Professor til Høgskulen i Telemark

Frå komande haust kan høgskuleavdelinga på Rauland i Telemark invitere til hovudfagsstudium i folkekultur, og det er spelemannen og filosofen Vidar Lande som blir den første professor i Øvre Telemark og den første som er utøvar på hardingfele, meldar Kvinten.

Vidar Lande

Av Tore Skaug, Kvinten

Lande (53) er født i Arendal og har universitetsutdanning både frå Noreg og Canada, der han mellom anna henta seg ein doktorgrad i filosofi. Han er busett på Romerike der han har undervist i den vidaregåande skulen og ved Ullersmo landsfengsel. Dei siste åra har han også vore knytta til Høgskulen i Telemark og hatt undervisningsroppgåver både på Rauland og i Bø.

Som utøvande spelemann på hardingfele har han bakgrunn i Setesdals- og Agder-musikken, men har med åra tileigna seg kunnskap og dugleik innan det meste av norsk folkemusikk. Han har vore med på fleire plateprosjekt, gitt ut bøker og skrive ei rad artiklar med emne frå norsk folkemusikk, blant anna i Årbok for norsk folkemusikk.

- Når Høgskulen i Telemark vurderer meg som aktuell for dette professoratet i folkekultur, er det av di eg i tillegg til den akademiske bakgrunnen min også er utøvar på eit visst nivå, seier Lande som ser fram til å ta fatt med master-studentar i folkekultur øvst i Telemark og som tek til i stillinga 1. mars.

Med Vidar Lande på plass som professor og frå hausten 12 hovudfagsstudentar har høgskuleavdelinga på Rauland nådd eit lenge etterlengta mål, seier instituttleiar Bodil Akselvoll. Ho ser Lande som svært godt kvalifisert. Det er ikkje mange som stiller så sterkt på den utøvande sida, legg ho til.

For avdelinga på Rauland og for studentmiljøet er det svært viktig at ein opnar for eit masterstudium. Då kan ein få eit 5-års studium i fjellbygda ved Totak, og dei som satsar på det, kan også skaffe seg forskarkompetanse. Skulle det på noko tidspunkt vore tvil om høgskulestudiet på Rauland var eksistensberettiga, er all tvil med dette feid til side.

- Og så blir det spennande å sjå kva studentane vil arbeide med, seier Bodil Akselvoll som har 11 studieplassar å by på, ettersom ein studieplass alt er fylt av ein kvotesøkjar, ein ungarsk spelemann.

Denne artikkelen kjem i bearbeidd utgåve i den nyaste utgåva av Kvinten, meldingsbladet til Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no