Frå Agder og Valdres til Uganda og Marokko

FESTIVAL: Telemarkfestivalen 2007 finn stad frå 19.-22. juli. Festivalen, som gjer hevd på å presentera dei beste folkemusikarane i landet, er dette året representert med tradisjonar frå Telemark og Agder til Valdres, frå Uganda og Elfenbenskysten til Marokko. Mellom dei større satsingane finn ein til dømes bestillingsverket ”Waltz with me” av Annbjørg Lien, forestillinga ”Sagn-Arv” ved Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen, samt finalen i INTRO-folk. I denne artikkelen presenterer me ein smakebit av programmet.

Annbjørg Lien, stort bilde

Av Ida Habbestad

”Telemarkfestivalen er 18 år i år, og feirar året med eit program der publikum kan bli med tilbake i tid - og fram mot ei ny tid” heiter det i årets programhelsing ved styreleiar Hilde Pedersen og dagleg leiar Annette Winkelmann.

Internasjonal vals

Den nye tida kjem klårt til syne gjennom festivalkomponist Annbjørg Lien sitt nyskrive verk ”Waltz with me”, som kan seia å vera mellom årets hovudsatsingar. I følgje omtalen byggjer det nye verket på folkemusikalske uttrykk, men vert i tillegg vert sydd saman av andre musikalske sjangrar.

Samstundes utgjer komposisjonen eit møte mellom fire tradisjonar; musikken frå USA, Sverige, Canada/Skottland og Norge. Lien har nemleg sett saman ein internasjonal folkemusikalsk strykekvartett som forutan henne sjølv på hardingfele og feler består av Bruce Molsky frå USA (fele og vokal), Mikael Marin frå Sverige (bratsj) og Christine Hanson frå Canada/Skottland (cello). Dei fire utøvarane har hatt fleire samarbeid tidlegare, men dette er første gong dei arbeider med Lien sin musikk. Ei meir fyldig omtale av verket kan lesast på denne sida.

Grieg-markering

Mellom andre spor av ny tid kan òg bestillingskonserten "Sagn-Arv" trekkjast fram. Bak denne står Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen, som presenterer to av sine tidlegare tingingsverk – samansette, og presenterte i ny drakt. Det første, ”Sagn”, var eit tingingsverk til Vossajazz i 1990, medan oppfølgjaren ”Arv” var tinga til Nattjazz i Bergen i 1993 i høve Griegs 150-års jubileum, og er basert på eit utval av folketonane Grieg nytta i sin musikk.

Her er folketonene i Andersens versjon, og i konsertomtalen heiter det at ”Først etter premiera på Arv, lytta Andersen nøye på Grieg sine harmoniseringar av folketonane, og fann ein interessant slektskap – begge hadde harmonisert same melodi først i dur, så i moll – sagt med Grieg: ”Livet er som folkemusikken: man vet ikke om det går i dur eller moll”.

Tradisjon

Det er òg rom for det heilt tradisjonelle under festivalen. Mellom anna vil Ingvill Buen Garnås og Øyonn Groven Myhren, som begge er representantar for ein levande kvedartradisjon, puste liv i notenedskriftene som Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887) gjorde rundt midten av 1800-talet. Materialet dei presenterer er henta frå Oslo, Hjartdalstraktene og Vest-Telemark.

Fredag vil Per Anders Buen Garnås, Asbjørn Storesund og Leif Neset fortelja om spelemannen og læremeisteren Torkjell Haugerud frå tre ulike ståstader: Neset kjende spelemannen og lærte direkte av han, Storesund skreiv biografien “ Høyrer du Tårån? Meisterspelemannen Torkjell Haugerud “, medan Buen Garnås er spelemann som fører spelet til Haugerud vidare.

Spennvidde

Vidare vil ei heil rekkje artistar vera til stade under årets festival. Av internasjonale namn kan nemnast palestinske Rim Banna, mellom anna kjend frå samarbeidet med Kari Bremnes på "Voggesanger fra ondskapens akse". Dessutan kjem gruppa Tassili med røter i Marokko, Algerie og Norge, og Pepper-Soup Band som er samansett av skandinaviske og afrikanske musikarar med reggaemusikk som fellesnemnar.

Ei rekkje norske utøvarar kjem òg til festivalen. Mellom dei kan nemnast Odd Nordstoga som har med seg Valkyrien Allstars som oppvarmarar, spelemannen Torgeir Straand som er utvald til å fylla festivalens tradisjonsrike solokonsert, gruppene Mattisgard & Røine som framfører skillingsviser, skjemteballadar, slåttestev og bånsullar ofte i improviserte arrangement for song og strengeinstrument og Ni liv, som nyleg har spela inn sitt andre album for Warner Music Norway i Athletic Sound Studio i Halden.

Dessutan vil den samiske joikaren Lars-Ánte Kuhmunen med band halda midnattskonsert ute i det fri på Kvennøya, Bø Museum.

Utekonsert og konkurranse

Som eit siste høgdepunkt under festivalen kan nemnast finalen i årets INTRO-folk, eit lanseringsprogram for unge lovande folkemusikarar, i regi av Rikskonsertene, Den Norske Folkemusikkscena og Norsk folkemusikkformidling. Så langt er to av tre finalistar klare: Jorun Marie R. Kvernberg og folkemusikkgruppa SVER, medan den siste finalisten vil bli kåra 14. juli under Riddu Riddu festivalen i Kåfjord, Troms.Der vil felespelarane Benedicte Maurseth og Gro Marie Svidal konkurrera om finaleplassen.

Ballade vil vera til stade under delar av Telemarkfestivalen, og vil komma attende med fleire artiklar i tilknytning til arrangementa. Det fullstendige programmet for festivalen finn du her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no