Hallgrim Berg: Om byråkrati, Hatlevik og platecover

Innkjøpsordningens Hallgrim Berg ytret tidligere i denne uken ønske om tydeligere og mer opplysende omslag på norske utgivelser, noe som har terget opp både artister, utgivere og formgivere. Musiker og musikkskribent Svein Egil Hatlevik ga Hallgrim Berg så hatten passet i gårsdagens Ballade, og får her et åtte punkters svar fra mannen, som slett ikke vil ha det på seg at han er mer opptatt av saksbehandling enn kunst.

Rune Grammofon: Money will ruin everything

Hatlevik og platecover
 

Av Hallgrim Berg, kulturist


Musikkraljøren Svein Egil Hatlevik er på nytt i farten. Sist var det ei melding av Odd Nordstoga si plate, der sjølve musikken ikkje vart omtalt, då skribenten var meir oppteken av Nordstoga sin suspekte funksjon som sentralt ledd i ein rural konspirasjon.
 

Denne gongen er det ein kommentar til mine oppfatningar om kule og minimalistiske plateomslag. Eg ber om spalteplass for følgjande:

 

1) Eg har ikkje hatt noko "utspill" i NRK, men har svart ubyråkratisk på eit par spørsmål som P2 og P1 stilte meg i telefonen.

 

2) Eg er ikkje leiar for Innkjøpsutvalet for fonogram, berre eit vanleg medlem.

 

3) Eg uttalar aldri noko som helst på vegne av Kulturrådet, men gir uttrykk for personlege meiningar.

 

4) Eg har ikkje "trukket frem plateselskapet Rune Grammofon" i denne samanhengen - det var det NRK som gjorde. ( Likar sjølv omslaga til RG godt, og har difor mange av CD'ane i hylla her i heimen).

 

5) Hatlevik nyttar seg av ein gjennomført uærleg debattmåte: Han lagar seg høvelege sitat av meg, i direkte tale og med hermeteikn rundt, for deretter å argumentere mot det eg har "sagt." Snedig, men falskt.

 

6) Folkemusikkutgivelser (pluralis) er ikkje alltid mønstergyldige, slik raljøren påstår at eg hevdar. Men "Rammeslag" med Sandèn-Warg og Brokke er døme på ein mønstergyldig produksjon, både med god informasjon, fin utteikning og utstyr, og med uvanleg godt spelt musikk inni. Kan gi nyting, lærdom og ettertanke både i utlandet og i innlandet.

 

7) Hatlevik konkluderar med at eg må vera ein byråkrat som ikkje elskar god musikk, eller at eg tenkjer meir på saksbehandling enn på kunst. Begge delar er feil.

 

8) Hatlevik meiner at eg vil ha straumlineforma CD'ar så folk av min type slepp å arbeide overtid. Eg opererar ikkje med normal arbeidstid, og slepp difor å jobbe overtid.

 

Hallgrim Berg, kulturist

 
 

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no