Ragnhild Hemsing får Øyvind Bergs minnepris

Øyvind Berghs minnepris er på 25.000 kroner, og tildeles unge lovende fiolinister. Årets vinner er 18 år gamle Ragnhild Hemsing fra Valdres.

Ragnhild Hemsing

Fiolinist og hardingfelespelar Ragnhild Hemsing er tildelt Øyvind Berghs minnepris. Prisen går til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn i folkemusikken. Det er styret i Landslaget for spelemenn saman med representantar frå familien Bergh og Peer Gynt AS som avgjer kven som får prisen på 25.000 kroner.

Ragnhild Hemsing er født i 1988, og er frå Aurdal i Valdres. Dei siste fire-fem åra har ho vore elev av Stephan Barratt-Due ved Barratt-Due Musikkinstitutt i Oslo.

"Ragnhild Hemsing har markert seg som ein av dei mest lovande, unge fiolinistane her i landet. Dette har ho gjort gjennom ei rekke store solistoppdrag både her i Noreg og i utlandet, og ho har alt vunne ei rekke prisar og stipend. Ho spelar også norsk tradisjonsmusikk på hardingfele, og har gått i slåttelære hjå spelemannen Jan Beitohaugen Granli i Valdres.

Ragnhild oppfyller dermed alle kriteriar for prisen og er ein særs verdig mottakar av Øyvind Berghs minnepris"
, uttalar juryen.

Tidlegare vinnarar:
1989: Annbjørg Lien
1990: Elise Båtnes
1991: Arve Moen Bergset
1992: Mari Eggen
1993: Egil Syversbråten
1994: Per Sæmund Bjørkum
1995: Åshild Breie Nyhus
1996: Christian Borlaug
1997: Åse Teigland
1998: Per Anders Buen Garnås
1999: Øystein O. Rudi
2000: Andreas Skeie Ljones
2001: Ola Kvernberg
2002: Øyvind Flaarønning Smidt
2003: Jorun M. R. Kvernberg
2004: Gjermund Larsen

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no