Ei musikalsk bru mellom Noreg og Kina

Sist vinter møtte kvedaren Unni Løvlid Dong-musikken i landsbyen Tang'An i Kina. Her traff ho unge tradisjonsbærarar frå ein sterk minoritetskultur. Fire av dei vart inviterte til Norge, og no kjem dei til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, der dei mellom anna skal spele saman med Løvlid, Frode Haltli og Terje Isungset.

Unni Løvlid på Balladefest 2004

Songarane Wu Chuan Ping, Lu Yingmei og Pan Xin Zhi, og Wu Anhua Dongliang som speler Dongpipa, oksebeinsfele, Dongfløyte og instrumentet lusheng, kjem alle frå Liping fylke i Guizhou-provinsen i Kina.

Dong-folket har sitt eige språk, og hadde ikkje skriftspråk før i 1958. Historia, segner og forteljingar har vore fortalde gjennom songen. Slik nyttast songen den dag i dag, og du får høyre songar om arbeidet på åkrane, for å by på vin til gjestar, for å vise kjærleik og for å få borna til å sove.

På Førde Internasjonale folkemusikkfestival får du høyre desse fire musikarane åleine og i samspel med Unni Løvlid, akkordeonisten Frode Haltli og perkusjonisten Terje Isungset. I den kinesiske delen av konserten vil vi få høyre Dong-musikk som har røter i dagleglivet i landsbyane Dimen, Gaotun, Ti Tang og Tang An.

Dei fire musikarane er født og oppvakse i fire forskjellige Dong-landsbyar. Som unge dyktige utøvarar har dei eit stort felles repertoar av Dong-musikk, i tillegg til musikalsk materiale frå kvar sin landsby. Alle fire har fått høve til å utvikle seg som musikarar gjennom eit økomuseumsprosjekt i landsbyen Tang’An, der musikken gjennomsyrer kvardagen. Prosjektet står for innsamling, dokumentasjonsarbeid, praktisering og formidling av Dong-musikken. Dei fire er sterke personlegheiter som utfyller kvarandre både scenisk og musikalsk.

Unni Løvlid frå Hornindal i Sogn og Fjordane er ein av våre fremste unge utøvarar i vokal folkemusikk. Unni har gått i lære hjå fleire kjelder heime i Hornindal, mellom anna Marta Seljeset Frøland. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og er no frilansmusikar. Ho underviser blant anna ved Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole. I tillegg til å være soloutøvar, er ho med i ensembla Rusk og Fjøgl.

Løvlid har sjølv plukka ut dei norske musikarane som skal spele saman med dei kinesiske utøvarane. Frå sin eigen trio Rusk har ho henta Frode Haltli, trekkspelkomet som liker seg både i folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. I tillegg til Haltli kjem Terje Isungset med sine heimelaga instrument av tre, stein, metall og is.

”Møte på ei bru” er ein del av eit økomuseumsprosjekt der Riksantikvaren samarbeider med Guizhou-provinsen. Hovudmålet er å integrere natur- og kulturarven i sjølvforståinga til minoritetsgrupper, i denne samanheng Dong-folket. Rikskonsertane, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Utanriksdepartementet er òg med i samarbeidet.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no