3x3 - Maktsjuke fuglar

PLATEMELDING: Glenn Erik Haugland er plateaktuell med thriller-operaen "3x3", som omhandlar tre fuglar i kamp om tilversla på det høgste taket i byen. - Det enkle, kammermusikalske (eller kanskje den tekstnære komposisjonen), står i vegen for det dramatiske, uhyggjelege i forteljinga. Eg sit att med eit inntrykk av noko er for nakent, at noko manglar som gjer undertittelen, thriller-opera, vél ambisiøs i høve til resultatet, skriv Ballade sin meldar om utgjevinga.

Uglefjes (Foto: umich.edu)

Av Ida Habbestad

Den nyaste utgjevinga frå Opera Omnia; ”3X3” er operaselskapet sitt sjette musikkdrama for barn sidan opprettinga i 2000. Trioen Heidi Tronsmo, Glenn Erik Haugland og Tore Vagn Lid står bak librettoen, medan Haugland har skrive musikk til verket, som har undertittelen "en thriller-opera". Gjennom den 40 minutt lange forteljinga høyrer me fortelijinga om tre ulike fuglar; ugla Kama, hakkespetten Kolo og svala Kiki som alle har forvilla seg opp på eit tak - det høgste i byen.

Konflikten utspelar seg etterkvart som dei oppdagar kvarandre på taket. Den består i god gamaldags maktkamp. I kampen for å overleva, eller berre for å vinna territorium, finn dei i utgangspunktet gode individa fram til det instinktive, dyriske i seg. I vår samanheng paradoksalt understreka ved at karakterane er fuglar.

Problemet er enkelt; korkje ugla eller hakkespetten ynskjer selskap oppe på taket. Motivasjonen deira er ulik. Ugla, som har komme først, er redd for mørkret; ein upraktisk eigenskap for den som er blind om dagen og berre kan ta seg fram om natta. Den dagen ho landar på taket, har ho funne eit par solbrillar som har gjort det mogleg for henne å fly om dagen. Soleis er ho fridd frå frykta, men ikkje lenger enn til ho er vel oppe på taket, der brillene forsvinn og ho atter er i ein situasjon av angst og apati.

For hakkespetten Kolo er det annleis. Han er maktsjuk og ambisiøs, og er den første hakkespett som nokon gong har flydd så høgt. ”Jeg er først, størst, best! Ingen over, ingen ved siden av. Ingen! Ingen!” syng han i vårt første møte med han på plata. Denne erobringa vil han ikkje dela med nokon – særleg ikkje svala Kiki, som landar sist, lettare på vengjen enn dei to andre og dessutan lettare til sinns: kontaktssøkjande og nyfiken.

Ikkje desto mindre fyk ho i tottane på Kolo så snart ho kjem til taket – Kolo fornærmar henne, og dei er i gang. Mantraet er enkelt: to er ein for mykje. Og tanken på tre er – for Kolo – til å gispa av.

Thriller?

Det musikalske materialet er enkelt, lydbiletet reint. Her er ingen store operatiske stemmer, og dei to songarane Heidi Tronsmo og Lars Eggen framfører enkle, høvevis tonalt baserte melodiar, gjerne nær den talte melodien. Her er dessutan parti av talesong, samt scener på fuglespråket, som ein samtale mellom dei tre: ”Ooo, uoo. Frrr? Ktkt. Wah? Ka”.

Det overordna apparatet er òg av kammerformat. Ved sidan av songarane framfører skodespelar Jessica Naeser ein overtydande versjon av svala Kiki, og den siste medverkande aktøren, slagverkar Tomas Nilsson står for det instrumentale bidraget på CD-en. I hovudsak tek desse form i lydeffektar, som til dømes etterlikninga av hakkespetten, slosscener og vidare. I tillegg er her enkle elektroniske akkompangement , små melodiar, samt fragmentariske innslag av enkle akkordar og liknande.

Alt dette fungerer i hovudsak bra, men slik eg opplever det, er det historieberetninga som fascinerer mest ved operaen.

Dels kan det skuldast at musikken nettopp er godt tilpassa teksten, at store delar av det musikalske materialet er konkrete lydeffektar som stør opp så godt at ein ikkje nødvendigvis legg merke til dei som eigne verkemiddel. Dels kan det henda at inntrykket ville vore annleis dersom ein hadde med seg det visuelle aspektet ved framsyninga som naturleg nok ikkje er med på plata.

Konsekvensen er uansett at det enkle, kammermusikalske (eller kanskje den tekstnære komposisjonen), står i vegen for det dramatiske, uhyggjelege i forteljinga. Eg sit att med eit inntrykk av noko er for nakent, at noko manglar som gjer undertittelen, thriller-opera, vél ambisiøs i høve til resultatet. Slik sett framstår innspelinga meir som eit lyttarvenleg høyrespel enn ein thrillar – til tross for at målgruppa er barn – og eg mistenkjer at framsyninga frå dette perspektivet fungerer betre live enn i CD-versjon.

Dermed kan ein kanskje konkludera med von om at operaen, som så langt er framført 135 gonger, òg finn vegen til hovudstadens operahus. For kanskje er det på scena at dette verket utfaldar seg aller best.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no