Årets 10 norske plater - Ida Habbestad

Nok eit mogleg utval av årets ti beste plater vert presentert i denne artikkelen. Gamalt og nytt står side om side, og representerer spennet innan kunstmusikkfeltet – og det diffuse grenselandet i kring. Felles for alle desse platene er at dei tiltalar meg – ikkje berre gjennom sin høge kvalitet, men òg gjennom den dedikerte overbevisninga kvar av desse utøvarane på sine ulike vis tykkjest leggja til grunn for det dei held på med. Kompromisstlaust god musikk, ganske enkelt – og samtlege plater kan anbefalast på det sterkaste.

Ida Habbestad

Hans Christian Bræin: Brahms komplette kammermusikk for klarinett (Simax)
I høve utgjevinga av denne CD-en uttalte Hans Christian Bræin følgjande:

- Det er vanskelig å uttrykke med ord hva det er med Brahms - men det har noe med varme å gjøre. Det at han ikke triumferer, at han ofte er åpen og stille, ikke konkluderer på en måte, det tiltaler meg. Og så tror jeg det klinger i min natur, slik jeg er som menneske. Det indre i Brahms, det tror jeg rører ved meg.

Med det har Bræin sjølv sett ord på mykje av uttrykket i denne framføringa, som er min desiderte favoritt i 2006. Bræin er ein audmjuk musikar; lyttande, open og stille. Ikkje konkluderande, men evig varm, talande og uttrykksfull. Nettopp det indre ved framføringa er det eg trur rører ved meg.

Einar Henning Smebye: Fartein Valens komplette klavermusikk (Arena)
Denne plata fekk for lite merksemd då den kom i 2005 og fortjener plass på årets liste. Ein fantastisk komponist framført av ein fantastisk musikar, korkje meir eller mindre. Fartein Valen vert portrettert frå sin tidlege tonale periode, der berre forsiktige innslag av kromatikk gjev varsel om den atonale utviklinga komponisten etterkvart rører seg mot. Frå Opus 22 vert ei ny verd introdusert; ekspresjonistisk, men òg innettervend – djupt alvorleg, men òg tidvis leikande. Og til slutt, i Opus 36, ein intens Toccatta som tonar ut, meir og meir sart mot ei avklart stille. Smebye formar det heile som om ingen nokon gong kunne ha problem med å tileigna seg denne musikken, og gjev liv til melodiar, motiv og nyansar så naturleg og intuitivt som få andre kan.

Cikada strykekvartett: In Due Tempi (verk av Saariaho, Cage og Maderna) (ECM)
Cikada mottok Nordisk Råds Musikkpris i 2005 – ikkje lenge etter at strykekvartetten gav ut denne plata. Produktet er med på å understreka grunngjevnaden frå Nordisk Råd, der dei mellom anna påpeikar ensemblets kompromisslause satsing på kvalitet i alle ledd. Utgjevinga er utan kompromiss, og komponistane som er presentert på plata kan heller ikkje seiast gå på akkord med sine idear. ”I am not interested in the result of my work, I am interested in being alive”, uttalte John Cage ein gong, og framhevar kanskje med det at også musikken – eller det aspektet ved musikken som for han er interessant – er noko som berre er til. Cages kvartett på denne CD-en henstillar lyttaren på mange måtar til ein meditasjon; ein lyttar vel så mykje til stilla og tida – kanskje òg til sin eigen eksistens – som til det reint musikalske forløpet, som nettopp berre er. Også Saariahos mystiske, flytande verd gjer sterkt inntrykk.

Marianne Thorsen og Trondheimsolistene: Mozart fiolinkonserter 3-5 (2L)
Eit heilt anna univers presenterast i denne plata. Marianne Thorsen og Trondheimsolistene spelar den gamle musikken så friskt og vitalt at einkvar ytring om at det manglar levande framføringar av klassisk musikk vert slått til bakken. Plateselskapet 2L gjev ut all sin musikk på Super Audio CD og dersom ein har fleirkanals anlegg kan ein oppleva resultatet i surround.

Det Norske Solistkor: Telling what is told (Simax)
”Hear” er etter mi meining framleis Solistkoret si beste utgjeving, men ”Telling What is told” byr på mange av dei same kvalitetane eg held for å vera Solistkoret sitt varemerke. Klangen er heilstøypt, ung, rein og homogen – men med rom for kvar individuelle stemme. Grete Pedersen formar linjer tidvis som det var eit strykeensemble ho hadde for handa, men viktigst av alt er at teksten får ein sentral plass, og at koret alltid lukkast formidla innhaldet i det dei syng. På denne plata er det tekstar av Shakespeare som legg rammene, med musikk komponert i det 20. århundret. Tingingsverka av Alfred Janson og Håkon Berge omkransar dei andre komposisjonane, og er etter mi meining høgdepunkt – likeeins kan det klassiske knippet songar av Frank Martin frå ”Stormen”, og – ikkje minst – Søren Barfoeds ”Sonette” gjerne trekkjast fram.

Femail: Blixter Toad (Asphodel)
Usikkerhet og forventning, irrasjonalitet og surrealisme, det leikne, prinsippet om at alt er mogleg – det er mange ting som kjenneteiknar Fe-mails musikk. Inspirasjonen frå dyreriket er kanskje ikkje er så opplagt som dei legg opp til – men om ein vil er assosiasjonane likevel mange (høyr for eksempel på ”The Horizontal Density Of Humanity”). Det er stadig imponerande korleis Fe-mail klarer å fanga mi interesse gjennom lang tid; sjølv om dei arbeider med konsentrert materiale, skjer det alltid noko nytt. Den andre av dei to CD-ane bringjer overraskande mykje ro frå to til vanleg så energiske kvinner, og dei avrundar med ein Ballade som er usedvanleg vakker, minimalistisk og stille.

Sidsel Endresen: One (Sofa)
Assosiasjonane haglar også her – men over eit endå meir konsentrert materiale. Den einsame utforskinga av stemma innbyr til konsentrert lytting i lange strekk. Presist, enkelt, nakent, ekstremt.

Great Norwegian Performers 1945-2000, Vol. 1 (Simax)
Simax er i gong med ei lansering av norske utøveres gjennom siste del av førre århundret. Forutan å vera eit viktig kulturhistorisk arbeid, er kvaliteten på framføringane overraskande god, og på den første CD-en (med Marit Isene, Ernst Glaser, Arild Sandvold, Ørnulf Gulbrandsen og Robert Riefling) er det fleire imponerande bidrag. Særleg er det Sandvolds framføring av variasjonsverket ”Hvo ene lader Herren raade” (Lindeman) som har gjort at plata fekk plass her. Den som tykkjer orgelet er eit udynamisk intrument, bør høyra Sandvold sine registreringar, frå det heilt enkle til full tyngde og pompøsitet – nærmast som ei orkestrering. Det er for øvrig også ei oppleving å høyra Robert Riefling sine tolkingar av Bach.

Sveinung Bjelland: Sonater av Scarlatti og Mendelssohn (Simax)
Dette er Bjellands første solo-innspeling. Han har nytta høvet til å spela inn musikk som sjeldan er framført her til lands, og har dessutan gjort ei ganske original samanstilling av desse to komponistane som representerer kvar sin ende av ein stilistisk periode; den galante. Bjelland spelar raffinert, med stor briljans; lyst, enkelt og klårt.

Oslo Strykekvartett: Beethovenkoden
Beethovens strykekvartettar er endå ikkje blitt spelt inn av Oslo Strykekvartett, men dei burde bli det – og desse framføringane har vore mellom dei store musikkopplevingane dette året. Fordelt over to veker kunne ein få høyra ikkje berre den totale produksjonen, men òg bidrag frå ulike personar innan andre fagfelt. Arrangementet var ein suksess, både med tanke på tilslutning og gjennomføring, men vel så mykje med tanke på den gode ideen, komposisjonen, samansetjinga av kvartettar, det korte spennet i tid og satsingsvilja frå alle involverte partar.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no