Ny riksscene for folkemusikk trenger driftsgaranti

I disse dager gjennomfører den nye kulturkomiteen på Stortinget høringer med en rekke nasjonale organisasjoner for kulturbudsjettet for 2006. Så langt har kulturminister Trond Giske foreslått en bevilgning på 1.5 millioner til en ny riksscene for folkemusikk. Den foreslåtte bevilgningen er imidlertid ikke i nærheten av hva som trengs for å sikre den framtidige driften. Før prosjektorganisasjonen kan inngå leiekontrakt for de aktuelle lokalene i Kulturkvartalet Schous i Oslo haster det med å stille en garanti for årlig husleie på minst 5 mill. kroner fra 2008. Folkemusikkbladet Kvinten har hentet inn fem kommentarer fra ulike musikere som sokner til sjangeren - for å høre hvilke tanker de gjør seg om en ny riksscene for folkemusikk. Ballade har fått lov til å bringe videre disse kommentarene.

Eli Storbekken (Foto: Christiana Krüger)

Av Eva Undheim

Kva er stemninga blant utøvarar kring i landet? I forkant av regjeringa sin presentasjon av sitt tilleggsforslag til statsbudsjett 2006, spurte Kvinten fem markante folkemusikarar om deira forventingar til ein slik ny institusjon, og kvar dei syns denne bør liggja - og fått svar.

Eli Storbekken:

-Eg har ikkje følgt med så mykje i planlegginga, men eg har fått med meg at det er snakk om å leggja riksscenen til hovudstaden. Det syns eg er bra, for det er dårlege kår for folkemusikarar i Oslo i dag. Vi har ingen fast tilhaldsstad her, og dei lokala som finst å leige er ofte svært dyre. Difor må framsyningar ofte flytta rundt frå stad til stad.

Så du er samd med folkemusikk-organisasjonane i at scenen bør liggja i Oslo?

- Ja, det er det mest naturlege. Dessutan er det mange folkemusikarar som bur her. Sjølvsagt kunne riksscenen lege andre stader også, men det ville blitt feil for nokon same kva.

Er det andre ting du som utøvar saknar i dag, som ein riksscene vil kunna oppfylla?

- Ja, eg saknar ein stad der ein kan få hjelp med det administrative. Ein serviceinstans og ein stad ein kunne snakka med andre, ville vore til stor hjelp.

Alf Tveit:

- Målet må vera å auka interessa for norsk folkemusikk, blant både utøvarar og publikum. Det er altfor lite satsing på folkemusikken i dag. Eg trur at ein riksscene vil kunna marknadsføra folkemusikken betre, og gjera denne delen av kulturlivet meir synleg. Dess større og meir profesjonell organisasjon ein har, dess meir vert ein lagt merke til i samfunnet.

Er du samd med dei som meiner scenen bør liggja i Oslo?

- Scenen kan godt liggja andre stader også, men hovudstaden er vel det enklaste, ja. Mykje av folkemusikkmiljøet er samla i Oslo, og der er ein også nærare media.

Hallgrim Hansegård:

Kva ønskjer du deg av ein eventuell riksscene?

- Betre tilgang på øvingsrom og produksjonslokale. I dag trener eg heime, og går elles på hallinggruppe, jazzballett og capoeira for å få dansa. Men eg saknar ein stad å trena og utvikla idear saman med andre som driv med det same. Eg skulle også ønskje at det vart lagt betre til rette for produksjon og filminnspelingar. Folkemusikken og folkedansen ville vore tent med det. I dag må ein leige lokale og utstyr på privat basis, og det skal litt til før det løner seg. Det gjer terskelen for produksjon altfor høg.

Syns du riksscenen bør liggja i Oslo?

- Eg syns i alle fall at han bør liggja i ein stor by, der det er mange utøvarar. Og helst i ein studentby, for det er som student ein treng mest hjelp til å skaffa seg kontaktar innan miljøet samt tilgang på lokale og produksjonsstøtte.

Benedicthe Maurseth:

Treng vi ein riksscene for folkemusikk og dans i Noreg?

- Ja. Vi treng eit knutepunkt for kommunikasjon mellom utøvarar, publikum, management og media. Og vi utøvarar treng ein plass å møtast og læra av kvarandre, utanom festivalar og konsertar.

Kva ønskjer du som utøvar deg av ein riksscene?

- Eg ønskjer meg hjelp til å marknadsføra det eg driv med, både i inn- og utland. Det ville vore fint med innspel på korleis ein bør gå fram i ulike samanhengar. Og eg er nok ikkje åleine om å trenga det. Det kjem mykje bra ut frå ulike plateselskap som berre forsvinne i mørkret, utan at ein får høyra om produktet ei gong. Vi har mykje å lære både om marknadsføring og bruk av sponsormidlar.

Kvar meiner du riksscenen bør liggja?

- Eg syns det er naturleg om scenen vert lagt til hovudstaden der fleire andre organisasjonar og musikkinstitusjonar held hus. Der er ein òg nærare pressa.

Andreas Bjørkås:

Syns du vi treng vi ein riksscene?

- Absolutt. I dag manglar vi eit samlingspunkt for utøvarar, og lokale der det er lagt til rette for øving, konsertar og samarbeid. Ein riksscene ville endra på det. Samstundes ville ein fast institusjon truleg gjera det lettare å annonsera for ulike framsyningar, og kanskje få ein plass i kulturkalenderen i VG og Dagbladet til dømes, slik som operaen, filharmonien og teateret har i dag. Det ville ha styrka den profesjonelle delen av folkemusikken.

Er det noko særskild du som utøvar saknar i dag når du jobbar med prosjekt du skal ha ut på vegen?

- Ja, eg skulle gjerne hatt hjelp med organisering og annonsering. I dag må ein ordna alt sjølv, og det krev mykje tid samt ein kompetanse det ikkje er så lett å tileigna seg over natta. Styrken min ligg i musikken, og eg er ikkje alltid like flink til å promotera meg sjølv. Men eg ser at dette er ein stor del av spelet, og skulle gjerne hatt litt hjelp til å gjera det betre.

Kvar syns du riksscenen bør liggja?

- Eg er samd med dei som meiner han bør liggja i hovudstaden. Her ligg fleire utdannings- og kulturinstitusjonar som det ville vera naturleg at riksscenen samarbeida med.

Teksten er tidligere trykket i Kvinten og på folkogdans.no, og bringes her videre med velvillig tillatelse

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no