Rådet for folkemusikk: Sølvbergs tale

Riksscene, tradtak.no, Stavanger som kultuby i 2008 og UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven var noen av punktene Arne M. Sølvberg berørte i sin tale til Representantskapsmøte i Rff. - Uansett statlege løyvingar eller ikkje, så er det til sjuande og sist sjølve musikken og dansen ved sin eigen verdi som kan motivere dei unge til å bruke tid på slikt. Og dersom dei får kjennskap til skatten, så er mange av dei villege til å jakte på han, uttrykte en håpefull leder.

Rådet for folkemusikk og folkedans_logo

Leder i stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff), Arne M. Sølvberg, holdt nylig sin tale til Representantskapsmøte i Rff. Her trekker han særlig frem etableringen av en Riksscene som en sentral sak i tiden fremover:

Samstemt om Riksscene
- Den største saka i norsk folkemusikk og folkedans i nyare tid er saka om etablering av Riksscena. Dei som var på Representantskapsmøtet i fjor fekk ei lita innføring i planane, og like etter møtet vårt kom Riksscena inn på Statsbudsjettet med 1,5 millionar kroner. Det er klart at ei så stor og kostbar satsing utan tvil vil vere merkbar for andre søknader frå vårt miljø. Og skal ein akseptere at Riksscena vert prioritert og set andre søknader på vent, trengst det eit samstemt folkemusikkmiljø bak.

Sølvberg har også tanker rundt den samordnede funksjonen til Rff:

- Eg har i det siste tenkt og sagt at vi burde ta ein opplysningsaksjon for å skape eit større engasjement rundt Rff som den samordnande reiskapen det kan vere. Eg har allereie tinga på nokre minutt under årsmøtet til LfS om tre veker. Kor mykje eg då tek med om Rff sine storstila mål, er eg litt usikker på. LfS sin daglege leiar har ved opptil fleire høve sagt at Rff korkje har hatt eller vil få, kanskje heller ikkje bør få, ei samordnande rolle. Eg tvilar litt på om dette ville verte konklusjonen dersom medlemsmassen til dømes i LfS og NU vart opplyst og engasjert til å seie si meining.

Blant mange punkter i sin fyldige tale, kom Sølvberg også innom Tradtak, fellesnotatet som LfS, NU, NFD og Rff leverte til kulturministeren 28.mai 2002, med dansen og formidlingen som to søyler. I den forbindelse kritiserte rådets leder årets statsbudsjett:

Skuffet over budsjettet
- Ut frå føreliggande planer og budsjettsøknader vart det sett opp ynskjemål for løyvingar i 2007 og 2008. Vi bad om møte med kulturministeren i juni, for å få påverke statsbudsjettet for 2007. Men noko møte fekk vi ikkje før statsbudsjettframlegget var ferdigskrive og sendt til trykking. 28. september fekk vi møte statssekretær Randi Øverland. Sjølv om møtet var verdilaust med omsyn til 2007- budsjettet, vonar eg det hadde ein viss nytte likevel. Vi fekk i alle høve helse både på statssekretæren og to sakshandsamarar. Og vi fekk lovnad om nytt møte i februar 2007. Etter det miserable statsbudsjettet, sett med våre auge, må sjølvsagt alle summane i Tradtak.no reviderast.

- I år var Førdefestivalen den einaste vinnaren på folkemusikkfronten, og den arbeider direkte mot departementet utan å vere med i noko fellesprioritering saman med organisasjonane og Rff. Sjølv om store deler av løyvingane til Førdefestivalen fer ut av landet, er vi sjølvsagt glade for staten si satsing. Både norsk folkemusikk og norsk folkedans, særleg som samværsdans og etter kvart meir og meir som scenedans, har ein sterk posisjon i festivalen sitt internasjonale program. Men når staten si einaste konkrete budsjettauke til folkemusikken går til ein internasjonal folkemusikkfestival, må vi som har samarbeida om dokumentet Tradtak.no ha lov å vere skuffa.

Arne M. Sølvbergs tale kan leses i sin helhet her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no