Rosendal Musikkfestival feirar 25-års jubileum

Palle Mikkelborg, Terje Rypdal, Jan Eggum, Bertine Zetlitz, Povl Dissing, Juni Dahr, Iver Kleive og Knut Reiersrud er nokre av namna Rosendal Musikkfestival lokkar med, når dei no skal feire sitt 25-årsjublieum. Dronning Sonja har takka ja til å koma på den stjernespekka opningskonserten 29. mai.

Jan Eggum

Rosendal Musikkfestival feirar i dagane torsdag 29. mai til søndag 1. juni 2003 sitt 25-års jubileum.

- Det er ei svært stor ære for festivalen at Hennar Majestet Dronning Sonja har takka ja til å koma til opningskonserten, skriv arrangørane i ei pressemelding. - Vi er heilt sikre på at både Dronninga og publikum vil få ei stor musikalsk oppleving når sjølvaste Palle Mikkelborg, Terje Rypdal og Helen Davies inntek scena i Rosendal Samfunnshus. Mikkelborg og Rypdal har i ei årrekkje tilhøyrt gigantane i nordisk musikkliv, og få kan vel uttrykka vakre stemningar som desse to. Same dagen vert det opning av kunstutstilling med ein av Dronninga sine favorittar, Kjell Nupen, med kunstnaren sjølv til stades.

Fredag 30. mai vert det akustisk konsert med Jan Eggum saman med forfattaren og humoristen Stig Holmås. I tillegg får Rosendal Musikkfestival besøk av suksessrevyen "...men tankene mine får du ALLTID!" med Hilde Lyrån, Kjersti Elvik og Lisa Tønne.Elles vert det festivalkro med det lokale countrybandet Renate Haugs Band, og nattdans med Greenland Whalefishers, som er inspirert av irsk folkemusikk. Det blir også opning av kunstutstilling med Sigrid Øyrehagen, som sjølv vil vera til stades. På ettermiddagen vert det laga til fest for barna med opptok og leiker i Skålagato.

Neste dag byr på konsert med Bertine Zetlitz med band. Gruppa Heimalanne’ vil spela både under den tradisjonelle folkefesten i Skålagato, gratiskonserten på Gjestgiveriet og festivalkroa om kvelden. Nattdans vert det med Mambo Companeros, og under folkefesten på føremiddagen vil det i tillegg til musikk bli gratis frukost og ei klovneforestilling med Bergen Byspill, gateparade og ablegøyer.

Avslutningsdagen vert det urpremiere på eit spennande prosjekt om Olav H. Hauge av og med Juni Dahr & Rolf Erik Nystrøm (saksofon).

- Siste konsert for i år vert med ingen ringare enn Povl Dissing, Iver Kleive og Knut Reiersrud. Vi reknar med fullt hus i kyrkja. Iver og Knut har vitja festivalen ved fleire høver tidlegare, medan det vert første turen for den danske songaren Dissing.

Billettsalet opnar måndag 14. april hjå KS Bank i Rosendal. Du kan lese meir på Rosendal Musikkfestivals eiga heimeside.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no