Vokal folkemusikk i Valle

Under Folkemusikkseminaret i Valle vert det kurs med Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes, samd konsertar med Eli Storbekken, Geir Lystrup og den nordiske gruppa Kvedar.

Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

Hovudtema under FolkemusikkSeminaret i Valle i år er i følgje heimesida til Norsk Folkemusikk- og danselag den vokale folkemusikken. Programmet er i all hovudsak knytt opp til dette. Gjennom masterclass og kurs med Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Halvor Håkanes, konsertar med m.a. den nordiske gruppa Kvedar, og presentasjonar ved Harald Knutsen (Agder Folkemusikkarkiv) og Herdis Lien, kan ein helga 18. - 20 oktober fordjupe seg i vokal folkemusikk.


FolkemusikkSeminaret er eit årleg arrangement i Valle - midt i hjarta av Setesdal, og arrangementet formidlar norsk folkemusikk i tradisjonell framføring. Dette blir knyta opp til ei fagleg ramme med foredrag og utstillingar. Målgruppa er folk med kjennskap og interesse for folkemusikk. Bak arrangementet står fleire stødige medarrangørar: Valle Vidaregåande Skule, Valle Kommune, Aust-Agder Fylkeskommune, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Setesdal Spelemannslag og Agder Folkemusikkarkiv. Kurs og masterclass blir arrangert med stønad frå Musikkverkstadordninga.

Kursa går over fredag og lørdag, elles er det lausrivne programpostar der ein kan plukke seg ut det som høver. Det er ikkje påmelding til anna enn kursa, og alle er velkomne. Det vert konsert i Storstuga på Valle Kultursenter fredag kveld, der Kvedar er hovudnamnet, saman med Agnes Buen Garnås, Aiva Insulander, Cathrine Smith, Eli Storbekken, Halvor Håkanes, Marianne Maans, Geirr Lystrup gjer og ei forestilling med eldgamle kvad og nysmidde stev med dans frå det nordiske ferdaskrinet.

For påmelding og informasjon kan du gå til denne sida hos Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no