Fartein Valen-prisen til Weydahl og Smebye

Juryen for Fartein Valen-prisen har i år vald å dele denne mellom dei to musikarane Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye. Begge to har i mange år gjort ein stor innsats for samtidsmusikk generelt, og Fartein Valen sin musikk spesielt. Valen-prisen kan både delast ut til ein som på ein fortenestefull måte har styrka omdømmet til Fartein Valens musikk, og ellers vist engasjement, produktivitet og kvalitet innan samtidsmusikkområdet.

Fartein Valen-litografi av Aarrestad, 2004

Fartein Valen-prisen kan delast ut til ein som på ein fortenestefull måte har teke del i arbeidet med å styrka omdømmet til Fartein Valens musikk. Eit anna grunnlag er engasjement, produktivitet og kvalitet innan samtidsmusikkområdet.

Prisen går til musikarar, songarar eller andre innan musikkfeltet som er ferdig med si utdanning og som står i ein profesjonell, utøvande karriere. Prisen er på kr 80.000 og vert finansiert av Sveio kommune, Haugesund kommune og Haugaland kraft.

Tidlegare prisvinnarar er Ole Bøhn (2002) og Arve Tellefsen (2004)

Juryen for Fartein Valen-prisen, som består av Erling Dahl jr., Einar Steen Nøkleberg, Ole Jørgen Furdal, har i år vald å dele prisen mellom dei to musikarane Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye.

- Begge to har i mange år gjort ein stor innsats for samtidsmusikk generelt og Fartein Valen sin musikk spesielt, seier Ole Jørgen Furdal.

- Hanna-Marie Weydahl har hatt eit spesielt tilhøve til Valen sin musikk gjennom heile livet, og har formidla musikken hans gjennom konsertar, foredrag, radio- og TV og plateinnspelingar. Det er veldig mange som har fått både ei ny forståing og ei ny oppleving av denne komponisten gjennom hennar innsats.

Om Einar Henning Smebye seier juryen:

- Einar Henning Smebye gledde denne våren mange musikk-interesserte med ein dobbel CD som inneheldt pianomusikken til Fartein Valen. Tolkinga er eit resultat av ei stor musikargjerning der Fartein Valen har hatt ein sjølvsagt plass. Samtids-musikken har og heile tida hatt ein integrert del av hans repertoar.

Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye vert invitert til Fartein Valen-festivalen 2006, der prisoverrekkinga vert gjort i Fartein Valen-heimen søndag 23.april. Festivalen feirar i 2006 sitt 25-års jubileum.

Du kan lese meir om Fartein Valen-festivalen på denne lenka, eller i artikkellenkane nedst på denne sida.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no