Ope brev til Vossa Jazz-styret og Lars Mossefinn

Etter flere artikler i Dagbladet og Bergens Tidende denne uken, har det kommet fram at Vossa Jazz ikke har utbetalt honorarer til flere av musikerne som gjorde konserter på årets festival. Blant disse er Trygve Seim, som stod for årets bestillingsverk, og avbestillingsverket "Flesk" framført av Radio Røynda m/gjester. Samtidig har det kommet opplysninger om at Lars Mossefinn, tidligere daglig leder i Vossajazz, har inngått en avtale om etterlønn med festivalen. Dette har ledet til at musikerne og artistene bak avbestillingsverket har forfattet et åpnet brev til festivalen som Ballade nå publiserer.

Finn-Erix (Foto: vossajazz.no)

Av Steinar Krokstad, Yngve Moe, Harald Dahlstrøm, Odd-Erik Lothe, Finn Tokvam og Halvor Folgerø

”Budsjett er noko drit!”

Slik opnar ein e-post vi i si tid fekk frå avgått leiar i Vossa Jazz, Lars Mossefinn. Det byrjar å bli ei stund sidan no. For snart eit halvt år sidan hadde vi gleda av å framføre avbestillingsverket ”Flesk” på Vossa Jazz. Det var ei stor ære for oss, og forestillinga blei ein publikumssuksess, med to smekkfulle hus på Fleischers Hotell.

Honoraret skulle vi få utbetalt rett etter festivalen. Vi ventar framleis. Og vi veit at fleire andre musikarar gjer det same. I følgje Dagbladet har heller ikkje Trygve Seim, som skreiv sjølve tingingsverket, fått betaling for stykket han brukte eit halvt år på å skrive.

Informasjon frå festivalen har det og vore sparsamt med. 27. april fekk vi ein e-post frå Mossefinn og styreleiar Trude Storheim der det sto at festivalen hadde fått eit ”overraskande likviditetsproblem rett etter påske”. Men – ”Det er sjølvsagt ikkje noko problem. Det tek berre lenger tid”. Etter dette har vi stort sett måtta nøya oss med avisene. Der har vi mellom anna lese at den avgåtte festivalsjefen skal få ei etterløn verd 400 000 kroner.

Tre av oss er utruleg nok ikkje eingong registrerte som kreditorar enno. Dei som som har vore så heldige å havna på lista over folk festivalen skuldar pengar, blir i eit brev bedne om å delta i ei frivillig gjelds-sanering. Kort sagt skal vi få ein brøkdel av honoraret. Og seier ein av oss nei til dette, går festivalen konkurs. Det er med andre ord eit tungt ansvar styret i Vossa Jazz no legg over på artistane sine skuldre.

Difor har vi ein del spørsmål, som vi gjerne vil ha svar på. Til no har vi ikkje lukkast i å få klare svar frå festival-leiinga.

Kor mange artistar har ikkje fått oppgjer?

Kvifor har nokon artistar fått oppgjer, medan andre ikkje har fått?

Kva kriterier låg til grunn når festivalen plukka ut kven som fekk betalt?

Kor vanleg er det å betala ut”fallskjermar” i organisasjonar som i stor grad er bygd opp på offentleg støtte og frivillig innsats?

Lars Mossefinn har utan tvil gjort ein stor innsats for Vossa Jazz. Og det er forståeleg at han må ha ein viss kompensasjon for å slutte i jobben. Men likevel:
I følgje Bergens Tidende frå 17.08, skal hovudkreditor Voss Veksel- og Landmannsbank ha stilt som ultimatum at Mossefinn måtte gå av, dersom banken skulle vurdere å berge festivalen frå konkurs.
Er det då rimeleg at Mossefinn skal få ei etterløn verd 400 000 før alle artistane får sine honorar?

Er fallskjermen, eller det Mossefinn i Bergens Tidende kallar ”paraplyen”, avhengig av at vi kreditorar nøyer oss med ein liten del av honoraret?

Dette handlar sjølvsagt om langt meir enn våre pengar. Dette handlar framfor alt om prinsipp.

Meiner styret v/styreleiaren at det er rimeleg å forlange dugnadsinnsats av artistane, medan den avgåtte leiaren får etterløn?
Og er det rett at ansvaret for festivalen si framtid skal lessast over på kvar enkelt musikar?

I tillegg til store private utlegg, sit vi att med gode minne om det fantastiske festivalpublikummet på Voss.

Tanken vår var å levere eit avbestillingsverk, ikkje å legge ned heile festivalen. Kjære Vossa Jazz, lat oss sleppe det.


Beste helsing

Steinar Krokstad
Yngve Moe
Harald Dahlstrøm
Odd-Erik Lothe
Finn Tokvam
Halvor Folgerø


Dette brevet ble publisert i Dagbladet og Bergens Tidende torsdag 24. august.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no