Hallvard Kvåle: Årets Bjellesau

Kvåle er vinner av Bjellesauprisen 2006 for sin fremragende innsats for norsk folkemusikk både som utøver, plateprodusent og utgiver. Ballade hyller Kvåle ved å bringe videre denne teksten som er ført i pennen av Arne Sigurd Haugen ved Nynorsk Pressekontor. Kvåle er en institusjon i norsk musikkliv, mener Haugen. - Hallvard Kvåle er ein av dei som har klart å gjere eit levebrød ut av det som har vore den store interessa i livet, nemleg musikken.

Hallvard Kvåle (Foto: Tore Skaug)

Av Arne Sigurd Haugen

For dei fleste vil vossingen Hallvard Kvåle vere kjent som mannen bak plateselskapet Heilo, ein institusjon i norsk musikkliv dei siste 30 åra.

Sidan slutten på 1970-talet er dei aller fleste og beste folkemusikkutøvarane her i landet gjevne ut på Heilo-etiketten.

Urvossingen
Sjølv om han har budd på austlandet og hatt sitt virke i hovudstaden det meste av sitt vaksne liv, er han vossing i sjel og sinn. Ein slag urvossing, påstår dei som kjenner han. Her vaks han opp i ein heim der hardingfela let jamt. Både faren og ein av brørne spelte hardingfele og ein onkel var felemakar.

- Det aula av felespel både ute og inne, heile året, har Hallvard fortalt.

Alt tidleg på 60-talet kom Hallvard til Bærum, og var aktiv i jazzmiljøet i Asker i fleire år, men då han fylte 30 år ”konverterte” han til hardingfela og folkemusikken. Ved sida av si kjære Tone er det fela og folkemusikken som har vore det viktigaste sidan.

Hallvard Kvåle er ein av dei som har klart å gjere eit levebrød ut av det som har vore den store interessa i livet, nemleg musikken.

I mange år var han tilsett i musikkforlaget Arne Bendiksen, der han også produserte folkemusikk, via Ole Paus Produksjonsselskap fram til han starta sitt eige selskap, Heilo i 1979.

Heilo
Hallvard kjende pulsen i musikkmiljøet og forstod straumdraga i folkemusikken i kjølvatnet av 1960-talet og EU-avstemminga i 1972. Han høyrde og såg at noko var i gjære, og han ville vere med og fange det opp og gje det ut på fonogram. Samspel på eksperimentelt grunnlag og nye tankar og idéar om instrumentering og arrangering hadde begynt å løyse ut hjå ein del av dei unge utøvarane.

Etter bortimot hundre år med meir eller mindre reint vedlikehald av dei gamle slåttane, som var utbygde og reinskorne rundt inngangen til 1900-talet, kom det no utøvarar med mangfaldig musikalsk bakgrunn som ville noko meir.

Alt i 1977 fekk plata ”I heitaste slåtten” med Ånon Egeland og Per Midtstigen det gjæve Spellemann-trofeet. Kven var produsent? Hallvard Kvåle.

Grunnlaget var lagt, og selskapet Heilo fekk ein ”flying start”. Den første utgjevinga, ”Slinkombas” fekk også Spellemannprisen. Dermed var Hallvard Kvåle i gang for alvor. Desse to første platene er blitt ståande som merkesteinar i folkemusikklandskapet. Det skulle bli fleire.
Eit høgdepunkt var det tvillaust då Hallvard fekk sin eigen Spellemannpris, ”Bransjeprisen” i 1985. Det har vorte fleire prisar. Selstreff-prisen i 1993, Rådet for Folkemusikk- og folkedans sin pris, for å nemne eit par som har gleda han mykje.

Med ein katalog på rundt 150 utgjevingar vart Heilo i 1995 overteke av Grappa Musikkforlag. Hallvard følgde med på lasset og jobba i Grappa i mange år, med folkemusikkproduksjonar for Heilo-katalogen. Ikkje alle utgjevingane var reine folkemusikkproduksjonar, eit og anna sidesprang har det vore rom for. Grappa Musikkforlag fører Heilo-tradisjonen vidare .

Ein åndeleg leiar
Men det er ikkje berre nasjonalt at Hallvard Kvåle har sett spor etter seg. Som den ekte spelemannen han er gror det etter han også lokalt. I 20 år har han vore fast spelemann for Folkedansgruppa Bæringen, både i og utanfor Bærumsbygdene. Ikkje minst på talrike turar utanlands.

I 1993 starta han Bærum Spellemannslag, saman med 5-6 eldre spelemenn. Laget har vore faste spelemenn på talrike arrangement i Bærum kvart einaste år sidan, i Bygdelagssamskipnaden i Nordahl Brunsgt. i Oslo og ved ei rekkje arrangement på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Hallvard har vore både formann, musikalsk leiar for laget og instruktør i hardingfelespel i mange år.

Heilt frå starten har spelemannslaget lagt vekt på rekruttering.

Bærum Spellemannslag har mange dyktige unge utøvarar med gode resultat både i solo og samspel frå Landskappleiken og andre kappleikar.

I dag har Bærum Spellemannslag om lag 40 medlemmer og av desse er rundt halvparten aktive utøvarar. To av dei første ungdommane i laget, Tuva Syvertsen og Erik Sollid gjer det skarpt i haust i fjernsynskonkurransen Kjempesjansen i NRK. Saman med valdrisen Ola Hilmen i gruppa Valkyrien Allstars er dei det fremste beviset på kor godt det gror i Kvåle-spor. Valkyrien Allstars fekk tidlegare i haust Grappas debutantpris og har utnemnt Hallvard Kvåle som sin åndelege leiar.

Hallvard har slutta som musikkprodusent, men han har framleis elevar i hardingfelespel. Han spelar fast for Bæringen og tek flittig fram hardingfela så snart høvet byr seg.

Og det gjer det ofte.


Bjellesauprisen ble innstiftet av FONO i 1994 og tildeles ved jevne mellomrom personer eller institusjoner som, ved å vise vei (være Bjellesau), har gjort en helt spesiell innsats for norsk musikk.

Tidlgere vinnere:
1994: NRK P1 ved Per Ole Hagen og Kirkelig Kulturverksted ved Erik Hillestad
1995: Voices Of Wonder ved Ketil Sveen og Dag Krogsvold
1996: Norske Gram ved Gunnar Hordvik
1997: Grappa Musikkforlag ved Helge Westbye og Rockefeller Scene ved Hans A. Lier
1999: Åge Aleksandersen
2000: Per Eirik Johansen
2001: Rune Larsen
2002: Jan Eggum
2003: Valgerd Svarstad Haugland
2004: Audun Tylden

Ballade gratulerer med dette Hallvard Kvåle som Bjellesau 2006.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no