Ny kveld med OsloFolk

OsloFOLK starter det nye året med FolkemusikkQuiz, arkivdykk fra NRK og konsert med vinnerne av Landskappleiken 2006: Aslak Brimi og Jan Beitohaugen Granli.

Aslak Brimi

Tidsplan for kvelden:

Kl. 19.00 - Dørene åpner
Kl. 19.15 - Folkemusikkquiz v / DJ- Ørn

Kl. 20.00 - Dykk i NRK-arkivet:
Gunn Gausemel fra NRK presenterer diverse TV og radioopptak med spelemannen Hans W. Brimi. (1917 - 1998)

Kl. 20.30 - Konsert med Aslak Opsahl Brimi og Jan Beitohaugen Granli

I følge arrangøren er det flere likhetstrekk mellom disse to felespillerne:

- Båe kjem frå spelemannsfamiliar i Oppland, båe har studert folkemusikk på Rauland og båe to vann landskappleiken på Beitostølen i fjor. Aslak vann A-klassa på vanleg fele, medan Jan tok heim sigeren i A-klassa for hardingfele.

OsloFolk beretter følgende om de to spelemennene:

Aslak Opsahl Brimi (født 1983) er oppvaksen i Garmo i Lom. Han er født inn i ein folkemusikkfamilie, og både far Rolv og bestefar Hans W. spelte fele. Aslak starta med felespel hjå far sin som 8-9 åring, og fekk etterkvart Bjørn Odde som læremeister. Det er slåttetradisjonen i Ottadalen som er musikken til Aslak, og det er det som kjem fram på debutplata Blå september. Det er og særs viktig for han å vidareføre musikken og spelestilen som bestefaren Hans W. Brimi stod for.

Etter at Aslak starta å stille på kappleikar i 1999, har han fleire gode plasseringar å vise til. Han vann C-klassa på fele på Rauland i 2001, og B-klassa på Gjøvik året etter. I A-klassedebuten i Eidfjord 2004 kom han til finalespelet, og vart til slutt nr 2.

Jan Beitohaugen Granli (født 1979) har spelt hardingfele sidan han var 7 år, lærte hjå Trygve Bolstad i 12 år, ellers hjå Tore Bolstad, Magnus Dahleng, Harald Røyne og til sist Olav Jørgen Hegge. Kjem or spelemannsætt, der tippoldefar Nils Beitohaugen og sonen hans, Engebret Beitohaugen, er mest kjende.

Jan Beitohaugen Granli er ein av våre aller mest meritterte spelemenn til tross for sin unge alder. Han gav ut plata ”Lite Nemmar” i 2003 som vart nominert til spelemannspris i klassa folkemusikk, han har vunne Fanitultevlinga på Ål to gonger, A-klassa på Landskappleiken tre gonger, 2002, 2004 og 2006 med Kongepokalen i 2004 som førebels krona på verket.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no