Alt anna enn korps!

INTERVJU: Det er klart for årets BrassWind-festival. Årets mål er å å endra ”folk flest” sitt syn på korpsmusikk, og dette skjer mellom anna gjennom urframføringa av Knut Vaage sitt nye verk ”MultiMORF". - I det verket vert det ikkje spelt ein einaste normal tone, og komponisten har laga fleire sider med forklaringar på korleis ein frambringer lydene han ynskjer seg. Det som då kjem ut trur eg vil låta som alt anna enn eit korps, seier kunstnarleg leiar, Torstein Aagaard-Nilsen til Ballade.

BrassWind 2004: Ung musiker

Av Ida Habbestad

Då festivalen starta i 2004, var den største motivasjonen å laga ein arena for å framføra det repertoaret som ikkje vert spelt på vanlege konsertar og konkurransar.

”Dei beste amatørkorpsa har som tendens at det som skal gjerast av vanskeleg repertoar, skal knyttast opp mot ein konkurranse. Difor har det etterkvart vorte ei nisje for spesialskrivne verk, som skal ha i seg konkurranseelement. Eitt av måla her er å unngå desse konkurranseelementa, og å skapa ein arena der ein kan gjera dei aller beste konsertverka utan at det skal målast i poengskala” uttalte kunstnarleg ansvarleg, Torstein Aagaard-Nilsen, om dette i eit tidlegare intervju.

Men BrassWind 2007 har òg eit anna mål: Å ein gong for alle å endra ”folk flest” sitt syn på korpsmusikk.

Kva er folkesynet på korpsmusikk, Torstein Aagaard-Nilsen?

- Folkesynet på korpsmusikk er ei nokså konvensjonell ide om at mange spelar saman i harmonisk velklang. Dette er eit syn på korpsmusikken som forsåvidt òg er rådande ganske langt inn i korpsrørsla. Der er visse oppfattingar om korleis musikken skal høyrast ut, faktorar som skal vera til stades - til dømes at dei fleste musikarane skal spela om lag den same typen musikk, at det skal vera ei viss grad av velklingande harmoniar, ein har idear om at det skal brukast konvensjonelle speleteknikkar og så bortetter. Det er dette me freistar å utfordra i årets program.

Kva døme vil ein få på meir ukonvensjonell korpsmusikk under festivalen?

- Til dømes er Arve Henriksen ein eksponent for korleis eit blåseinstrument kan høyrast ut dersom ein arbeider fordomsfritt, svarer Aagaard-Nilsen.

- Men det største eksperimentet, som heilt konkret er meint som eit signal om at korpsmusikk kan vera noko anna enn konvensjonen, går føre seg på søndag, Då vert Knut Vaage sitt verk "MultiMORF” urfremført. I det verket vert det ikkje spelt ein einaste normal tone, og komponisten har laga fleire sider med forklaringar på korleis ein frambringer lydene han ynskjer seg. Under konserten vert musikken improvisert på scena med komponisten som guide. I tillegg er det laga ganske avanserte computerprogram som transformerer desse inputene som musikarane gjer. Det som då kjem ut trur eg vil låta som alt anna enn eit korps, til tross for at det er eit av dei flottaste brassbanda me har, Stavanger brassband, som spelar!

Ukonvensjonelle kombinasjonar

Årets festival finn stad 28. - 30. september på USF Røkeriet. I lag med Torstein Aagaard-Nilsen er det stadig Manger Musikklag som står i bresjen for arrangementet – og dei set fokus på ulike variantar av den nye blåsemusikken. Her er profesjonelle korps og amatørar om kvarandre, med til saman 9 konsertar gjennom helga.

Men det er ikkje berre blåsarar som kjem – fiolistane Peter Herresthal og Victoria Johnson (el-fiolin) er òg inviterte til festivalen. Kva vert deira rolle i ein slik samanheng?

- Me har jo tatt mål av oss å skulla syna fram ulike måtar å nytta ensembletypen på. Det var Peter Szilvay som kom med forslag om å framføra Bibalo sin tidlige fiolinkonsert omarrangert for korps, med Peter Herresthal som solist. Det skapar eit spanande lydbilete, og med unntak av nokre få verk - mellom anna eitt av Alban Berg - finst det få verk av denne typen, der eit blåseensemble akkompangerar ein strykar, fortel Aagaard-Nilsen.

- Victoria Johnson er invitert først og fremst som solist på el-fiolin i Knut Vaage sitt verk. Når ho først medverka, tykte me det var av interesse at ho òg fekk høve til å fortelja publikum kva ho held på med. Defor vil ho gjera ei framføring av eit anna stykke av Vaage, ”Electra” for solo fiolin og computer. Det var det første stykket Vaage og Thoralf Thuestad som er computerprogrammerer gjorde saman. Så har han teke ideen endå eit hakk vidare i ”MultiMORF”, der det er 25 oppmikka musikarar, ein gigantisk lydrigg og bidrag frå videokunstnaren HC Gilje.

Og det vert endå ein uvanleg kombinasjon i urframføringa av Jan Erik Mikalsen sitt verk, ”Night Songs”?

- Ja, der er klarinettisten Håkon Nilsen solist med eit reint messingensemble – også det må seiast å vera ein uvanleg kombinasjon. Sjølv kjem eg frå ein tidleg generasjon messingblåsarar, der me gjekk rundt med ”klarinett forbudt”-skilt, og der vart debattert heftig på 80-tallet om kva ensembleform som var mest gyldig; brass band eller wind band! Men no er det slutt på det - og dette er vel den ultimate forbrødring?

Den yngre garde

Etter tradisjonen er det Forsvarets Musikkorps Vestlandet som opnar BrassWind. Då lanserer dei sin nye CD, ”Bad News from the Desert” med verk av Jon Øyvind Ness, James Clapperton og Knut Vaage. Forutan dei alt nemnde ensemblene, medverkar også Manger Musikklag og Det Norske Blåseensemble under festivalen – samt ei heil rekkje solistar.

Men kanskje viktigst av alt for den kunstnarlege leiaren, er bidraga frå den yngre garde:

- For meg er det særs viktig at me får med dei unge. Dette året kjem Sogn og Fjordane Brass Band for å møta Hordaland Ungdomskorps - begge korpsa har førebudd program med musikk av notidskomponistar, og det vert soleis ikkje berre eit viktig møte mellom dei, men ein åstad for framføring av musikk litt utenfor allfarveg!

Urframføringane under BrassWind 2007:

Olav Anton Thommessen: ”Bengalske lys”
Webjørn Sæther: ”Gnur”, trombonekonsert
Morgan Juel Stavik: ”Images from a dream” for trompet og brass band
Jan Erik Mikalsen: ”Night Songs”, klarinettkonsert
Knut Vaage: ”MultiMORF” for el-fiolin, brass band, computer og elektronikk
Frode Rydland: ”Den siste draumen”
Torstein Aagaard-Nilsen: ”Blue Phrases” for trompet, elektronikk og brassband
Antonio Bibalo: ”Concerto Allegorico”, fiolinkonsert, ominstrumentert for fiolin og korps

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no