Stort Kina-fokus på norsk folkemusikk

Unni Løvlid, Terje Isungset og Frode Haltli vil 30. juni opptre direkte, i beste sendetid på CCTV, Kinas statlege TV-kanal. - Her i Kina har de tre musikerne gjort meget sterkt inntrykk på alle som har hørt dem, sier Ola Breidal, som er kulturattaché ved den norske ambassade i Beijing. - Programmet 30. juni sendes lørdag kveld i beste sendetid, og når ut til over en milliard kinesere. - Dette må vera ny publikumsrekord for norsk folkemusikk, seier Landslaget for Spelemenn.

Fra Dong-provinsen (Foto: Riksantikvaren.no)

Unni Løvlid, Terje Isungset og Frode Haltli er akkurat tilbake frå ein turne i Kina med prosjektet "Meeting on a Bridge", eller ”Møte på ei bru”.

Rikskonsertane og Riksantikvaren henta i fjor sommar musikarar frå minoritetskulturen Dong i Kina til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival for å spele med dei tre profilerte norske musikarane med bakgrunn i improvisasjon, samtidsmusikk og folkemusikk.

Publikum på Førde fekk høyre kvardagssongar frå to kulturar, Dong-musikk frå Kina og folkemusikk frå Hornindal i Norge side om side. Det blei karakterisert som eit sterkt menneskeleg og musikalsk møte, og var ein del av eit økomuseumsprosjekt der Riksantikvaren samarbeida med Guizhou-provinsen.

Hovudmålet er å integrere natur- og kulturarven i sjølvforståinga til minoritetsgrupper, i denne samanheng Dong-folket. Dong-folket har sitt eige språk, men hadde ikkje skriftspråk før i 1958. Historia, segner og forteljingar har vore fortalde gjennom songen.

Rikskonsertane henta i fjor sommar musikarar frå minoritetskulturen Dong i Kina til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival for å spele med profilerte norske musikarar innan improvisasjon, samtidsmusikk og folkemusikk. Publikum fekk høyre kvardagssongar frå to kulturar, Dong-musikk frå Kina og folkemusikk frå Hornindal i Norge side om side. Det blei eit sterkt menneskeleg og musikalsk møte.

- Dette er eit av dei sterkaste prosjekta eg har vore med på hittil, seier Unni Løvlid. ”Det å menneskeleg og musikalsk få lov å kome nær musikarar frå ein så annleis, men samstundes lik kultur, har vore sterkt. Eg gledar meg til å oppleve korleis prosjektet utviklar seg vidare, og til alle framtidige møte og konsertar enten dei er i Kina, Norge eller andre stader i verda.

Musikkprosjektet er ein del av eit økomuseumsprosjekt der Riksantikvaren samarbeider med Guizhou-provinsen. Hovudmålet for dette prosjektet er å integrere natur- og kulturarven i sjølvforståinga til minoritetsgrupper, blant anna Dong-folket. Alle dei fire kinesiske musikarane har fått høve til å utvikle seg som musikarar gjennom økomuseumsprosjektet i landsbyen Tang’An, der musikken gjennomsyrer kvardagen. Prosjektet står for innsamling, dokumentasjonsarbeid, praktisering og formidling av Dong-musikken.

Dei kinesiske og norske musikarane gjorde konsertar i provinshovedstaden Guiyang og i Dong-landsbyen Tang’A, men og i Beijing med konsertar på Central Academy of Music, Jin Fan Concert Hall ved den forbudte by og på Den norske ambassaden.

- Musikken i Kina er land i rivende utvikling, også innen musikksjangere som pop og rock, fortel Tom Gravlie som nettopp har kommet tilbake fra Kina til Rikskonsertene.

- Her i Kina har de norske folkemusikerne gjort meget sterkt inntrykk på alle som har hørt dem, deriblant kinesisk media, sier Ola Breidal, som er kulturattaché ved den norske ambassade i Beijing.

- Kinas statlige TV kanal CCTV har invitert dem tilbake til Kina allerede i slutten av juni for å spille live på CCTVs reiseprogram "Zheng Da Zong Yi”, som skal ha en spesialsending i forbindelse med programmets 15-årsjubileum. Programmet sendes lørdag kveld i beste sendetid, og når ut til over en milliard kinesere, forteller Breidal.

Frå Guizhou i Kina opptrer Wu Chuan Ping (vokal), Lu Yingmei (vokal), Pan Xin Zhi (vokal) , Wu Anhua Dongliang (Dong-pipa, oksebeinsfele, Dong-fløyte, lusheng). Frå Noreg kjem Unni Løvlid (vokal), Frode Haltli (akkordeon) og Terje Isungset (perkusjon). Det planleggast óg ein turne i Norge, i oktober/november 2005.

Konserten er i samarbeid med ambassaden i Beijing, generalkonsulatet i Shanghai, CCTV og Innovasjon Norge.

I ein kommentar på nettsida folkemusikk.no skriv Landslaget for Spelemenn med kjensle for understatement: :

- Med over ein milliard potensielle tilhøyrarar, trur vi dette må vera ny publikumsrekord for norsk folkemusikk.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no