50 år etter Gammleng: - Fellesskapstanke under press?

Fond for utøvende kunstneres virksomhet feirer 50 år den 14. desember. Norsk Folkemusikk og Danselag hilser fondet og hedrer initativtager Rolf Gammleng med denne artikkelen til Fondets festskrift, signert styreleder Åshild Vetrhus og daglig leder Jan Lothe Eriksen i NFD. Her stiller de spørsmålet: - Er det slik at all fellesskapstanke må vika, eller kan det framleis vera plass for kollektive ordningar i det individualiserte og egoistiske Noreg – anno 2006?

Jan Lothe Eriksen 2006 (Foto: nfd.no)

Av Åshild Vetrhus og Jan Lothe Eriksen

Då forbundsleiar Rolf Gammleng i Norsk Musikerforbund pressa på for å betre musikarane sine livs- og arbeidsvilkår under gjenreisinga etter siste verdskrigen, var det nærliggjande å sjå på kva ein kunne gjere for å kompensera for den stadig aukande bruken av teknisk musikk - platespeling og lydband - på stader der ein tidlegare hadde levande musikk og spelejobbar for medlemmane.

Ein fjern merkedag
Då Fond for utøvande kunstnarar vart etablert var det ein merkedag for norske musikarar innan alle sjangrar. Pengane som kom inn skulle mellom anna delast ut til sosiale formål mellom trengande musikantar!

I dag kan dette virke fjernt. Med iPod på lomma, trudelutt på mobilen, og musikk som tyt ut av kvar krok og krå i det urbaniserte og modernitetssugne Noreg, har den tekniske musikken invadert oss langt ut over det Gammleng kunne drøyme om.

GRAMO er komen for å bli og utøvarane får betaling for bruken rett inn på bankkontoen. Samstundes har dette krokute landet ein aktiv konsertmarknad med levande musikantar på scenen sumar som vinter. Faktisk innan eit breitt sjangerspekter. Og fleire profesjonelle musikarar og musikkartistar enn nokon gong (- sjølv om det nok kunne vore meir å ta seg til for frilansarar utanfor festivalsesongen).

Ein viktig grunn til at det finns ein levande frilansmarked
Men ein viktig grunn til at det framleis finns ein levande frilansmarknad for musikarar og artistar i Noreg - i tillegg til all den innspelte musikken - er nettopp Fond for utøvande kunstnarar. Skulle denne marknaden åleine vore driven på berre kommersielle vilkår - slik FrP ynskjer - hadde tilbodet av konsertar vore et heilt anna, mykje smalare enn i dag. Og skulle denne marknaden i tillegg til dei kommersielle aktørane berre henta støtta si frå stat og offentlege kassar, ville omfanget vore mykje mindre enn i dag.

Særleg på frilansområdet.

At det framleis finnest entusiastar som driv ein norskbasert platebransje spreidd over heile landet, med produksjonar innan ein rad ulike sjangrar, er også mykje takka vere Fondet. Om det var dei multinasjonale plateselskapa åleine som skulle sørgje for innspeling av musikk i Noreg, spørs det jammen om det hadde vore stort med norsk folkemusikk, jazz, samtidsmusikk eller kammermusikk på CD i frå Noreg, eller kor og nyskapande rock...

Det siviliserte regime
Etter at GRAMO blei etablert, og etter at vederlaga blei individualisert også for dei offentlege framføringane av innspelt musikk, var det ein genial tanke frå Kulturdepartementet å demme opp for den aukande angloamerikansk popmusikkinvasjonen med ein avgift på bruken av innspelte ikkjeverna musikarprestasjonar.

Så lenge USA - og andre - held seg utanfor det gode, siviliserte regime for utøvarrettar, vil det fortsette å drysse millionar inn i Fondet - og derfrå og ut til trengande konsert- og turneprosjekt, førestillingar, plateproduksjonar, nødvendige stipendreiser og kurs.

Den dagen ameriknerane lagar siviliserte ordningar for sine utøvarar, og det blir slutt på desse inntektene til Fondet, blir me etter mi meining nøydde til å sjå kritisk på GRAMO sin bruk av midlane som ikkje har klår adresse, og inntektene frå offentleg bruk av musikk.

Elles må staten trø til overfor frilansmarknaden på ein heilt anna måte enn i dag.

Sosialt grunnlag
Framleis held Fondet i hevd ordninga med å hjelpa frilansarar i nød - på sosialt grunnlag. Og når avgifta for offentleg framføring kjem på plass (- som den jo må gjere i følgje kulturministeren), så er det kanskje også på tide å rette ei hand ut til kollegaer i den tredje verda.

I dag er desse - saman med artistar og musikarar frå USA - med på å spele inn pengar i Fondet. Og gjennom utviklings- og utvekslingsprosjekt kan me få betalt noko av dette tilbake. Ikkje på sosialt grunnlag, men som takk for kva artistar frå desse delane av verda har betydd og gjeve av inspirasjon.

Slike prosjekt vil også gje ny inspirasjon for oss her på berget. Om me berre lullar oss inn i sjølvfornøgd egoisme, og blir for opptekne av å karre til oss sjølve, endar med fort opp som heimfødingar utan perspektiv - og utan vener.

Utan levelege vilkår for levande musikantar og andre utøvande kunstnarar av kjøt og blod - innan alle sjangrar - inga levande framføringar. Og utan levande framføringar og pengar til levande musikk, blir det så som så med Kulturnasjonen. Og det blir dønn keisamt å leva.

Ja, fellesskapen i Fond for utøvande kunstnarar lever og er naudsynt som aldri før,- og det er verdt ein fest!

Gratulere med 50-års jubileet!

Loven som hjemler Fond for utøvende kunstneres virksomhet er 50 år den 14. desember i år. Fondet vil markere 50-års jubileet på flere måter. På selve dagen utdeles Rolf Gammleng-prisene ved et større arrangement i Gamle Logen i Oslo. Prisbeløpene er i anledning jubileet hevet, og det vil bli delt ut en ærespris på kr 50.000 og ni priser på kr 40.000 hver. Forslag til prisvinnere er sendt inn fra utøverorganisasjoner og fonogramprodusentene i Norge. Navn på prisvinnere vil bli offentliggjort den 14. desember.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no