Borealisfestivalen ankar Kulturrådets avgjerd

Borealisfestivalen i Bergen ankar no avgjerda om å kutte festivalløyvinga for Borealis med meir enn 50 %, frå 850 000 til 400 000,- og har sendt anke til Kulturrådet innan klagefristen. - Me har fått granska saka nøye - og me meinerat vedtaket er i strid med Kulturrådets eigen strategi for Borealis som Kulturrådet tok iniativet til i 2002, seiar kunstnarisk leiar Nicholas H. Møllerhaug i ein kommentar.

Borealislogo

Av Arvid Skancke-Knutsen

Styret og kunstnarisk leiar i Borealis stiller seg uforståande til kutten i løyving. Denne kom utan forvarsel - mindre enn tre månadar før festivalstart. Årets festival finn stad 9. til 16. mars, og byr mellom anna på møter med Klangforum Wien - eit av verdas beste samtidsensemble.

Festivalen har i år eit sæskild fokus på austerrikaren Friedrich Haas, som for tida skriv opera om Tysværmålaren Lars Hertervig, basert på ein heilt ny libretto av Jon Fosse. Dette er den første librettoen Fosse har skrive nokon sinne. Operaen er bestilt av eit av Europa sine fremste operahus- Opera de Paris.

I tillegg kjem Kairoskvartetten frå Berlin, som har fått prisar for sine Haas-utgjevingar. Av norske utøvare under Boralisfestivalen 2006 finn me mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Forsvarets divisjonsmusikk Vestlandet, BIT20 Ensemblet og fiolinisten Lars Erik ter Jung.

- Kutten frå Kulturrådet kjem på eit tidspunkt då samtlege artistane på programmet allereie er klåre. Programmet skulle blitt lansert 9. januar. Naturlegvis rammar ein slik dramatisk kutt planane våre, skriv Møllerhaug og Borealis-styret i si klage til Kulturrådet.

- Me har oppfyld alle vilkår Kulturrådet har stild, og kan vise til ein svært vellukka festival i 2005 trass berre 3 månadars førebuingstid. Me stiller oss difor undrande til kva kulturrådet vil oppnå med å kutte stønaden - mindre enn tre månadar før
festivalstart.

I følge klaga vil ”konsekvensane bli omfattande og langvarige- og vil særleg gå utover dei lokale ognasjonale festivalaktørane”.

- Det syns me er synd. Dei utanlandske aktørane har me for lengst gjort avtalar for å sikre at dei kjem, fortel Møllerhaug, og konkluderar:

- Ved å kutte løvyinga vår bryt Kulturrådet med sin eigen strategi for ein samtidsmusikkfestival i Bergen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no