Konsert med Knut Buen

Seljord spelemannslag, Seljord og Kviteseid Leikarring og Kivlemøyan opnar friskt på nyåret med å arrangere konsert i samarbeid med Telemarkkonsertar. Fyrstkomande laurdag kan ein høyre Knut Buen spela slåttar etter og fortelja om Seljord-spelemennene Øystein Olavson Langedrag (1785-1848) og Leiv Øysteinson Sandsdalen (1825-1896), fortel ei pressemelding frå festivalleiinga.

Knut Buen

Desse to spelemennene har kanskje kome i skuggen av Myllarguten og Fykeruden. Men Langedrag- og Sandsdalsslåttar er faktisk ofte å høyre på kappleikar. Øystein O. Langedrag er "kjelda" til ein av dei mest kjende bruremarsjane i landet "Bruremarsj frå Seljord".

"Kven skulle tru at marsjen truleg kjem frå Gotland? Marsjen kan ein høyre på konserten når Seljord juniorspelemannslag, Seljord spelemannslag og Knut Buen spelar slåtten saman.
Det blir ein spennande konsert laurdagskvelden på Granvin kulturhus i Seljord", lovar festivalleiinga.

For Knut Buen kan ein så godt seie at "sogene og slåttane går hand i hand". Han har stor interesse for å fortelja innimellom slåttane som han kan så mange av. Forteljekunsten har heile tida vore ein naturleg og sentral del av formidlinga til Knut Buen.

Etter konserten spelar ingen ringare enn setesdølen Vidar Lande og Seljord spelemannslag opp. Dei byter på dansespelinga og gjev sjansen til å friske opp springar, gangar, reinlender og vals. Vidar Lande, filosof og spelemann, spelar nesten kva det måtte vere av bygdedans.

"De bør ikkje gå glipp av denne sjansen til å få danse springar og gangar", oppmodar arrangørane som ynskjer alle hjarteleg velkomne til Granvin denne laurdagskvelden, til "ein flott konsert og god dansetrim etterpå!"

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no