Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris måndag

Norsk kulturråds ærespris for 2005 går som kjend til folkemusikaren Agnes Buen Garnås. Sjølve utdelinga finner stad i Oslo konserthus, Lille sal, måndag 12. desember kl 20. Under overrekkinga medverkar skodespelaren Anne Marit Jacobsen, kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og felespelaren Per Anders Buen Garnås. Leiar i Norsk kulturråd, Vigdis Moe Skarstein, deler ut prisen.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Agnes Buen Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.

Agnes Buen Garnås har i alt vunne Landskappleiken seks gonger og har medverka på meir enn tjue plateinnspelingar. Dei dekkjer eit stort kunstnarleg spenn: frå tradisjonell solokveding og gruppesong over til meir eksperimentelle og sjangerovergripande musikkformer.

Garnås har vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss i 15 år og undervist konservatorie- og universitetsstudentar, samstundes som ho har halde talrike kurs i regi av folkemusikkorganisasjonane. Ho har drive utstrakt konsertverksemd i inn- og utland og samarbeidt med musikarar innanfor eit breidt spekter av musikksjangrar.

Agnes Buen Garnås vaks opp med folkemusikk og folkesong i heimen, og byrja tidleg å kvede. Ho har sjølv vore sentral i arbeidet med folkemusikk for born og unge. Gjennom innspelingar, arbeid i skulen, turnering med Rikskonsertane og tverrkunstnarleg samarbeid har ho formidla vidare folkemusikktradisjonane til dei minste.

- Agnes Buen Garnås er framfor alt kjenneteikna av eit stort personleg engasjement og kjærleik til det stoffet ho formidlar og ei sterk interesse for dei mange ho møter, skreiv Norsk kulturråd i si grunngjeving av Æresprisen tidligare i haust.

Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort ein vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 300 000 kroner. Agnes Buen Garnås vil òg motta ei bronseløve av Elena Engelsen.

Norsk kulturråd har sidan 1968 delt ut sin årlege ærespris. Lista over prisvinnerane inneheld ei rekkje kjende namn frå norsk kulturliv, mellom anna Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark og Edith Roger.

Æresprisen gjekk i fjor til jazzmusikaren Jan Garbarek.

Agnes Buen Garnås skreiv i Ballade i sommar artikkelen "Turistar i eige landskap samlar sumarminne", der ho mellom anna tok opp vernet til utøverane i samband med konsert- og festivalopptak.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no