- Kor er kvalitetssikringa, John Persen?

John Persens brev til Ultimas medlemsorganisasjoner har vakt betydelig oppsikt, og har også avstedkommet mye debatt. Her har Janne S. Dahl og Nicholas H. Møllerhaug, henholdsvis daglig leder i PNEK og kunstnerisk leder for Borealis-festivalen, blitt fristet til å gripe til pennen. De mener at John Persens utspill mangler den kvalitetssikringen han selv etterlyser fra Ultimas side, men utrykker også håp om at den videre debatten om Ultima og BIT20 "blir gjennomførd på ein måte som er verdig for alle partar".

John Persen

Av Janne Stang Dahl og Nicholas H. Møllerhaug

Eit langt brev stila frå Jon Persen blei i går felleslesnad på Ballade.no. Persen går rett på sak. Han skriv direkte som berre det om kvaliteten som er Ultima sitt varemerke. Han meiner nivået er under all form for kritikk. Difor tek han opp eit sentralt omgrep som kvalitetssikring. Det er rart at han gjer det - sidan det diverre er så altfor tydeleg at kvalitetssikringa ikkje førekjem i dette brevet Persen sjølv har skrive.

Brevet byrjer nemleg med to opne førsteavsnitt som vitnar om at brevet vil omhandle festivalen generelt. Det viser seg å ikkje stemme. Raskt hoppar Jon Persen inn i ein diskurs som inneheld liten kvalitet. Me meiner dette fordi om han analytisk hadde gått til verks hadde formen og retorikken blitt ein heilt annan. Me meiner det diverre er langt frå eit konstruktivt patos som regjerar i dette brevet. Det patoset som Persen skaper sentralverk i norsk musikkliv med - kor er det?  Er det noko norsk samtidsmusikk ikkje treng meir - så er det illsinte og unyanserte utbrot av denne karakteren Persen stønnar ut. Han kallar seg den normale konsertgjengar - men han er den forbanna konsertgjengar.

Viss Persen hadde kvalitetssikra sin eige utrop hadde han også kvalitetssikra ein viktig debatt om mange hattar, styreverv og anna om
makt i musikk-Noreg. Denne diskusjonen er nemleg ein viktig del av det offentlege kunst-Noreg: å stadig spør ope og kritisk kva prosessar, handlingar og posisjoneringar som ligg bak kunstproduksjonen. I staden er det eit dårleg skjult raseri som kjem på trykk her. John Persen er ein viktig aktør i samtidsmusikkfeltet - som skapande kunstnar med sterk kulturpolitisk stemme. Difor blir me overraska over at han no hamrar laus i alskens retningar.

 Viss Persen verkeleg meiner Ultima på mange punkt bør bli betre meiner me at han burde tenkt på kva nivå diskursen skulle ha vore på. Viss ein derimot - som i dette brevet - driv direkte ryktespreiing og spekulasjon gjer han Ultima ogsamtidsmusikken ei bjørneteneste. Setningar som 'så langt jeg kjenner til', 'etter mine kunnskaper', 'såvidt meg bekjent', 'mitt inntrykk er' gjer lite for å belyse diverre. Slike antakingar av så alvorleg art øydelegg kanskje meir enn dei skapar. Me stiller oss sterkt undrande til kva miljø Persen presenterar når han ikkje kan ta dette opp direkte og sakleg. Joda ein har ytringsfridom men ein har også noko som heiter kvalitetssikring - har ein ikkje? Er det ikkje på tide ein ser det symptomatiske i eit brev som Persen sitt? Er det ikkje symptomatisk for samtidsmusikk-Noreg at den sunne diskusjonen og den gjennomarbeidde analysen er totalt fråverande?

 Problemet er at også bodskapen til Persen blir borte. Den såkalla 'sakens kjerne' druknar diverre i subjektiv retorikk og ryktespreiing. Sakens kjerne - om kva Johnsen og Henrichsen har av hattar, glir rett inn i ein vidare habilitetsdiskusjon som må flaggast i hele kulturfeltet. Her får ein kryssa fingrar for at Ultima-leiinga saman med styret i Ultima ope og ærleg hevar diskusjonsnivået i den følgjande debatten. Det er viktig å kontinuerleg diskutere Ultima og andre events i samtidsmusikk-kalenderen. Det gjer at ein ikkje stagnerar.

 Dei fleiste som arbeidar i kunstmusikkfeltet - anten ein er skapande, produserande, utøvande eller formidlande - arbeider for noko me brenn for. Ideelt vil det seie at det dreier seg om å få fram det beste, mest interessante og umogleg moglege på ein gong. Eit slikt arbeide krev at ein held seg oppdatert og orientert innan feltet. Ein sankar informasjon, ein byggjer nettverk, ein lytter til dei erfarne og ein tek sjansar med dei uerfarne, ein gjev tillit, ein opnar opp for nye forsøk og utvegar, ein omorganiserer og ikke minst: ein lukkast og mislukkast om einannan.

Jon Persen har difor lukkast med ein ting: Å opne for ein vidare diskusjon om dei mange utfordringane Ultima står over for. Me vonar difor debatten om Ultima og BIT20 (som også har fleire referansepunkt til Borealisfestivalen i Bergen),den eventuelt sjuande faren, dei åtte hattane og provinsen Oslo blir gjennomførd på ein måte som er verdig for alle partar. Då er kvalitetssikring av debatten viktig - like viktig som kvalitetssikring i Ultima. Er det ikkje då betre å kutta eit begrep som kvalitetssikring og heller åpent diskutera kva dimensjonar som kan skape ein god festival?

 
Janne Stang Dahl, dagleg leiar, PNEK

Nicholas H. Møllerhaug, kunstnarisk leiar, Borealis

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no