Små, nære lydar, store harmoniske rom

- Eg søkjer alltid "den utvida augneblinken", dei sjeldne stundene der ein gløymer tid og stad og berre er i møte med noko", seier komponist Ragnhild Berstad i dette intervjuet av Astrid Kvalbein. Her fortel komponisten om sitt verk "Quaero – tilblivelse" som vert urframført fredag. Høvet er opninga av årets Ultima-festival, og verket vert framført av Oslo-Filharmonien under leiing av Christian Eggen. "Håpet er at det eg skapar kan opne sansane både mot dei nære detaljane og eit større rom. I beste fall vil nokre av dei som lyttar oppsøkje verka igjen, for å oppleve andre dimensjonar neste gong og neste gong etter der igjen. Då har eg lyktes", seier Berstad i artikkelen som er brakt vidare frå Ultima sin programbok.

Ragnhild Berstad

Av Astrid Kvalbein

Ragnhild Berstad har alltid hatt stor glede av å vere ute i naturen. I orkesterverket ho har skrive til opningskonserten til Ultima har ho late seg inspirere av dei små og store romma ein kan finne der.

- Heilt frå eg var lita har eg elska å finne tilfluktsstader ute i skogen, rom mellom og innunder trea der sollyset fell inn mellom bladverk, buskas og bar. Der kan eg ta inn det nære og vere veldig intenst der, og samtidig sanse det som skjer langt unna; ein fugl som syng, vinden som riv i ei trekrone eller suset frå ei elv. Eit slikt rom ønskjer eg – i vid tyding – å skape i musikken, fortel ho.

Symfoniorkesteret gir i utgangspunktet assosiasjonar til eit stort rom. Det er omfangsrikt og svært mykje kan gå føre seg parallelt i dei ulike instrumentgruppene. Samtidig er avstanden mellom musikarane og publikum så stor at det vesle rommet, den intimiteten ein opplever i møte med mindre besetningar, bli borte.

- Men eg ville gjerne ha med eit slikt nærare sjikt i verket. Derfor har eg plassert mikrofonar rundt i orkesteret; ein del i slagverket, pluss hos ein klarinettist og ein fløytist. Desse musikarane vekslar mellom å tre fram som solistar og å blande forsterka støylydar inn i orkesterklangen for å gi meir motstand.

Berstad har tidlegare brukt same teknikk i "Cresco" for strykeorkester og -kvartett, og har i fleire mindre verk lagt vekt på å få fram nettopp dei "ureine" klangane. I "Respiro" for klarinett og elektronikk er lyden av pusten til musikaren sentral, i "Anstrøk" for cello og fiolin er knirke- og gnisselydar viktige element.

- Ved å bruke slike støylydar søkjer eg å gjere musikken meir menneskeleg. Livet er ikkje perfekt, og ofte er det litt skakke og skeive langt meir rørande enn det tilsynelatande vellukka. Derfor ville eg no skrive inn noko som ikkje hører til i den tradisjonelle symfoniorkesterklangen, noko som skurrar litt, seier komponisten.

Dei som kjenner musikken til Ragnhild Berstad, vil vite at dette menneskelege er stillfarande sjølv om det er sterkt tilstade. Ho brukar fine penselstrok også på dei mest upolerte lydane, og broderer ut fleire små ornament i staden for å gi seg dei digre utbrota i vald. Men i arbeidet med bestillinga til Ultima blei utgangspunktet litt annleis enn elles.

- Eg var ute på skitur i Marka og stansa opp ein stille stad. Der ute kom ei rørsle frå "Recludo" – for klarinett, cello og sinfonietta – til meg. I utgangspunktet var det ein liten gest, ei fallande linje i klarinettstemma, men no hørte eg føre meg at han kunne vare i eit minutt eller to, unisont for fleire klarinettar. Ideen var liksom veldig lite "meg", men eg tenkte at ein må våge noko som kjennest framand, om ein skal utvikle seg.

Ho tok tanken med tilbake til pulten, men så skjedde det som ofte skjer med musikalske idear: dei tar til å leve sitt eige liv. Den lange, fallande linja skulle opne stykket. Men Berstad ville ha ein liten introduksjon av noko heilt anna i forkant, og snart definerte desse nye taktene dei neste og dei neste etter det. Slik hamna den aller første ideen heilt mot slutten av stykket.

Enkelt sagt startar verket med forsiktige støylydar, mens tonar og melodiske vendingar kjem klarare og klarare fram ettersom det utviklar seg. Her er ein god del nokså tradisjonelle element, hevdar komponisten. Men også tonehøgdene er "skakke" – for å få fram det klangspekteret ho vil ha, brukar Berstad mikrotonalitet i stor utstrekning. Bakom ligg nitid arbeid.

- Eg vil ikkje at mikrotonaliteten skal klinge direkte ustemt eller "falskt", men bruke kvarttonar og dissonansar som fargelegging innanfor min eigen avstemde palett. Dermed blir det eit omfattande prosjekt å "stemme" partituret for eit så stort orkester som Oslo-Filharmonien.

Kvarttoneintervalla kling distinkt ulikt i forskjellige register. Til dømes kan ein akkord som skimrar fint i lyse strykarar, godt bli grumsete i mørkare register hos blåsarane. Dette gjeld også om ein skriv innan for det tempererte systemet, men blir langt meir utprega når ein skriv mikrotonalt, forklarer komponisten.

Ho synes det er tilfredsstillande å skrive for fullt symfoniorkester, men føler det er viktig å veksle mellom å arbeide i stort og mindre format. Det siste året har ho òg levert eit nytt verk til vokalsekstetten Nordic Voices, og avslutta eit solostykke til slagverkar Kjell Tore Innervik. Han har fått spesialbygd ein kvarttonevibrafon som blir å høre i orkesterverket til opninga av Ultima.

- Det er flott å arbeide i "det store rommet", men det er òg spennande å gå heilt på innsida av ein enkelt tone og kjenne korleis han kan endrast med små forskyvingar av klang, intonasjon og styrke. For meg er det viktig å arbeide på eit slikt mikronivå frå tid til anna, seier Berstad

Det nye orkesterverket hadde enno ikkje fått namn då dette programheftet gjekk i trykken. Men det låg an til å bli noko på latin, som så mange av verka til Berstad.

- Eg likar klangen av språket, og det at ingen brukar det til kvardags, ingen eig latinen. Samtidig er eg opptatt av at tydinga skal stemme. "Respiro" har til dømes med pust å gjere, og "Toreuma" – som Ardittikvartetten urframførte på Ultima i 1999 og som sirklar om ulike slags ornament – tyder ”eit lite kunstverk med opphøgd siselert arbeid”, illustrerer komponisten.

Ho har var på eitt tidspunkt innom ein tanke om at det nye orkesterverket skulle heile "Caelõ", som i følgje ordboka tyder å ‘ornamentere og pryde’.

- Men så sjekka eg litt rundt på internett, og fann eit nesten likt ord, caelo, som tyder noko meir kosmisk, og har med himmelen, stjerner og planeter å gjere. Då lét det litt for pretensiøst, både ut frå vitskaplege og religiøse assosiasjonar, smiler ho.

Berstad har henta mykje inspirasjon i folkemusikk frå ulike kulturar, spesielt den norske vokaltradisjonen. Dei religiøse folketonane, som ei bestemor sytte for at ho møtte tidleg i livet, kjem ho stadig tilbake til. Dei enkle songane har på sett og vis trekk av alt ho held fast ved som komponist; eit nært og upolert menneskeleg uttrykk, finstilte klangtransformasjonar, mikrotonalitet, utbroderte ornament – og ofte; ei atmosfære av enorm ro.

- Eg søkjer alltid "den utvida augneblinken", dei sjeldne stundene der ein gløymer tid og stad og berre er i møte med noko. Håpet er at det eg skapar kan opne sansane både mot dei nære detaljane og eit større rom. I beste fall vil nokre av dei som lyttar oppsøkje verka igjen, for å oppleve andre dimensjonar neste gong og neste gong etter der igjen. Då har eg lyktes.

Artikkelen er hentet fra Ultimas programbok 2006, og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Ultima. Redaktør for årets programbok har vært Hild Borchgrevink. Ytterligere programdetaljer finner du på www.ultima.no

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no