Overskot i Vossa Jazz

Også i år kan Vossa Jazz bokføra eit overskot, i år på kr. 74.171. Vossa Jazz 2002 vart skipa til i dagane 22. - 24. mars. Dette var den 29. festivalen på rad.

Vossajazz 2002 plakat

Vossa Jazz 2002 var kunstnarleg og arrangementsteknisk svært vellukka, meldar arrangørane. Publikumstilstrøyminga auka med 7,7 % i høve til i fjor og det vart sold omlag 14.000 billettar. Heile 47 tilskipingar vart avvikla, med i alt 153 profesjonelle musikarar/ kunstnarar, 118 av dei var norske.

Gjennom eigenproduksjonar og scenepremierar - heile 9 i talet - har Vossa Jazz helde ein sterk stilling som nyskapar og utviklar av norske jazztradisjonar. Tingingsverket til Erlend Skomsvoll "Musikk" og samarbeidet mellom Maria Joao Trio og Bugge & Sidsel, Dhafer Youssef og Paolo Fresu og sistnemndes samarbeid med Subtrio illustrerer viktige aspekt ved Vossa Jazz - kreativitet, mangfald og kvalitet. Særskilt bør ein nemna det spesielle tingingsverket i Badnajazzregi «Ingen veit kvar haren hoppar...» under leiing av Terje Isungset og med born frå Voss som medkomponistar.

Artistutgiftene auka med heile 330.000,- kr, samstundes var inntektsauken på mest 400.000,- kr. Isolert sett er festivaløkonomien difor tilfredstillande, men om ein ser konsernet, med festivalen, Fraktgodsen og Voss jazzklubb under eitt, er biletet ikkje fullt så ljost. I dag driv ein alle desse aktivitetane med totalt to årsverk - alt inkludert. Hadde det ikkje vore for at organisasjonen er så effektiv og dugnadsviljen er stor, ville det ikkje vore råd å halda fram drifta.

Den viktigaste utfordringa til Vossa Jazz er å sikra eit skikkeleg finansielt grunnlag for Kulturhuset Fraktgodsen. Pr. i dag er Fraktgodsen det einaste kulturhuset i sitt slag som ikkje mottek direkte offentleg støtte av noko slag. Etter opninga av kulturhuset for 4,5 år sidan har det blitt skipa til 250 konsertar der. Totalt 470 tilskipingar har funne stad. Vossa Jazz er ein knutepunktinstitusjon i gavnet om ikkje i namnet.

På generalforsamlinga 29. august vart Grethe V. Sabri attvald som styreleiar. Med seg styret fekk ho Anders Ullestad, Kari Vevatne, Blanche Eknes, Annichen Rokne, Mads A. Indrehus, Perline Dugstad, Åse Marie Jordal og Trude Storheim.

30. årsjubileet finn stad 11. - 13. april 2003.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no