Intro-komponist Torvund og Bernhardt: Konseptuelle og kritisk undersøkjande

Denne hausten har Rikskonsertenes INTRO-musikarordning gjennom ei felles satsing med Musikkinformasjonssenteret og Utenriksdepartementet vorte utvida, og omfattar no to komponist-talent i tillegg til musikarane. Øyvind Torvund og Emil Bernhardt er valt ut som dei to første INTRO-komponistane, og i tre år framover vil dei få hjelp til lansering av verka sine. I dette intervjuet fortel dei to komponistane meir om verksemda si. - Eg er nok ganske oppteken av å blåsa opp eksisterande musikalske formar til det ekstreme, seier Torvund til Ballade. - Jeg mener at noen av de største opplevelsene av musikk er når man kan oppleve noe som er forskjellig fra en selv, seier Bernhardt.

INTRO-komponist 2006, 4

Av Ida Habbestad

Korkje Torvund eller Bernhardt har fått tid til å leggja dei heilt store planene for dei komande åra, og meiner det er for tidleg å uttala seg om kva INTRO-programmet vil bety for dei. I første omgang er dei godt nøgde med merksemda som har vorte dei til del, og det med god grunn. Gjennom INTRO-programmet vil dei to komponistane få ei rekkje tilbod, som mellom anna omfattar hjelp til å skaffa internasjonale kontaktar, høve til deltaking under workshops og festivalar, hjelp til fremføringar av verk, bestillingsoppdrag, og utvikling av informasjonsmateriale.

Hovudmålet for dei begge er først og fremst å få ytterlegare høve til å fordjupa seg i verksemda si, som dei fortel meir om i dette intervjuet.

Modig og udogmatisk
Det er to travle og engasjerte komponistar me møter. Torvund har, etter fullført utdanning ved Norges Musikkhøgskole og ved Berlin UdK (Universität der Künste Berlin) med Friedrich Goldmann som lærar, vore huskomponist for Oslo Sinfonietta (2003 og 2004) gjennom Norsk kulturråds aspirantordning. Dinest var han, i lag med Nicholas Møllerhaug, kunstnarleg leiar for samtidsmusikkfestivalen Music Factory i Bergen, og er no programmedarbeidar i Borealis. I tillegg til verksemda som komponist er Torvund dessutan gitarist og improvisator, og har spelt med mellom andre No Spaghetti Edition og Frode Gjerstad.

Bernhardt har bakgrunn som utøvande fiolinist, med utdanning frå Barratt Dues musikkinstitutt. Han byrja å studera komposisjon ved Norges musikkhøgskole frå 2000, og hadde eit opphald ved Staatliche Hochschule für Musikk i Freiburg, med professor Mathias Spahlinger. Bernhardt har skrive for ei rekkje enkeltmusikarar, samt ensemble som Oslo strykekvartett, Cikada strykekvartett, Oslo Camerata og ensemble asamisimasa. I tillegg har han vore styreleiar for Ny Musikks komponistgruppe, og er for tida redaktør for tidsskriftet Parergon.

Om musikken deira, skriv INTRO-juryen kort og godt: ”Øyvind Torvund har vist stor konseptuell styrke, og fremstår som en modig og udogmatisk komponist. Emil Bernhardt viser evne til kritisk undersøkelse i sin musikk, der han gjerne fokuserer på et lite, konsentrert område.”

Musikk med kommentar
Denne korte oppsummeringa er sjølvsagt generell, men gjev eit godt bilete på kva dei to held på med. Men det er sjølvsagt også mykje meir. I Bernhardts verk ”Musikk med kommentar”, som nyleg vart urframført av asamisimasa under ein festival i Freiburg, er det ikkje berre ”det vesle” Bernhardt har under lupa:

- ”Musikk med kommentar” er et stykke som er ganske strengt komponert, fortel han. - Det er helt klassisk partiturmusikk komponert fra start til slutt, men som forsøker å utfordre begreper som nettopp start og slutt, ved at Janne Berglund, som er vokalist i asamisimasa, gjennom stykket snakker, gir beskrivelser av musikken. Ofte sier hun helt konkret akkurat det som skjer. I begynnelsen sier hun for eksempel ’start’, og i takt fire sier hun ’takt fire’. Samtidig er det en selvmotsigelse i det, for selve det musikalske forløpet kommer ikke før mot slutten. Selv om hun sier ’start’ på begynnelsen, er det altså ikke den egentlige starten, den kommer først til slutt. Det er mange slike selvmotsigelser gjennom første del av stykket.

- Det er vel slik at du har lagt programkommentarar inn i stykket; at musikken kontinuerlig vert kommentert? spør Torvund.

- Ja, og det er et forsøk på å undersøke forholdet mellom selve stykket i fremføringsøyeblikket og omtalen av det, svarer Bernhardt. - Det er noe jeg har jobbet med i det siste. Ellers har jeg jobbet mye med forskjellige overflatefeltstykker, og jeg har også gjort noe av det samme som Øyvind har gjort, bare i mer fiksert form. Hos meg er ikke partituret fritt for musikeren, og noe av det utøveren ville gjort i Øyvind sitt tilfelle, har jeg gjort på papiret – men på en slik måte at den samme typen uforutsigbarhet ideelt sett vil oppstå. Et eksempel på en slik tankegang er orkesterstykket ”Minutter (3)”, som jeg skrev for KORK, ”Sats 2 - (eksempel)” for fiolin og piano som ble urfremført på Ultima, og et stykke for solo tistrengsgitar, ”Please Note”, som skal urframføres av Anders Førisdal under Cutting Edge i London.

Musikarane får bestemma timinga
Det går av samtalen raskt fram at det temaet komponistane helst snakkar om er ulike idear om musikk og komposisjon, og frå dei assosiasjonane som måtte vera til stades, vender ein stadig attende til samtalen om verka. Formmessig eksperimentering, utfordring av etablerte omgrep og undersøkinga av det føreseielege er døme på område dei to komponistane er opptekne av. Og når Bernhardt snakkar om kva Øyvind har gjort, refererer han mellom anna til høvet for improvisasjon, og til fridomen musikarane ofte får i Torvund sine verk. Torvund gjev døme – med utgangspunkt i ”Tune Park” som er under arbeid, og som skal framførast av det britiske kammerensemblet plus-minus under Cutting Edge-festivalen i London

- ”Tune Park” er eit ganske ope stykke, som består av små modular eller byggjeklossar som musikarane set saman. Tanken er at eg kan utvida det med å leggja til nye instrument - eller trekkja frå, seier han:

- Eg er gjerne interessert i å arbeida med slike små, konsentrerte, fikserte stykker musikk, som ein kan setja saman i nye komposisjonar – både oppå kvarandre og etter kvarandre – i ei større tidsramme. Om musikarane sjølve bestemmer timinga, vert det ei anna tidkjensle enn dersom dei må sitja og telja. I beste fall føler musikarane at dei bidrar til å forma stykket.

- Ein annan grunn til at eg likar å jobba med dette er at når ein ikkje berre fikserar desse små stykka og er fokusert på detaljplan, men sjonglerar med dei og set dei i nye kombinasjonar, oppstår nye ting som ein ikkje kunne føresjå.

- Det er noe med at man kanskje finner et punkt hvor man kan selv bli lytter til sin egen musikk, seier Bernhardt. - Det har jeg opplevd når jeg har arbeidet med tilsvarende teknikker, at det hele tiden oppstår ting man bare kunne ha en slags svak anelse om. I partituret er det også ofte vanskelig å vite hva som må presiseres og hva som kan overlates til utøveren. Ofte bruker man mye tid på å presisere noe som ikke var viktig, og som ikke kommer gjennom likevel. Dette kan være frustrerende fordi arbeidsmengden ikke oppleves som proporsjonal med utbyttet.

Tagging og rosemaling
I skjæringspunktet mellom kontroll og ikkje kontroll finst andre spanande utfordringar. Ei av desse er overleveringsformen i seg sjølv.

- Tanken er òg at ein del av stykkene eg skriv skal kunna lærast vidare muntleg, fortel Torvund. - I den traderingstanken ligg òg overføring frå grafiske ting til musikk. Til dømes har eg laga fleire stykke basert på ornament eller tagging og rosemaling, der eg har omsett konturane til musikk. Dette genererer veldig korte snuttar som passar inn i ”Tune Park”-systemet, som består av vers og refreng. Det kan skildrast generel;: verset er bygd opp av stadig nye kombinasjonar av korte lydar, medan refrenget er ein kontinuerlig lyd. I ytterste konsekvens kan refrenget ha form av ein installasjon som er statisk og varande, medan verset vert meir konsentrert lytting. Eg er nok ganske oppteken av å blåsa opp eksisterande musikalske formar til det ekstreme, seier Torvund:

- ”Tune Park” er eit slikt stykke som eg trur kan veksa seg større i kombinasjon med installasjonar og ulike andre element. Eg tenkjer på det, som det går fram av tittelen, som eit område som kan fyllast med nye element; at det er eit verk som både kan spelast i form av eit enkelt konsertstykke på fem minutt, til ein full konsert.

Eit stakkarsleg rop om merksemd?
Dei to har komponistane har gjort seg bemerka på kvar sine vis, for verka sine, og det dei står for. Torvund har hausta mykje god kritikk for sin musikk, og det er som nemnt av biografien ikkje første gang han som komponist får ei langvarig tilknytning til ein institusjon; noko som ikkje er alle komponistar til del. Men ikkje all kritikken har vore god. I eit forsøk på å henta fram bakgrunnsmateriale for samtalen, kjem me over ein om lag eitt år gamal artikkel på Ballade, der ein komposisjonsstudent under pseudonymet Flemming Bye-Jacobsen skreiv følgjande om eitt av Torvund sine verk:

”(…) hva er det komponisten vil oppnå egentlig? Er dette riktig disponering av kulturpengene våre? Dette er ting som går så langt inn i det konseptuelle at det bare fremstår som et stakkarslig rop om oppmerksomhet, og får disse begavede og høyt profilerte musikerene til å fremstå som naive tøysekopper som får folk til å riste på hodet og skyve det allerede marginale publikummet for ny musikk enda lengre unna.”

Korleis møter du ein slik kritikk?

- Kritikken som kom, kom frå folk som ikkje har sett det, seier Torvund. - Eg kan òg verta irritert dersom eg føler at nokon lagar noko berre for å provosera. Og eg trur kanskje det framsto som eg ville provosera på NRK, der det var eit innslag om stykket. Det er ein diplomatisk tanke, kanskje, at ”alle hadde nok likt det dersom dei hadde vore der”, men eg kan ikkje ta kritikk seriøst dersom det er kritikk basert på en forhåndsomtale.

Musikk som sosialt prosjekt
Bernhardt finn ein òg på Ballade, som deltakande i den offentlege debatt, med eit innlegg om musikkritikk i etterkant av Ultima-festivalen. Musikkritikk er dessutan eit sentralt emne for Bernhardt i hans arbeid med tidsskriftet Parergon. Kva tenkjer han om debatten om musikk?

- På en måte er musikken et sosialt prosjekt, seier Bernhardt. - Vi opplever musikk i et sosialt rom: man snakker alltid om musikk - og jeg tror man må snakke om den, selv om det er vanskelig. Jeg synes det er spennende når man analyserer den isolerte lyttersituasjonen som en funksjon av noe sosialt. Jeg mener at det alltid er et forhold mellom egen privat erfaring og allmenngjøringen av den, og at når man snakker om sin private erfaring, er det en slags lytterinnstilling som må leses i en sosial sammenheng. Man velger jo alltid å isolere fra noen andre.

- Dette er en kjepphest jeg har hatt i det siste; jeg mener at når man snakker om den isolerte, konsentrerte lyttingen, er dette likevel begreper og ideer som oppstår i samtale på en eller annen måte, og dermed som resultat av noe sosialt. Og jeg mener at noen av de største opplevelsene av musikk er når man kan oppleve noe som er forskjellig fra en selv. Slik blir musikken en utfordring i forhold til hva som er en selv og slik blir musikken sosial også på et annet nivå. I lys av sånne refleksjoner at jeg mener at det er viktig med en samtale om disse tingene.

Eit første gløtt – og komande planar
Så langt kjem ein i første omgang – i det som vel berre er eit lite gløtt inn på dei to komponistane sine interesseområde. Mykje tyder imidlertid på at ein gjennom dei tre komande åra vil få mange sjanser til å stifta nærare kjennskap til dei to INTRO-komponistane. Først ut er framføringane deira under Cutting Edge i London i november, og framføringa av Torvunds ”Bandrom 4” i London til våren. Meir informasjon om dei Torvund og Bernhardt finst òg i artiklane under.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no