Festspillene i Bergen arena for debatt

Per Boye Hansen har gjennomført sitt første festspel, og har tross streik i både Bergen Filharmoniske Orkester og NRK, komme særs godt ut av det. I forkant av festspela, målbar Boye Hansen eit ynskje om å gjera festspela til meir enn ei feiring av tradisjonen. Boye Hansen ville laga eit program som vakte reaksjonar i folk og sette diskurs på dagsorden. På årets festspel var det derfor ei rekkje dialogar og debattar, der vanskelege problemstillingar kom fram i lyset. At festspela gjev rom for slike viktige diskusjonar; at dei ikkje tonar ned utfordringane og einast feirar tradisjonen; men at dei òg vil utfordra — og sjølve let seg utfordra, har vore den viktigaste festspelopplevinga for Ballades utsende.

Per Boye Hansen, 2004 (lite)

Av Ida Habbestad

Ved tiltredinga som festspeldirektør målbar Per Boye Hansen sin ambisjon: At festspela skal vera ein premissleverandør for den offentlege debatten kring kunsten og samfunnet.

Sidan fortalde han om hovudføringane som låg til grunn for årets program. Mellom anna ville han jobba med å snu festspela frå einast å vera ei feiring av tradisjonen til å verta ein stad der publikum vert utsette for påverknad. Målet var å vekkja reaksjonar hjå tilhøyrarane og nettopp setja diskurs på dagsorden.

Eit viktig grep er at festspela i år har romma diverse dialogar og debattar, der ein har diskutert festspelproduksjonar opp mot ulike tema. I tillegg har Nordisk Komponistråd og Norsk Kritikerlag arrangert kvar sine debattmøte i festivalen si avsluttande helg.

Alt før produksjonane i seg sjølv legg grunnlaget for ein debatt, er altså debatten reist — av festspela sjølv.

Korleis skapar ein reaksjonar i dag? Korleis kan ein lokka eit publikum til ei framsyning med den nyfikna det krevst å skulla utsetja seg for noko nytt og uforståeleg? Og — kanskje viktigst av alt— korleis utstyrer ein publikum med den grunnleggjande plattform av normer og erfaringshorisont dei treng for å forstå dagens nye uttrykk?

Tradisjon og provokasjon
”Provokasjonen er død” skriv Magnus Andersson i siste nummer av Musikk-Kultur (http://www.musikk-kultur.no/nyesider/index.html). ”Måten vi lar samtidsmusikken- og samtidskunstens provokasjon prelle av på oss, er historisk unik,” skriv han: ”...vi er blitt vant til at det meste er lov i kunsten, og møter vi noe vi ikke forstår, er det få som lar seg opprøre. Altfor mange vender bare ryggen til kunsten”.

Provokasjon i samtidskunst er sjølvsagt noko anna enn provokasjon som verkemedel for aktualisering av tradisjonelle, kanoniserte verk. Då er det ikkje lenger verket i seg sjølv som er utfordrande — men tolkinga; og dei provoserande elementa kan ha meir eller (helst) mindre med utgangspunktet å gjera.

Eit døme er den for mange kjende oppsetjinga av ”Lohengrin” for nokre år sidan, der hovudpersonane budde i campingvogner og var kledde i grilldressar. Forestillinga oppnådde verkeleg ein provosert reaksjon frå omgjevnadene, men det var ikkje lenger Wagner som provoserte; det var regissøren.

Medan Andersson i sin artikkel let seg provosera over manglande engasjement, vart det mellom anna peikt på provokasjon som verkemedel, i dialogen ”Tradisjon og provokasjon” på festspela fredag.

Utgangspunktet var festspela sine to hovudproduksjonar, ”Peer Gynt” og ”Das Rheingold” som begge gav døme på ulike innfallsvinklar til å setja tradisjonen inn i ein notidig situasjon.

- Begge forestillingene er flotte, men de provoserer ikke, meinte Siri Meyer, professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.

Meyer meiner det er på tide at ein finn andre språk for å vinna merksemd:

- Den moderne kunsten hadde som forbilde at den skulle sjokkere, men det har inspirert andre uttrykksformer — og i dag er det Madonna eller Otto Jespersen som sjokkerer. Å gripe til sjokk for å få oppmerksomhet, er ikke lenger det rette, for det er et språk som har gått over i andre uttrykksformer. Det er på tide at vi snakker om det sterke i kunst på en annen måte.

Bruk av provokasjon som verkemedel, om det no er i skaping av ny kunst eller ved aktualisering av tradisjonen, har hatt den felles motivasjon å skapa merksemd, engasjement og reaksjonar; slik festspela òg ynskjer å vera ein stad der menneske let seg utfordra. Når det stadig vert vanskelegare å engasjera og vekkja reaksjonar hjå folk, og provokasjonen ikkje lenger er ein enkel veg til merksemd — kva så?

Marknadskrefter og ny musikk
Men før ein engasjerer og provoserer, eller eventuelt ikkje gjer det, trengst det eit publikum i salen. Også her møter festspela ei utfordring.

For publikumsrekord eller ikkje; det var eit påfallande glissent oppmøte ved fleire av festspelas mest spanande produksjonar under årets program.

At oppmøtet til portrettkonserten av festspelkomponist Magnus Lindberg er labert, er ikkje så uventa, i og med at han skriv samtidsmusikk. Meir underleg er det at billettane til ”Das Rheingold”, som var årets verkelege happening, ikkje vart rivne vekk. Og når til og med ein”tryggare” produksjon som ”Mozartmaraton” sleit med å skaffa eit stort publikum; eller Sibelius-symfoniane gjekk på billegsal — 2 for prisen av 1 — på Torgallmenningen fredag og laurdag, byrjar ein undra seg over kvar folk faktisk tok vegen.

At ein støtt finn seg som den yngste (eller mellom dei få unge) i salen, understrekar òg utfordringa.

Kva rolle skal radio spela i massemusikkvardagen?
Laurdag arrangerte Nordisk Komponistråd eit møte om radiomediet si rolle i musikkvardagen. ”Etter at radio har hatt ei aktiv rolle som nettverksbygger, produsent, dokumentasjonsinstans - og autonom kritiker av den levende musikken. Hva står igjen; Hvilken rolle skal radio spille i massemusikkhverdagen?” spurte komponistrådet.

Representantar frå radioen — både produsentar og musikksjefar gjorde greie for situasjonen i sine respektive land, og diskuterte så med komponistar frå dei nordiske landa.

Særleg den danske situasjonen tykkjest skremmande, og produsent i DR Klassisk, Jesper Lützhøft, forklarte korleis marknadskreftene der har teke stor overhand:

- Dansk radio rider på en bølge av middelmådighet, der det å vite noe og å gi denne viten videre ble karakterisert som smaksdommeri i statsministerens tale i 2002.

Han fortalde vidare korleis ein ut frå lyttartal har gått vekk frå stadig fleire smale program — og at han har særs lite tid til rådvelde for sine produksjonar. Til tross for at utviklinga ikkje er fullt så langt komen i dei øvrige nordiske landa, uttrykkjer komponistane også her si bekymring.

Det er sjeldan ein gjev seg i kast med kvifor det er slik — og kva ein skal gjera med det. Eit interessant synspunkt på dette kom frå musikkritikar i NRK, Erling Sandmo:

- Det er etisk forbi at det nye skal få være forbløffende, sa Sandmo. - Vi kjenner ikke tradisjonen – det er et hull i vår erfaringshorisont siden 1920-tallet, og derfor har vi heller ingen forventningshorisont. Vi mangler 80 års diskurs i radio og bransjen ellers, og det oppstår dermed et gap mellom det gamle og det nye. Vi må gjenskape forbløffelsesbetingelsene, og radioen er et medium hvor man kan strekke seg etter denne muligheten. Det handler om å fortelle folk at vi lever i en samtid, ikke en ettertid, meinte han.

Den stagnerte debatten
Hovudinntrykket gjennom denne debatten — som i tilsvarande andre — var likevel at dei ulike partar har stagnert i sine eigne oppfatningar. Komponistane og kunstnarsida ynskjer meir tid til formidling av uttrykket sitt. Dei ynskjer at radio skal fylla den rolla den ein gong hadde som dokumentasjonsinstans og formidlar av det moderne musikklivet. Musikksjefane på si side fortel at dei gjer så godt dei kan, i det omfang dei har midlar til, og at ein alt i alt er priviligerte med tanke på kor mykje pengar som vert løyvd til formålet, sett i høve til det faktiske lydartalet. For radioen hevdar at dei må tenkja på lydarmassen. Vert den mindre; må det gjennomførast endringar.

For den som er forkjempar for dei smale uttrykk, er ikkje dette godt nytt. Stendig større marknadstankegang og krav om eit auka lydartal er meir til skade enn til hjelp for den vidare utvikling av desse uttrykka.
(Den same utviklinga har óg i den siste tida gjort seg gjeldande i kulturrådet; der evna til eigeninntening og publikumstal i større grad enn tidlegare er vektlagd som grunngjeving for løyvingar.)

Kva så?
Dette var i korte trekk referat frå to av festspela sine debattar i år. Dei belyser begge perspektiv som er tunge og utfordrande i det vidare for heile kulturlivet generelt.

Det viktige er at festspela har gjeve rom for diskusjonane. At dei ynskjer vera den arenaen der nett slike spørsmål kjem fram i lyset. At dei ikkje tonar ned utfordringane og feirar tradisjonen sin; men at dei utfordrar — og let seg utfordra.

Resultatet er det aldri godt å spå. Som Boye Hansen uttalte sjølv i forkant av festivalen: ”hvordan programmet blir mottatt hos publikum, er det jeg er mest spent på. Det er mer mystikk enn vitenskap”.

Men det er godt å sjå at festspela har den kunstnarlege leiinga og visjonen som den svenske komponisten Jonas Forssell så sterkt etterlyser i radio. At dei ikkje, slik radioleiinga argumenterer, først og fremst ser til årets publikumstal ved planleggjinga av det komande.

For jamvel om dei utfordrande, nyskapande forestillingane har hatt vanskar med å trekkja publikum tidlegare, tykkjest dei vera ein særs viktig del av programmet for Boye Hansen. Og når til og med konsertar med tradisjonell musikk (men i ei sprekare innpakking) som Sibelius’ samtlege symfoniar ikkje oppnådde det ynskja publikumstal, tyder ikkje det at Boye Hansen vil leggja om profilen, kanskje snarare tvert imot:

- Nettopp derfor kommer jeg til å gjøre det samme med alle Beethovens symfonier — eller Bachs solosonater; fordi vi er i ferd med å miste denne delen av vår tradisjon, uttalte Boye Hansen søndag.

Festspela uttrykkjer dermed ei langt meir aktiv haldning enn ein finn i andre formidlande institusjonar. Den likesæle haldninga ein opplever frå publikum (især det fråverande) vert ikkje reflektert med ei tilsvarande likesæla i den formidlande institusjonen. Det er prisverdig — og nok den viktigaste festspelopplevinga for underteikna dette året.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Festivaler nå

Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no