Kabaretsongar på ny måte

Måndag 5. mars kl. 18 i Levinsalen held stipendiat Kristin Kjølberg saman med Ivar Anton Waagaard konserten "Last night at half past nine he seemed O.K." med kabaretsongar av Weill, Zemlinsky, Satie, Poulenc, Dringe, Barber og Bolcom.

Kristin Kjølberg

Songtekstane inneheld mye undring, fortviling, svik, kjærleiksorg, lengsel, konflikt og forelsking. Songane er lekne med ein del jazzelement. Kabaretsongane er skrive frå 1920 og fram til i dag.

Eksperimentering og nyskaping
- Eg eksperimenterar med å veksle mellom teatersong og klassisk song. Med på konserten er også ein mannleg utstillingsdokke som har fått stemme av skodespelaren Sigurd Myhre, fortel Kristin Kjølberg.

Musikkhøgskolen arbeider kontinuerleg med korleis musikk blir formidla, og har starta ein ny konsertserie kalla pilotkonsertar. Dei har som kjenneteikn at dei bygger på annleis idear, uttrykksmåtar og formidlingsformer. Konsertane er prega av nyskaping og nyorientering. Kristin Kjølbers konsert måndag 5. mars er ein slik pilotkonsert.

Musikkoppleving
Konserten er ein del av doktorgradsprosjekt hennar om formidling av romansar. Her vil Kjølberg leggje til rette for musikkopplevingar. Tilrettelegging er i denne samanhengen å ta i bruk andre kunstnariske uttrykk i konserten.

- Den vokale kammermusikken konkurrerer med mange ulike kunstnariske uttrykk, innan teater, film, dans og musikk. Eg trur det er heilt nødvendig at songarar og musikarar heile tida utviklar vidare kunnskapar og ferdigheitar om kommunikasjon for å vere i stand til å lage interessante konserter, seier Kristin Kjølberg.

Kjølberg har også nyleg fått publisert ein artikkel i "Dutch Journal of Music theory" under tittelen "Performance Communication: Skills and Insight for Classical Singers".

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no