Etablissementet

Akkurat nå, i Stavangers offentlege samtalar om kultur, kan det synast som om dei mest radikale visjonane og haldningane kjem frå dei som sit med makta - politisk så vel som administrativt. Har ein rett og slett eit nytenkjande etablissement i denne byen, eller er dette utslag av provinsiell stormannsgalskap, slik kritikse stemmer vil ha det til? I denne delen av Ballades serie om Stavangers kulturliv, er det etablissementet som får ordet.

Stavanger Konserthus 2002

"Skulle vi noen gang ha mulighet til å gjøre et ekstra løft for kulturen i form av å bygge regionens musikalske storstue, ja, så måtte det være akkurat nå."

Dette er ikkje eit sitat frå ein desperat musikar, eller frå ein politikars festtale rett før kommunevalet. Det er faktisk rådmannen i Stavanger kommune, Ole Hetland, sine ord, i det siste nyhetsbrevet frå prosjektgruppa til det vi i Stavanger kjenner som "Bjergstedutbygginga." Bjergstedparken er allereie no tilhaldsstad for fleire kulturinstitusjonar, både for Stavanger Kulturskole, Avdeling for kunstfag ved Høgskolen i Stavanger, så vel som Stavanger Konserthus og Stavanger Symfoniorkester.

Utbygginga inneber ei utviding, blant anna med plass til vidaregåande skole med musikk, dans, drama. Og nytt konserthus. Det er dette rådmannen skriv om. Han skriv vidare at uansett korleis ein vurderer status i kommuneøkonomien, har vi i dag eit tenestetilbod vi aldri har sett maken til. Det kan leggjast til at i budsjettforslaget for Stavanger Kommune 2003, finn ein ingen dramatiske kutt, men ei vidareføring av tenestetilbodet slik det er. Det politiske fleirtalet, det vil seia Høgre, Frp, Venstre, KrF, Sp og Pensjonistpartiet har i tillegg funne fire millionar ekstra til skolane, kvart år fram til 2006, ei påplussing til utvida drift i symjehallane, og eit utvida dagsentertilbod til psykisk utviklingshemma.

Utgiftene blir søkt dekka inn utan at det skal gå utover folk flest, blant anna søkjer ein å effektivisera delar av kommunedrifta. Tou scene har søkt om 4,5 millionanr til rehabilitering av Tou scene. Dette finn vi ingen konkrete løfte om i budsjettet, men politikarane uttaler at dei er positive til det som skjer på Tou, og ber rådmannen førebu ei sak om korleis kommunen best kan bidra. Budsjettforslgaet skal vedtas 9. desember.

På den langsiktige investeringssida finn vi nytt stadion, prosjekt "Tusenårsstedet", "Blå promenade", og forslag til nytt konserthus i Bjergsted. Kostnadsoverslaget til sistnemnde er på 725 millionar kroner, det er ekslusive tomt og endringar i infrastruktur. I tillegg til dette, blir Stavangers søknad om å bli europeisk kulturby i 2008, lagt fram i desse dagar. Arbeidstittelen har vore "Exploring dialoges and horizons" der grunntanken er så sjå på Stavanger som ein møtestad mellom det nasjonale og det europeiske. At ein skulle søkja, blei vedtatt alt i oktober 2001, mot RV og Frp sine stemmer. RVs Sira Myhre såg det ikkje som eit kulturtiltak, men som eit turisttiltak, medan Frp meinte kommunen først måtte løysa presserande oppgåver i til dømes eldreomsorga.
Høgrerepresentanten Hernes, som også representerte fleirtalet, hevda derimot at vi ikkje kan venta med desse planane til vi har fjerna sjukdom og død.

Denne sistnemnde haldninga karakteriserer Thorstein Granly som "bånn gass"-mentaliteten i Stavangerregionen:

- Stavanger er ein by med sterke internasjonale kontaktar og nettverk. Oljeselskapa set store krav, og set også ein standard for resten av byen. Det bur faktisk folk frå 140 nasjonar her. Det skjer mye, oppblomstringa frå undergrunnen, filmmiljøet, Kaizers Orchestra, Thomas Dybdahl, Wunderkammer, Paal Nilssen-Love. Og Tou scene, sjølvsagt. Eg trur noe av årsakane til det, må vera det internasjonale miljøet i byen.

Dessutan er det stor entusiasme i alle ledd i kultursektoren. Felles for alle aktørane, inklusive ordførar og rådmann, er at dei prøver å få til meir. Ordføraren har for eksempel uttalt at kultursatsning er like viktig for utviklinga i regionen som infrastrukturen tradisjonelt har vore. Politikarane ser kulturen som lim i samfunnet, ein vesentleg føresetnad for gode oppvekst- og levevilkår. Dette er vel og merka ikkje bare i festtalar, det blir omsatt i praksis.

Da tenkjer du på planane om nytt konserthus?

- Ja. Konserthuset skal innehalda to salar, den eine for akustisk musikk, den andre for forsterka musikk. Begge salane er like viktige, og skal behandlast likt. Dette hybride aspektet er veldig viktig. Dette skal vera eit hus for musikken, anten det er rock, jazz, folkemusikk eller klassisk. Det er eit veldig bra grep ein har tatt. Vi har ikkje funne noko anna hus som har satt dette saman. Dette er ein region som også har tatt inn over seg erkjenninga av at ein må satsa skikkeleg. Ikkje inngå kompromiss, det blir ikkje bra! Som ordførareren har sagt, vi skal ha det beste konserthuset nord for Luzern.

For tida går diskusjonen om kvar huset skal plasserast, kva er ditt syn på tomtespørsmålet?

- For oss er det viktig å halda oppe Bjergstedvisjonen, det vil seia visjonen om å halda musikkinstitusjonane samla. Her skal både kulturskolen, vidaregåande skole for musikk, dans, drama, og avdeling for kunstfag ved Høgskolen i Stavanger ha tilhaldsstad. Konserthuset vi har nå, skal framleis brukast av utdanningsinstitusjonane så vel som det frivillige musikkliv. Slik sikrar ein allereie i utgangspunktet at bygginga av nytt konserthus skal koma alle delar av kulturlivet til gode.

Kva trur du eit nytt konserthus vil tilføra publikum?

- Alle undersøkingar viser eit markert oppsving i publikumstal når eit nytt konserthus blir tatt i bruk. Akustikken vil vera den same uansett kor ein sit i salen. Publikum vil få ei heilt annleis lyttaroppleving. Dei veit det bare ikkje enno, fordi dette er eit heilt nytt akustisk konsept. I europeisk samanheng finn vi det bare i dei nye konserthusa i Lahti, Birmingham og Luzern.

Eit orkester blir ofte tatt for å representera det etablerte, det borgarlege, det beståande. Er dette ei oppfatning ein ønskjer seg bort frå?

- Vi føler nok rett og slett ikkje at det er slik i det daglege. Eg trur kanskje opinionen oppfattar oss slik, men ikkje dei som kjenner oss, ikkje konsertpublikummet. Publikum virkar også samansatt, blant anna utgjer dei yngre ein større andel, noko som kanskje har samanheng med at vi har innført ekstremt billege billettar for denne gruppa. Sa nei, vi føler ikkje dette som ei tvangstrøye, det legg ikkje hindringar i vegen for den vidare utviklinga. Når det gjeld nyskaping, ser vi det som vår oppgåve å dekkja 400 år med musikk. Det er ei stor oppgåve i seg sjølv. Likevel har vi også prosjekt saman med Mai-Jazz, vi har ein årleg utekonsert. Vi har modellen med fire kunstnariske leiarar, der tanken er å bruka spisskompetanse på ulike felt og epoker, istaden for å ha ein sjefsdirigent. For andre har vel kanskje fotoserien til Dag Thorenfeldt vore det første møtet med eit i alle fall litt annleis tenkjande orkester.

De har markert dykk som eit offensivt orkester. Kvifor har det blitt sånn i Stavanger?

- For det første er det nok personavhengig. Musikarane i orkesteret er ei sterk drivkraft, det er mange blant dei med både kunnskapar og evner til å driva orkesterbygging. For det andre er dette ein region i ekstremt hurtig utvikling, der "bånn gass" er mottoet for veldig mange, og der politikarane samstemt går inn for ei sterk satsning på kultur.

Har dette noko med forholdet mellom sentrum og periferi å gjera?

- Du meiner om det er slik at vi skal visa oss fram for Osloområdet? Nei, det trur eg ikkje, vi ser på oss sjølv som ein region i Europa, og orienterer oss mot det. Du kan seia at vi orienterer oss mot Europa, men vi har også distriktskonsertar, for eksempel i Suldal, Tysvær eller Oslo.

Rådmann Ole Hetland trekkjer også fram regionstenkninga da vi spør han om årsaka til at ein nå fokuserer så sterkt på kultur. Ein har sett at europeiske byar og regionar som har satsa breidt på kultur, også har fått ei utvikling utover det normale. Det er blant anna viktig for rekrutteringa til næringslivet. Slikt lærer ein av, slår han fast. For det andre, fortset han, er kulturområdet i Norge lite regelorientert. Det er ikkje regulert i same grad som andre store felt. Medan helse, skole, barnehagar og teknisk drift til dei grader blir detaljstyrte frå sentralt hald, er det på kulturområdet enno politisk handlingsrom. Det gjer det rett og slett til eit interessant område i regionalpolitikken.

Kritiske røyster er redde kostnadane ved konserthusprosjektet vil gå utover andre delar av kulturlivet, særleg dei små og uetablerte?

- Nei, vi trur dei store inspirerer dei små, at det tradisjonelle og det utradisjonelle gjensidig inspirerer kvarandre.

Det er på det idealistiske planet. Men når ein kjem til det konkrete, finst der pengar til å støtta begge delar?

- Det vil framtida visa. Seier rådmannen. For sjølv om eit fleirtal i bystyret i mars i år vedtok å gå vidare med planane for nytt konserthus, er ikkje finansieringa klar. Ein ser føre seg eit spleiselag, der staten på tradisjonelt vis er tiltenkt den tyngste rolla. Det reknar ein ikkje med å få svar på før i 2004. Private sponsorar må også finnast. Og kostnadsoverslaget er gjort utan at teikningar føreligg, arktitektkonkurransen skal først utlysast til neste år. Før den tid må tomtespørsmålet avklarast, noko som har vist seg vanskelegare enn ein trudde. Å plassera eit konserthus på sju til ni etasjar på ei av sjøtomtene tilknytta Bjergsted, blir dyrt.

For ordførar Leif Johan Sevland (H) er det likevel enno eit mål å få det til:

- Miljøet i Bjergsted er allereie sterkt, det er eit mål for meg å samla det enno meir, gjera det til eit kraftsenter også i europeisk forstand. Men vi såg ikkje heilt for oss det visuelle omfanget av dette, seier han.

Korleis vil du karakterisera endringane i den politiske måten å tenkja kultur på ?

- No er det ikkje sånn at vi ikkje satsa på kultur før, men eg trur for det første at ein er blitt meir bevisst på eigenverdien. I tillegg til at ein ser kva kultursatsing har hatt å seia for byutviklinga i for eksempel Bilbao og Newcastle. Det skjer mye i Stavangers kulturliv for tida, det er ikkje bare politikarane som satsar, vi har eit ekspanderande dansemiljø, vi har ikkje minst Tou scene, som har klart å få imponerande mye ut av svært lite midlar.

Så du trur heller ikkje ei satsing på konserthus vil gå utover dei uetablerte?

-Tvert imot. Det eksisterande konserthuset skal jo for eksempel bli ein "scene frivillig". Eg registerer at det er kulturarbeidarar som motarbeider konserthusplanane. Det er eit paradoks.

Konserthuset skal ha to salar, der den eine er tiltenkt Symfoniorkesteret sitt behov. I den offentlege debatten blir den andre salen nærmast utelatt, kva trur du det skuldast?

- Eg trur vi har ei opplysningsoppgåve å gjera. Det skal bli eit multihus dette, og eit landemerke for Stavanger. Om den eine salen skal vera eigna for orkestermusikk, er det like viktig at den andre skal vera totalt ueigna. Men å nyansera norsk kulturdebatt, det er nok ei stor oppgåve for mange…

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no