerket hans. Sigvald Tveits namn er like mykje knytt til større kyrkjemusikalske drama som ”Det gode landet” og ”Herr Petters Lovsang” som til enkle barnemelodiar frå fjernsynssuksessar som ”Portveien 2” og ”Sesam Stasjon”. Han har i mange år arbeidd som arrangør og komponist for NRK og diverse plateselskap, og har i den samanhengen hatt ansvaret for eit hundretals fonogramutgjevingar og for fleire hundre radio- og fjernsynsprogram.

Tveit tok cand. philol. eksamen ved Universitetet i Oslo i 1973 med musikk som hovudfag, og med barokkens komposisjonsteknikk som spesialfelt. I 1982 tok han organisteksamen ved Agder Musikkonservatorium og i 1994 diplomeksamen i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole. I tillegg har han studert ved ei rekkje utdanningsinstitusjonar i USA: I åra 1976-78 tok han korrespondansekurs i arrangering og orkestrering ved Berklee School of Music, Boston. I 1978-79 var han ved Grove School of Music i Hollywood og avla eksamenen ”Contemporary Composing and Arranging Program”, samtidig som han tok semesterkurs i filmmusikk med David Raksin ved University of California, Los Angeles. I 1991 hadde han endå eit studieopphald ved Grove School of Music, der han studerte filmmusikk. Sidan 1973 har Sigvald Tveit vore førsteamanuensis, med hovudansvar for satslære, ved Institutt for Musikk og Teater ved Universitetet i Oslo. Han har i til saman to år vore gjesteprofessor ved ulike universitet i USA. Han har også rokke å ha stilling som organist forskjellige stader i Den norske kyrkja.


Sigvald Tveits verkliste fra mic.no/katalog

2003
-
Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no