Jon Faukstad - Accordion Chamber: Lyttarvenleg dokumentasjon

PLATEANMELDELSE: Hver uke framover kommer Ballade til å presentere én plateanmeldelse. Denne ukentlige anmeldelsen av en aktuell utgivelse vil bli presentert på fredagene. Første album ut i denne serien er Jon Faukstads "Accordion Chamber". - Om så Faukstad karakteriserer seg sjølv som ein enkel dansemusikar frå landet - og understrekar utsegnet gjennom si, om enn ikkje enkle, men svært så dansante framføring av Partita - syner innspelinga at han er uendeleg mykje meir enn det, skriver Ballades Ida Habbestad denne anmeldelsen.

Jon Faukstad_Accordion Chamber

Av Ida Habbestad

Ein første respons då eg høyrde ”Accordion Chamber”, var å leita fram dei få andre innspelingane eg kjenner til med samtidig akkordeon-repertoar. Høvevis ”Looking on Darkness” (ECM, 2002) og ”Passing Images” (ECM, 2007), begge i Frode Haltli sitt namn.

Med desse innspelingane ferskt i minnet, kom Faukstad si plate til å stå i ein kontekst som kjendest vesentleg.

For sjølv om ”Looking on Darkness” presenterer verk av nordiske komponistar, medan ”Accordion Chamber” konsentrerer seg om det norske, opplever eg Faukstad-CDen som eit symptomatisk bilete på min (og truleg fleire frå min generasjon sin) veg inn i samtidsmusikken. Der kom kjennskapen til komponistar som Sommerfeldt og Groven først, sidan Thommessen, og så - tilslutt - verka av komponistar som Lindborg, Ratkje og Sørensen.

”Accordion Chamber” utgjer ikkje berre eit tversnitt av kva norske komponistar har skrive av kammermusikk for akkordeon. I lag med Haltli-platene teiknar den òg eit utfyllande bilete av kva norske akkordeonutøvarar har framført av nyare musikk dei siste åra.

Å sjå attende

Eitt andre innfall som slo meg då sette på plata, er at den har noko tilbakeskodande ved seg.

Med tanke på at eg nettopp gav CD-en merkelappen” eldst” i ein musikkhistorisk kontekst, er dette eit naturleg utsegn. Men innfallet handla ikkje så mykje om dei 20 åra mellom storparten av verka på CD-ane, som uttrykksforma i enkelte av dei.

Ta til dømes Øystein Sommerfeldt sine korte songar i samlingane To villkirsebær og Trekløver frå 1985. Dei er impresjonistisk inspirerte – kanskje òg av det neoklassiske enkle, klåre lydbildet – med finurlege, litt pertentlege, men sjarmerande og spøkefulle vendingar.

Eller ta Trygve Madsen sitt Partita (også det frå 1985), som meir uttalt skodar attende. Først og fremst til barokkens tonespråk og former, gjennom Partita-tittelen og satsformene Intrata, Gavotte, Valse og Rigaduon. Men òg til andre inspirasjonskjelder; som flørtinga med fransk cafékultur i Gavotte, eller i Vals der tanken snart går til Satie sine gymnopediar, for å nemna nokre.

Ta Sigmund Groven sitt verk, Sommaren som var, frå 2003. Også der finst ei solid forankring, eit glimt attende til folketonar og folkeliv i slåande vakre stykke som Solmorgon og Blonde netter, begge fylde med den særprega melankolien som finst i norske folketoner. Eller den meir spretne folkeånda, som i nettopp Sprett og sprell eller Rusletur og Laurdagsnetter.

Akkordeon og klarinett

Dette var klangbilete eg vaks opp med - klangar frå ei svunnen tid - som eg har ein innebygd kjærleik for, og som gjer at det tidvis er med nostalgi eg lyttar til CD-en.

Men ikkje berre. Her er òg verk som peikar framover. Til dømes Olav Anton Thommessen sin komposisjon Akk og kved (med omsejinga A Chord? D’accord), der eit meir moderne tonespråk kjem til syne. Verket er meir tilslørt i forma; der er korte, avbrotne fraser som utviklar seg, ein repetert fallande frase som kjem att og att, der er assosiasjonar til populærmusikken, godt hjulpe av slagverkar Bjørn Rabben sine jamne sekstendelar og offbeat – kort sagt er verket rikt på verkemiddel, noko ein vel kan seia er typisk Thommessensk.

Likevel, og kanskje noko paradoksalt, er det det eldste verket på plata som verkeleg tiltalar meg. Dag Schjelderup Ebbe sin vesle Canzonetta er i følgje Harald Herresthal sin covertekst ein stilstudie i Alban Berg si klangverd, i grenselandet mellom tonalitet og atonalitet. Denne er svært så snedig utført, og verket frå 1974 er uttrykksfullt, krevjande og samtidig varsamt.

Det mest fascinerande ved denne komposisjonen er etter mi meining møtet mellom akkordeonet og klarinetten, her traktert av Hans Christian Bræin. Kombinasjonen er uvanleg, men ikkje desto mindre verknadsfull. Dei to instrumenta har klangmessig mykje likt ved seg og til tider må ein lytta nøye for å sjelna dei der dei omfamner kvarandre, smeltar saman.

Òg i Håkon Berge sitt stykke, Jakten utforskast instrumentkombinasjonen – i mine øyre meir medvite og leikent enn i Ebbe sitt stykke – mellom anna gjennom imitasjonar, der dei jaktar, tek til fange og jaktar igjen.

Dokumentasjon – og raffinert kunstnarleg prosjekt

Eit siste, spanande inntrykk er Faukstad si framføring av dei barokke danseformene i Madsen sitt verk. Kor ofte har ein vel ikkje lytta til klaver- eller cembaloversjonar av slik type musikk og gløymt at det eigentleg er dans det handlar om? Faukstad sin versjon av Gavotte levnar ingen tvil, og er ein artig påminnar om det dansbare utgangspunktet som ligg i bunnen her.

Om så Faukstad karakteriserer seg sjølv som ein enkel dansemusikar frå landet - og understrekar utsegnet gjennom si, om enn ikkje enkle, men svært så dansante framføring av Partita - syner innspelinga at han er uendeleg mykje meir enn det.

På CD-en finst store delar av notematerialet til desse verka – det er snakk om eit dokumentasjonsprosjekt av klasse, med andre ord. Samstundes evnar Faukstad å gjera dette til meir enn ein dokumentasjon.

Målet hans om å skapa raffinert kunstnarleg prosjekt, samstundes som det er lyttarvenleg, lukkast etter mi meining i høgste grad.


Jon Faukstad: "Accordion Chamber" - JPS Records 302 (2007)

Verk av:
Øystein Sommerfeldt
Trygve Madsen
Olav Anton Thommesen
Dag Schjelderup Ebbe
Håkon Berge
Sigmund Groven

Medverkande:
Per Sæmund Bjørkum (fiolin)
Hans Christian Bræin (klarinett)
Helga Botn (sopran)
Tom Karlsrud (akkordeon)
Bjørn Rabben (perkusjon)
Friedrich Lips (akkordeon)

CD-plata inneheld òg partitur og notar til musikken.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no