Å fortelle historier som ikke finnes

Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid er eit doktorgradsprogram med kunstutøving i sentrum. Sidan oppstarten av programmet i 2003 har 26 kunstnarar vore involverte, og i dag vart haustens opptak offentleggjort. Mellom dei heldige er songaren Ellen Aagaard, som skal fordjupa seg i vokal samtidsmusikk. Prosjektet hennar går ut på å belysa korleis ikkje-narrativ musikk likevel ofte er meiningsberande – gjennom lydens struktur, samt andre dramaturgiske element som kan gje ei meiningsberande oppbyggjing. - Spørsmålet som har meldt seg hos meg er om menneskestemmen egentlig er i stand til å "fortelle ingenting", og hvordan disse ikke-eksisterende historiene fortelles, seier Aagaard til Ballade.

Ellen Aagaard, foto: Lars Ove Kvalbein

Av Ida Habbestad

Stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid vart etablert i 2003. Programmet, som er ein parallell til den akademiske PhD-graden, skil seg frå denne ved at det er kunstutøvinga står i sentrum og det er dermed det einaste av sitt slag i Europa.. Sidan 2003 har 26 kandidatar innan fagfelta musikk, dans, design, bildande kunst, teater og film vorte involverte i programmet, og dei første seks kandidatane vert uteksaminerte hausten 2006.

I dag vart opptaket for hausten offentleggjort, og ni nye kunstnarar vil få høve til ei treårig fordjuping innan sine kunstfelt. Fire av desse vil arbeida med musikkrelaterte prosjekt; tre av dei i tilknytning til Norges musikkhøgskole. Ballade har snakka med songaren Ellen Aagaard, som er mellom dei utvalde.

Dramaturgien i dei ikkje-narrative uttrykk
- Det er fantastisk å få tre år til en slik fordypning! seier Aagaard til Ballade. - Det er fint å få tid til å prøve ut og reflektere over ulike aspekt ved det å synge ny musikk - det gjør man gjerne ikke som frilanser med høyt innstuderingspress. Og så er jeg selvsagt glad for at prosjektet er blitt vurdert som faglig interessant!

Aagaard er utdanna songar ved Norges musikkhøgskole. Etter fullført hovudfag i 1997, der ho fordjupa seg i songstemma i norsk samtidsmusikk, har ho arbeidd som frilanssongar – utelukkande i framføringar av ny musikk.

Aagaard har urframført musikk av mellom andre Lene Grenager, James Clarke, Jennifer Walshe, Julio Estrada, Øyvind Torvund, Maja Ratkje, Nils Henrik Asheim og Sven-Lyder Kahrs. Ho er vidare medlem av Ensemble Ernst, og har dessutan arbeidd med mellom andre Stefano Scodanibbio (IT), Solveig Slettahjell, Marianne Haug, Bit20, Nordic Voices og Athelas Sinfonietta (DK). Ho har òg gjort ei innspeling for BBC med engelske Apartment House og har dei siste åra jamnleg samarbeidd med den tyske komponisten Gerhard Stäbler, med fleire urframføringar av hans musikk.

Gjennom tre år skal Aagaard no fordjupa seg i vokal samtidsmusikk. Kva går prosjektet ut på?

- Prosjektet mitt har fått tittelen "Å fortelle historier som ikke finnes", med undertittelen "Dramaturgi og semiologi i ikke-narrative vokale uttrykk i samtidsmusikken". Det handler om en bevisstgjøring av dramaturgiske elementer i vokalmusikk der det ikke finnes noen språklig handling, fortel Aagaard.

Lyden som meiningsberar
I motsetning til den tradisjonelle vokalmusikken, der songaren nesten alltid fortel ei konkret historie, opplever Aagard som formidlar av ny vokalmusikk at hennar oppgåve ofte er å formidla lydar som ikkje har språkleg meining.

- Derimot har stemmelydene ganske ofte en språklig struktur, seier Aagaard. - Lydene kan likne på språk, og noen komponister lager til og med ord, men det er altså ord som ikke betyr noe. Denne strukturen sammen med vår erfaring med og referanser til menneskestemmen i hverdagen, kan fort gi assosiasjoner til situasjoner og språk – og derfor likevel oppleves å inneholde en "mening", seier Aagaard.

Aagaard meiner altså at det å frigjera seg frå språket ikkje nødvendigvis fjernar eitkvart meiningsinnhald. Ho stiller spørsmål ved om det i det heile er mogleg for songaren å framføra noko som ikkje i ein eller annan form er meiningsberande:

- Jeg opplever nærmest hele tiden å stå i skjæringspunktet mellom "ren musikk" og mening, fortel Aagaard. - Musikken har som intensjon å være ikke-narrativ, men stemmelydene kan likevel minne om språk eller andre meningsbærende lyder. Spørsmålet som har meldt seg hos meg er derfor om menneskestemmen egentlig er i stand til å "fortelle ingenting", og hvordan disse ikke-eksisterende historiene fortelles.

Konsertforma har mykje å gå på som formidlingsform!
Aagaard presiserar at temaet for prosjektet ikkje omfattar musikkteater eller ny opera.

- Prosjektet er en undersøkelse av hvilke musikalske elementer som er bestemmende for "historienes" oppbygning. Et mål er blant annet. å bruke tid på prosesser som vil gi en innsikt om hvordan semiologiske og strukturelle elementer bygger ikke-narrative dramaturgiske forløp.

- Samtidig er det klart at en menneskekropp som formidler noe med stemmen sin, fort kommer i nærheten av det teatrale. Det vil jeg også ha tid til å se på - hvor slutter det ene og begynner det andre?

Arbeidet i dei tre åra stipendiatet varer, skal òg innehalda ei utveljing og innstudering av verk, og Aagaard vil vidare utvikla ei konsertforestilling bestående av desse:

- Jeg tenker at verkene med sin mangel på språklig meningsbærende historier gir mulighet til å bygge konsertforestillingen ut fra semiologiske, musikalske og strukturelle elementer, fortel Aagaard:

- Dette gir en ny innfallsvinkel for en sanger til det å utvikle konsertformen - som jeg mener har mye å gå på som formidlingsform avsluttar Aagaard, som med dette vonar å bidra til ei ytterlegare fornying av synet på musikk og estetikk ved musikkhøgskulen.

Stor vekt på musikkfaglege kandidatar
Forutan Aagaard, er tre av dei andre prosjekta musikkfaglege. Sigurd Imsen har fått stipendiat for prosjektet ”Det virtuose handlingsrommet – Improvisasjonspraksis i fiolinrepertoaret på midten av 1700- tallet”, og Else Olsen S vil arbeida med prosjektet ”Open Form. En utvidet utøverrolle”. Forutan desse tre som er tilknytt Norges musikkhøgskole, er ein stipendiat tilknytt Institutt for musikk, NTNU i Trondheim. Her er det Andreas Aase som har fått stipend, med prosjektet ”Improvisasjon i skandinavisk gitartradisjon”.

Dei øvrige stipendiatane er Hans Christian Gilje (Kunsthøgskolen i Bergen), Thomas Kvam (Kunsthøgskolen i Oslo), Linda Lien (Kunsthøgskolen i Bergen), Erik Richter Strand (Den norske filmskolen) og Morten Torgersrud (Kunsthøgskolen i Bergen). Programmet vert koordinert av Kunsthøgskolen i Bergen.

For meir informasjon, sjå www.kunststipendiat.no

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no