Invitasjon til å søke medlemskap i Riksscenerådet

Interimsstyret for ei Riksscene for folkemusikk og folkedan inviterer no alle aktuelle folkemusikk- og folkedansorganisasjonar til å søke om å bli medlemmer av Riksscenerådet innan 20. februar. Skipingsmøtet vert avvikla i Oslo fredag 16. mars. - For å lykkast med Riksscenen, er vi heilt avhengige av brei oppslutnad frå alle aktuelle organisasjonar, seier interimsstyret i brevet til organisasjonane.

Tarjei Haugen, Riksscena for folkemusikk og folkedans (Foto: Kvinten)

Interimsstyret består av Tarjei Haugen (leiar), Randi Skeie og Nils Mathis Sara.

Utvalet som har arbeidd med etablering av Riksscene for folkemusikk og folkedans, innkalla den 14. desember 2006 stiftarane av Riksscenen til møte i Oslo.

På dette møtet la utvalet fram si endelege innstilling, og det vart valt eit interimstyret som skal fungere fram til skipingsmøtet. Norsk folkemusikkformidling held førebels fram som sekretariat for Riksscena.

Interimstyret har laga framdriftsplan for etableringa, der det blir lagt opp til skipingsmøte i Oslo fredag 16. mars.

Før dette går no interimsstyret ut og ber alle aktuelle folkemusikk- og folkedansorganisasjonar å søke om å bli medlemmer av Riksscenerådet, og også sende inn eventuelle forslag til endringar i utkastet til vedtekter frå Rikssceneutvalet.

Dette må skje innan innan 20. februar. Innan den same tidsfristen ynskjer også interimsstyret forslag til styremedlemmer i stiftinga.

Innkalling til skipingsmøte vert sendt ut 26. februar. Alle som har søkt om å bli medlemmer av Riksscenerådet, får innkalling til skipingsmøtet. Sakliste for møtet er tatt inn i framdriftsplanen.
.
- For å lykkast med Riksscenen, er vi heilt avhengige av brei oppslutnad frå alle aktuelle organisasjonar, seier interimsstyret i brevet til organisasjonane.

På denne sida hos folk og dans.no kan interesserte lese brevet frå interimsstyret, framdriftsplanen, vedtektsutkastet - og instillinga frå Rikssceneutvalet.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no