Liet Lavlut: minoritets-Grand Prix

For tredje gong blei det eit samisk innslag som vann den internasjonale musikk-konkurransen Liet Lavlut, som blei arrangert for fjerde gong og som er ein slags alternativ Melodi Grand Prix for minoritetsspråk i Europa. - Vinnarane, duoen Johan Kitti frå Norrland og norske Ellen Sara Bæhr frå Kautokeino, var overraska, men sjølvsagt svært glade for at dei vann, skriv redaktør for Spelemannsbladet, Kjell Bitustøyl, i denne artikkelen.

Liet Laulut_vinnere (Foto: Kjell Bitustøyl)

Av Kjell Bitustøyl

Liet Lavlut gjekk føre seg i Østersund i Jämtland laurdag 14. oktober, og dette var fyrste gong at arrangementet gjekk av stabelen utanfor det området der det heile starta: Frisland i Nederland.

Bakgrunnen var at samiske Niko Valkeapää vann sist gong. Og som om det ikkje var nok: i 2003 var det gruppa Transjoik, med sitt utgangspunkt i det sørsamiske, som gjekk av med sigeren. Med sigeren til Kitti og Bæhr har no samiske artistar altså vunne tre av fire gonger!

Motkulturelt
Ideen til Liet Lavlut, som inneheld orda liet som betyr ”song” på frisisk og lavlut som betyr å ”syngje” på samisk, oppstod i Nederland i det frisiske miljøet som resultat av frustrasjon over det etablerte Melodi Grand Prix, som gjennom mange år har stått for ein glattpolert og meir og meir engelskspråkleg popmusikk.

Arrangøren har invitert representantar for mange ulike minoritetsspråk til å delta i konkurransen, som i mangt og mykje har teke i bruk forma til Melodi Grand Prix, bortsett frå at dette motkulturelle arrangementet er langt mindre pretensiøst og har ein snev av parodi over seg, ein leik kunne ein kanskje kalle det.

Fargerike samar
Men dei 11 gruppene/artistane gjekk til verket med stort alvor og musikken fengde publikum i Storsjøteatret i Østersund.

Salen var fylt til siste stol og fleire fjernsynskamera var retta mot scena, og svensk radio sende direkte frå konkurransen. På plass var òg Sami radio/TV som hadde eigen stand i foajeen i teatret. Det samiske innslaget var elles sterkt synleg, mange hadde tatt på sine fargerike samedrakter, inkludert dei to unge programleiarane Sofia Jannok frå Gällivare og Mariela Idivuoma frå Kiruna.

Før konkurranse tok til fekk me eit innslag av joik frå vinnaren av årets samiske Grand Prix, Anna-Reetta Niemelä frå Karesuando i Sápmi. Med ein svensk/norsk vinnar i konkurransen blei med dette kvelden heil-nordisk med tanke på det samiske. Det er fort å gløyme at i Sameland er landegrensene heller usynlege, ikkje minst kulturelt. Når så fokus var retta mot minoritetsspråk, blir nasjonalstaten som rammeverk ytterlegare perifer.

Estrad Norr
I alt 11 minoritetsspråk var representert: furlansk (Italia), skotsk-gælisk, manx-gælisk (Isle of Man), votisk (Estland/Russland), baskisk (Spania), oksitansk (Frankrike), frisisk, meänkieli (Nord-Sverige), galisisk (Spania), samisk og ”romany chib”, språket til sigøynarane.

Det som gjorde det mogleg å avvikle arrangementet utanfor Friesland var at Estrad Norr, kulturavdelinga til Länsstyrelsen i Jämtland, etter forslag frå Frode Fjellheim - frontfigur i Transjoik og dommar denne gongen, tok på seg å vera praktisk arrangør for Liet Lavlut. Og no etter at suksessen er eit faktum, angrar dei truleg ikkje på det. At det i tillegg også i år skulle bli eit samisk innslag som vann, var ei ekstra fjør i hatten sjølvsagt.

Arrangementet blei akkurat passe upretensiøst med ein liten dose glamour som seg hør og bør. Profesjonell lyd og lys saman med dyktige og språkmektige programleiarar gjorde sitt til at publikum følte at ein var til stades på noko stort og viktig, trass i det lett parodiske i Grand Prix-kopieringa, som ikkje minst materialiserte seg i avstemminga til slutt der dei elleve domarane som representerte kvar sitt språkområde gav sine poeng frå 1 til 12.

Folkemusikkpreg
Om språkvariasjonen var stor, var ikkje musikkvariasjonen mindre: frå reine rock’n’roll- innslag til lågmælt musikk med sterkt folkemusikkpreg.

Skal ein trekke nokon slags konklusjon, må det vera at for minoritetane spelar folkemusikken ei stor rolle ved sida av språket som identitetsskapar. Blandinga av nytt og gamalt var elles eit kjenneteikn på mange av artistane: mest ekstremt kom dette til uttrykk gjennom gruppa Raud-Ants frå Estland som representerte den minste språkgruppa, votisk, som berre blir snakka av ca 100 personar.

Gruppa framførte tradisjonelle runesongar akkompagnert av eldgamle instrument som strykeharpe og kantele i kraftig blanding med hylande heavyrock-gitarar. Men folkemusikken fekk òg eit meir lågmælt uttrykk gjennom gitar og vàr song frå gæliske Anna Murray frå Hebridane.

Vakker melankoli frå dei store skogane i Nord-Sverige fekk me gjennom gruppa Jord som syng på språket i Tornedalen, meänkieli.

Populære vinnarar
Då vinnarane skulle kårast, var det fyrst ei sms-avstemming der publikum/radiolyttarar kåra artisten Liza med oksitansk som språk, som vinnar. Fagjuryen på si side strøydde sine poeng utover alle deltakarane og då siste dommar hadde sagt sist, stod ein att med ein klar vinnar: den samiske duoen Johan Kitti/Ellen Sara Bæhr. Desse bur på kvar si side av landegrensa, men er syskenborn. Dei har vunne Samisk Grand Prix og blei på grunn av det tatt ut til å gå vidare til finalen.

Det er inga overdriving å sei at salen i sørsameområdet Østersund kokte då vinnarane var klare, og då dei i god Grand Prix-tradisjon i lag med eit fem manns orkester framførte den fengande og sterkt rytmiske joiken ”Ludiin Muitalan” på ny, kom alle dei andre deltakarane fram på scena og song med.

Dette var eit fargerikt fellesskap det strålte glede av, ingen var sure for at dei ikkje vann, og stemninga ut over i dei små timar var elektrisk. Både på dansegolvet og på scena kunne ein observere ei salig blanding av folkeslag. Dette språklege og musikalske mangfaldet var ein kraftig manifestasjon av at motkulturen lever trass i enormt press frå multinasjonal massekultur.

Menneskeleg joik
På spørsmål om kva som gjer at det samiske har vunne tre av fire gonger, svarar Frode Fjellheim at han trur at det lett songbare, gjennom stemma, joiken som ofte er umiddelbar og utan ord, har appell og at dette er lett å like.

Joiken representerer noko sterkt menneskeleg, meiner han. For eigen del kan eg tilføre at samiske artistar har gjort stor lykke ute i Europa, ikkje minst på grunn av sitt uhøgtidlege og frie forhold til det tradisjonelle, samtidig som ein står fjellstøtt på sitt eige.

Norske folkemusikarar har i så måte endå eit lite stykke å gå, og kan nok lære ein del av dei samiske artistane her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no