- MEN underslår halve historia

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjons-CDar med norsk musikk. Framlegget til nye CDar vart kjend i går, og Inger Dirdal i MEN seier seg strålande nøgd. Kor vellukka er dette sett ifrå tradisjonsmusikken sin ståstad? - Med all respekt for arrangert folkemusikk, synest eg dette blir som å sende Bobbysocks til utlandet for å promotere Kaizers Orchestra, skriv Frode Rolandsgard fra plateselskapet Ta:lik i denne kommentaren. - MEN lagar ei plate som underslår halve historia, der det utanlandske publikumet i liten grad får koma på innsida av norsk folkemusikk.

Jan Beitohaugen Granli

Av Frode Rolandsgard, plateselskapet Ta:lik

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjonsCD-ar med norsk musikk. Framlegget til nye CD-ar vart kjend i går, og Inger Dirdal i MEN seier seg strålande nøgd. Kor vellukka er dette sett ifrå tradisjonsmusikken sin ståstad?

Plateselskapet Ta:lik, som eg representerer i denne samanhangen, arbeider hovudsakleg med dei smalaste av dei allereie smale folkemusikkutgjevingane, altså solomusikken. Det som er særskild for Noreg er nettopp at folkemusikken i stor grad er ein solotradisjon, med dei følgja det har for nyansar og uttrykk.

Som eit selskap som vil ta dette spesielle på alvor, hadde vi eit sterkt ønskje om å vise dette fram for utlandet, men vart refusert.

Vedkomande soloplate med Jan Beitohaugen Granli er nettopp nominert til Spelemannsprisen, inneheld ein nyskapande CD-ROM musikkvideo som toppa kortfilmfestivalen Zoomin, og den unge utøvaren vann Landskappleiken i 2002. Få har tvilt på plata som produkt, men kanskje nokon tvilar på den tradisjonelle folkemusikken? Er det kanskje enklare for MEN å "selje" samspel og opprocka folkemusikk i utlandet?

Inger Dirdal i MEN seier at det er juryen som avgjer utvalet. Greit, eg har faktisk forståing for at mange synest tradisjonell folkemusikk er vanskeleg, men bør ikkje MEN som kulturinstitusjon ta bevisste styringsval om å også arbeide for denne musikken, og slik lage kriterier som gjer at fleire stilartar blir representert? Eller er tanken at om berre dei eksperimenterande folkemusikarane blir kjende nok, vil resultatet bli auka interesse for solomusikken?

Med all respekt for arrangert folkemusikk, synest eg isåfall dette blir som å sende Bobbysocks til utlandet for å promotere Kaizers. Kan det ikkje tenkjast at eit meir samansett bilete av tradisjonsmusikken i Noreg faktisk ville vera positiv for interessa på dei fagmessene som er hovudmålgruppa for produksjonen?

Sist ei slik presentasjonsplate med folkemusikk vart laga, den gongen av Norsk folkemusikkformidling, inneheldt plata ei blanding der om lag det halve var tradisjonell (solo) folkemusikk, og det halve arrangert/ nyskapande folkemusikk (samspel). Den nye plata inneheld til samanlikning berre eit tradisjonelt soloinnslag. Resultatet er at MEN lagar ei plate som underslår halve historia, der det utanlandske publikumet i liten grad får koma på innsida av norsk folkemusikk, og i liten grad får møte det som faktisk er spesielt.

(Ja, dette er sjølvsagt sutring over at plata vår ikkje fikk bli med, men saka er også prinsippiell, så eg vonar på ein prinsippiell diskusjon)

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no