Har Flagstad fått oppreisning god nok?

Ved utgjevinga av den nye Flagstad-biografien tykkjest hovudspørsmålet å vera om Flagstad har fått god nok oppreisning etter handsaminga ho fekk av staten etter krigen. "Det offisielle Norge har kanskje ikke sagt unnskyld til Flagstad-familien, men oppreisning har hun fått” skriv VG sin kommentator, Yngve Kvistad om utgjevinga av den nye Flagstad-biografien. - Portrettet på 100-kroner-seddelen kommer lovlig sent sett med Flagstads øyne, og det har ikke vært foretatt noen tilsvarende opprydning som denne boka representerer, sa advokat Cato Schiøtz under boklanseringa i går.

Kirsten Flagstad-bio

Av Ida Habbestad

Forlaget Transit lanserte i går Ingeborg Solbrekken si nye bok om Kirsten Flagstad. Boka er ein oppfølgjar til eit større biografisk verk, ”Stemmen” som Solbrekken gav ut i 2003. Då ho skreiv den første biografien forsto Solbrekken at ho ikkje ville verta ferdig med å utforska saka etter krigen mot Flagstad og ektemannen Henry Johansen – og det måtte komma ei ny bok; ”Galskap og rettergang. Landsvikssaken mot Kirsten Flagstad og Henry Johansen”.

- Under og etter krigen fikk hun en svært simpel behandling; jeg vil gå så langt som til å hevde at hun ble utsatt for et justismord, skriv Solbrekken i innleiinga.

Politisk naivitet

- Det er vanskeleg i dag å forstå kva for ein posisjon ho hadde, sa journalist Øystein Rakkenes innleiingsvis under lanseringa, og viste til at Flagstad i året for krigsutbrotet heldt ein konsert i New York for over 400 000 tilhøyrarar. Når hennar namn sto på plakaten betydde det gull for arrangørane.

Rakkenes og Solbrekken innleiia sin samtale om boka med å konstatera at det var Norges ambassadør i Washington, Wilhelm Morgenstjerne som sto bak dei fyrste nazi-ryktene mot Flagstad. Under krigen framførte Flagstad musikk av tyske komponistar, og for Morgenstierne var dette fiendens språk; den germanske kultur var ikkje forenlig med det rådande fiendebiletet.

- Han klarte ikke å skille mellom kunstnerisk uttrykk og politisk sak, forklarte Solbrekken.

Sidan følgjer historia om ei svertekampanje mot songarinna, og etter krigen ei urettmessig inndraging av private eigendelar og formue, utnemninga av ein inhabil tilsynsførar osb.

Solbrekken meiner årsaka til at Flagstad vart utsett for juridisk urett i stor grad handla om at Flagstad var politisk naiv. Flagstad forsto ikkje kva signal ho gav ved å framføra verk av Wagner etter krigens utbrot, eller at hennar val i 1941 om å reisa heim i lag med ektemannen som var medlem av NS kunne sjåast som ei politisk handling. Solbrekken meiner dessutan det fanst tydelege forventningar til kva sopranen burde ha gjort.

- Man var i Staten av den formening at hun burde ha skilt seg fra Johansen, fortalde Solbrekken. – Og man kan jo spørre seg om dette er et rimelig krav å stille?

Mye skrik og litt tull?

Før gårsdagens boklansering, hadde det alt komme negative bemerkningar om boka frå Dagbladets meldar, Espen Søbye. I sin artikkel ”Mye skrik og litt tull” hevdar Søbye at det er konspirasjonsteoriar Solbrekken har brakt på banen, og han stiller spørsmål ved om dette tener den hensikt Solbrekken har med å skriva boka.

Til dømes hevdar han at det alt i undertittelen på boka (”Landssviksaken mot Kirsten Flagstad og Henry Johansen”) finst feil. ”Det ble ikke reist noen landssviksak mot operasangerinnen. Heller ikke mot hennes mann, han døde av kreft før den var ferdig etterforsket og ble henlagt”, skriv Søbye.

Også VG sin kommentator, Yngve Kvistad, påpeikar dette, og hevdar at fleire av dei nye opplysningane som skal ha framkomme i boka har blitt offentleggjorte av NRK og VG tidlegare. ”Det offisielle Norge har kanskje ikke sagt unnskyld til Flagstad-familien, men oppreisning har hun fått” skriv Yngve Kvistad.

Den juridiske urett konstatert

Slik sett ser det ut som om kritikarane sitt synspunkt i saka kokar ned til spørsmålet om den juridiske uretten som er gjort mot Flagstad er basert på faktisk informasjon eller konspirasjonsteoriar. Både kritikaren i Dagbladet og i Aftenposten stiller spørsmål ved dette.

”En sterk historie som svekkes av løst underbygde påstander om korrupsjon og skjulte bakmenn”, er Per Kristian Haugen i Aftenposten si oppsummering av boka. ”Problemet er at teorien kan brukes til å forklare det meste man måtte mislike. Påstandene blir hengende i luften”, skriv han vidare. ”I Norge føres det ikke rettsaker mot døde menn. Bokas tittel, ”Galskap og rettergang” antyder noe annet”, skriv Søbye.

Likevel tykkjest alle vera samde om at ein juridisk urett mot Flagstad var eit faktum. Advokat Cato Schiøtz som var til stades under lanseringa slo fast at Kirsten Flagstad, med unntak av mindre ”uskjønnsomme” ting som repertoarvalet, ikkje gjorde noko straffbart under krigen. Han framheldt derimot at staten i ettertid var uryddig i sine forhold – mellom anna gjennom å inndra formuen hennar. Schiøtz gav òg si fulle støtte til arbeidet som er gjort med boka.

- Det er foretatt en god faktisk gjennomgang av Solbrekken, sa han,

Var oppreisninga god nok?

Det neste store spørsmålet som står att er om oppreisninga har vore god nok.

Til no tykkjest meldarane å meina at den har det. Kommentarane i VG og Dagbladet trekkjer det til og med så langt som å hevda at den nye boka ikkje nødvendigvis tjener den ynskjelege hensikt. ”Strengt tatt, hvem er det som opprettholder mytene om Kirsten Flagstads lefling med nazismen?”, spør Yngve Kvilstad.

Eit anna spørsmål er sjølvsagt i kva grad naivitet er ei unnskyldning for eikvar handling, og Per Kristian Haugen påpeikar at ”En svakhet ved boken er mangelen på stoff om ekteparet Johansen og Flagstads politiske oppfatninger”.

Advokat og forfattar er derimot usamde i at staten har gjeve god nok oppreisning til sopranen.

- Portrettet på 100-kroner-seddelen kommer lovlig sent sett med Flagstads øyne, og det har ikke vært foretatt noen tilsvarende opprydning som denne boka representerer, sa Schiøtz under lanseringa i går.

Flagstad-fokus ved den nye operaen?

Så gjenstår det å venta på eit initiativ frå kulturdepartementet?

På spørsmål frå salen om kva som kan gjerast for at regjeringa offentleg skal unnskylda handsaminga av Flagstad, svarte Solbrekken følgjande:

- Jeg må nesten stille spørsmålet videre til regjeringen. Jeg har ikke mer makt over denne saken enn å skrive denne boken, og kaster ballen videre. Den nye operaen åpner om ett år, kanskje blir det en anledning da?

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no