Andre generasjon Lindemangranskarar

INTERVJU: Under Kvedarmøtet i Bø Museum framfører Ingvill Buen Garnås og Øyonn Groven Myhren songskattar frå Oslo og Øvre Telemark, nedteikna av Ludvig Lindeman. Materialet er utgive i perioden 1997-2005 og har vore til inspirasjon for dei begge, trass utfordringane det ligg i å tilnærma seg ei skriftleg kjelde i folkemusikken. - Det nyttar ikkje å koma utanfrå og skulle arbeida med folkemusikk berre med notar som utgangspunkt. Då er det viktig å fyrst gjera seg kjent med tradisjonsberarar frå det aktuelle området, og læra seg stilen gjennom muntleg tradering, seier Buen Garnås til Ballade.

Øyonn G. Myhren 07/Foto: Varden/Halvor Ulvenes

Av Ida Habbestad

Laurdag 21. juli er det klart for Kvedarmøte i Bø Museum. Under tittelen ”I Lindemans fotefar” framfører Ingvill Buen Garnås og Øyonn Groven Myhren songskattar frå Oslo og Øvre Telemark, med utgangspunkt i notenedskriftene Ludvig M. Lindeman gjorde i deira tradisjonsområde på midten av 1800-talet.

Ein del av Lindeman sitt nedteikna materiale har vore kjent lenge, men mykje av det vart ikkje utgive før i 1997. Då gav Institutt for sammenlignende kulturforskning ut bind I av ”Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner” på Novus forlag. Bind II med faksimilar av notene kom i 2003, og i 2005 kom alt på CD-rom.

For å markera utgjevinga initierte Norsk Kvedarforum ein konsertserie med sju kvedarar som alle hadde arbeidd med Lindeman-nedteikningane over lenger tid. I tillegg til Groven Myhren og Buen Garnås framførte Gunlaug Lien Myhr, Marit Mattisgard, Camilla Granlien, Sinikka Langeland og Ragnhild Furholt konsertar med materiale frå sine tradisjonsområde. Kvedarmøtet under Telemarkfestivalen er soleis ei vidareføring av prosjektet.

Andre generasjon Lindemangranskarar

Konserten dei held laurdag vert deira første samarbeid. Men tilknytninga – både til kvarandre og til Lindeman-materialet – strekkjer seg attende i tid.

- Mødrene våre er kolleger, og for Ingvill og min sin del byrja nok interessa for nedteikningane med at mødrene våre gjekk i lag om å studera Lindemansamlinga. Mor kunne så vidt lesa noter, Agnes kunne ikkje, og dei strevde saman med materialet. Me vert ein slags andre generasjon av Lindeman-granskarar, seier Øyonn Groven Myhren.

Det er tale om Dagne Groven Myhren og Agnes Buen Garnås, som begge var pionerar i kvedarmiljøet i Noreg, mellom anna med sitt arbeid med Club 7 i Oslo og skiping av kvedarseminara på 70- og 80-talet. Agnes har i det seinare òg initiert stiftinga av Norsk Kvedarforum.

Forenkling i nedteikninga

Dei to døtrene har arbeidd medvite med Lindeman-materialet sidan slutten av 90-talet. Kva finn dei så karakteristisk for Lindeman-nedteikningane?

- Lindeman gjengav enkle former av melodiane, han var ganske trena i det, seier Groven Myhren. - Han meinte ting ikkje skulle vera avansert, og hadde evna til å analysera melodien fort for å sjå kva som var melodi og kva som var pynt og gjennomgangstonar.

- Han skreiv òg ned problem han møtte i notasjonen av til dømes rytme og tonalitet, seier Buen Garnås.

- I møtet med kvarttonar prøvde han å få songarane til å bestemma kva tone dei låg nærast. Han meinte elles at folk på bygdene trong songopplæring! Han hadde nok ikkje sansen for alle sider ved den gamle og uskulerte songstilen.

- Og han forenkla det rytmiske materialet. Det kan sjåast ut frå stoffet han henta frå Olea Crøger som var ei viktige kjelde for han. Det ser ut til at Crøger arbeidde særs nøyaktig for å få til ei mest mogleg nøyaktig notering innanfor siffersystemet, og særleg var det rytmikken ho strevde med å få på plass. Etter at ho møtte Lindeman byrja ho å skriva enkelt; stort sett berre like verdiar, fortel Groven Myhren.

Ei tilsvarande haldning finn ein i salmesangstriden som Lindeman var involvert i, fortel ho vidare.

- Då ein skulle velja tonar til salmane, fann ein ut at ein ville ha ein nasjonal salmesangstil Til då hadde folk sunge sine eigne variantar av det som var overlevert, men Lindeman meinte at det måtte bli struktur og einskap. Han gjekk inn for enkle melodiar, minst mogleg gregorianikk – kun ein tone per tekststaving – gjorde mange av noteverdiane like lange, og strøydde til slutt utover nokre punkteringar for å skapa liv.

- Magnus Brostrup Landstad samla òg inn materiale, og var av ei anna oppfatting; han ba departementet om at folk måtte få synga på dei gamle tonane sine. Det var Lindeman som fekk gjennomslag, og med det trur eg ein drepte mykje av salmesangen.

- Når det er sagt, er det viktig å understreka at det er eit særs verdifullt arbeid Lindeman gjorde – han gjorde det berre på sine premiss, seier Groven Myhren.

Ei skriftleg kjelde kan opna for større tolking

Med forenklingane som utgangspunkt; må ein gjera eit stort tolkingsarbeid for at framføringa skal bli autentisk?

- Det kjem av seg sjølv, meiner Buen Garnås.

- Eg har aldri sunge på nokon annan måte, det ligg innebygd å leggja inn skrå tonar og formmessige tilpassingar; særleg innan balladeforma veit ein som regel korleis det skal vera. Men det nyttar ikkje å koma utanfrå og skulle arbeida med folkemusikk berre med notar som utgangspunkt. Då er det viktig å fyrst gjera seg kjent med tradisjonsberarar frå det aktuelle området, og læra seg stilen gjennom muntleg tradering.

- Eg tenkjer heller ikkje så akademisk kring dette – eg berre gjer det, seier Groven Myhren.

- Men eg prøver å ha eit medvit kring det tekstlege, sidan tekst og melodi er så sterkt knytta saman i vår tradisjon. Lindeman noterte melodiane med taktstrekar, også når det var ujamnt pulserande melodi, og ofte på tvers av dette tilhøvet..

At tolkingshøva er der, er positivt meiner begge.

- Du går uansett til eit materiale med respekt, seier Groven Myhren.

- Men i den muntlege tradisjonen har du gjerne eit snev av forfedredyrking. Tradisjonen heimafrå er nokså fantasifull og det medskapande er viktig. Samstundes har eg skjønt at ein lyt vera varsam med å bringa inn variasjonar som kan banalisera. Noko av kjernestoffet eg har fått overlevert muntleg har gjennom fleire generasjonar vorte gjort nærast mogleg slik den før deg gjorde det. Med eit nedskrive materiale er det annleis. Særleg ved Lindemans nedskrifter der ikkje alle nyansar er nedskrivne. Då kan ein nytta nøklar, koder og medskapande fantasi på ein relativt fri måte for å få liv i stoffet.

Framand kultur

For Buen Garnås er perspektivet eit liknande, særleg avdi Lindeman-materialet er relativt ukjent.

- Det kan vera fordelar og ulemper knytt til å ha kjende etternamn, slik Øyonn og eg har, seier ho.

- På den eine sida borgar det for familietradisjon og kvalitet. På den andre sida er det ei byrde, sidan ein gjerne må bevisa kva ein er god for fleire gonger enn andre. Mamma har jobba med Lindeman-materialet, men sidan dette er songar som folk ikkje kjenner godt kjenst det som ein står friare.

- Og som Øyonn er inne på, gjev slektskap til kjeldene ein eigen dimensjon oppi dette. Det er vanskeleg å sjå for seg møtet mellom Landstad og Lindeman og dei ulike kjeldene. Det gjer det på ein måte meir verkeleg når ein veit at dei to møtte folk ein stammar direkte i frå, særleg når ein har informasjon om korleis desse personane var, meiner Buen Garnås.

For vegen til kjeldene er kort både for Groven Myhren og Buen Garnås. Kva skjer med tilnærminga til materialet når ein så sterkt er omgiven av tradisjonsberarar?

- Du er ikkje nøydd til å bli fødd inn i folkemusikken for å læra eller beherska den, men det er nesten ingen andre måtar å komma i kontakt med det på, seier Buen Garnås.

- Den tradisjonelle folkemusikken finst jo så og seia ikkje i barnehage eller skule eller i kvardagen til folk flest. Det er framand kultur. Det er nok mykje derfor ein har dei markante folkemusikkfamiliane i ulike distrikt. Rekrutteringa skjer for det meste i særskilte nærmiljø der det er sterk interesse. Og det er ikkje så lett å komma utanfrå. Om du byrjar som klassisk songar, skal du vera ganske musikalsk for å læra deg av med den klassiske syngemåten og bli kvitt aksenten du hadde.

Buen Garnås har synt eit offentleg engasjement kring kjelder og opphavsrett, mellom anna på Ballade. Avslutningsvis; kvar meiner du grensa går for når ein kan kalla eit materiale for sitt eige, og i kva grad eksperimenterer du sjølv med uttrykksforma?

- Det er ikkje nødvendigvis grenser for kva ein kan gjera, men eg meiner ein bør vera reinhårig, seier Buen Garnås.

- Bruk av folkemusikk som element i andre musikksjangrar er ikkje nyskaping sett frå ein folkemusikalsk synsvinkel. Eg meiner ein må ha orden på formspråket, men at det er store høve for variering innanfor dette, kanskje er det der høvet for nyskaping er størst. Du kan aldri synga alldeles likt ei kjelde. Du må legge noko av deg sjølv i det òg, avsluttar Buen Garnås.

Konserten laurdag finn stad kl. 11.00 i Pakkbua på Bø Museum. Under Jørn Hilme-stemnet vert det ny Lindeman-konsert, då med Gunlaug Lien Myhr, Marit Mattisgard og Camilla Granlien.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no