Ti plater fra 2007 - Ida Habbestad

LISTER: Med fare for å ha gløymt særeigne og viktige bidrag mellom utgjevingane i 2007: Desse ti platene opplever eg som definitive høgdepunkt i år. Den nyare musikken er særleg godt representert, men jamnt over syner plateåret ei gjennomgåande kvalitet i heile breidda av det norske kunstmusikklivet – frå Kåre Nordstoga sine Bach-interpretasjonar til Natasha Barretts elektroakustiske uttrykk. Eit sterkt formidlingsynskje ligg til grunn for både komponistar og utøvarar i dette utvalet, som gjerne kan finna plass i samlinga til nokon og einkvar.

Ida Habbestad

Av Ida Habbestad

Rolf Borch: Step Inside (Aurora)



Årets favorittinnspeling fortener merkelappen, grunna Rolf Borch sin eineståande dedikasjon til desse komplekse verka, kombinert med viljen til å syna fram det uttrykksfulle i kvart verk. ”Step Inside” består av to CD-ar med relativt ukjend klarinettmusikk, og det drøyt 80 minutt lange strekket med klarinett åleine kunne lett vorte einsformig. Den store paletten Borch tek i bruk for å forma sine klangar, lydar og forløp – samt heilt ulike verk som Sven Lyder Kahrs vakre og meditative ”Wie schön Leuchter der morgenstern” og Magne Hegdals kontrastfulle ”Par IV” – gjev innspelinga variasjonen som er nødvendig, og hovudinntrykket kan enkelt samanfattast: Kompromisslaust god musikk, forma av ein kompromisslaust dyktig musikar.

Natasha Barrett: Trade Winds (Aurora)



Det er den nærast uendelege assosiasjonskjelda dette verket utgjer som fascinerer mest ved denne plata. Refererande og ikkje-refererande lydar, som lyden av hav og måkar, vind og rennande vatn – samt bearbeidd lyd som skapar avstand, skapar ein finurleg vev av meining og kaos. Ei konkret forteljing vert fortalt i satsen ”Open Ocean”, der ein gamal sjømann berettar om sin første tur i Nordstillehavet, der han kjem ut for eit voldsomt uvær. Men her er òg andre historier i lag på lag av lyd og stemningar – og ein kan ikkje anna enn å la seg riva med i den eventyrlege beretninga.

Kåre Nordstoga: J. S. Bach Organ Works (Afontibus)



Strengt tatt er denne plata frå 2006 – men kom meg ikkje i hende før tidleg dette året. Kåre Nordstoga presenterer orgelverk av Bach – på i alt 3 CD-ar – innspelt på Ryde og Berg-orgelet rett før Oslo Domkirke vart stengt for omfattande restaurering. Bach sin ”Orgelbuchlein” står sentralt gjennom alle platene – med koralbearbeidingar over lutherske hymner, men innspelinga omfattar òg større enkeltverk som Preludier og fuger, samt Passacaglia i C-moll. Innspelinga er framfragande. Nordstoga formar langstrakt og samstundes detaljlrikt, med ei strålande evne til instrumentering.

Randi Stene/Trondheim Symfoniorkester: Songar av Schulhoff og Zemlinsky (Simax)



Adjektiv som inderleg, varmt og romantisk karakteriserer både komposisjonar og tolking på denne innspelinga, der Randi Stene har funne fram musikk av dei relativt ukjende komponistane frå tidleg på 1900-talet. Særleg likar eg den mest omfattande syklusen på plata, Schulhoff sitt verk ”Menschheit”, som i tillegg til det dystre, melankolske og drøymande me finn generelt på plata òg har med seg eventyret og vona.

Cikada duo: Nordheim (2L)



På denne plata syner duoen – Kenneth Karlsson (synthesizer) og Bjørn Rabben (slagverk) – fram resultat av sitt langvarige samarbeid med Arne Nordheim, som byrja tidleg på 90-talet. Motivasjonen bak utgjevinga har vore å få fram Nordheim som elektroakustisk kammermusikk-komponist på eit meir samla vis enn vanleg. Plata eit òg eit godt døme på korleis musikken, sjølv om den er notert ope (tidvis berre med informasjon om form, tid og dynamikk) likevel kling ”Nordheimsk” gjennom det heile. Særleg gjer songane ”Fem kryptofonier”, med sopran Elisabeth Holmertz, inntrykk og som ei vakker avslutning kjem songen ”Den første sommerfugl” som Karlssons eigne ord på eit vis forklarer dei andre, belyser dei, og gjev perspektiv.

Einar Steen-Nøkleberg: Nordheim-Beethoven-Nordheim (Simax)



Nordheim sine verk er òg sentrale på ei anna god utgjeving dette året. Som tittelen gjev eit bilde på, rammar dei her inn eit Beethoven-verk; hans klaversonate op 111. Nordheim forklarer i coveret at han i ”Listen” (frå 1971) vil gjengje eit arbeid med å organisera etterklangar, overtoner og fargar i pianoet – eit forsøk på å komma under lyden rett og slett – som kanskje tilsvarer noko av Beethoven si utforsking, mellom anna av øvre og nedre registrer på klaveret i sitt opus 111. ”Listen – inside outside”(2005) er ei elektronisk bearbeiding av ”Listen”; vrengt på ein måte, og det alt så opne klangrommet vert utvida mot nye dimensjonar. Einar Steen-Nøkleberg framfører det heile med stor overtyding, medan Mats Claesson har trygg hand om elektronikken.

Nordic Voices: Reges Terrae (Chandos)



Nordic Voices framfører renessansemusikk av komponistar som Pierre de Manchicourt, Cristobal de Morales, Jacobus Clemens ’non Papa’, Francisco Guerrero og Nicolas Gombert – høvevis ukjende for dei fleste av oss. Gjennom det heile er musikken – og tolkingane – lett, ledig og flytande i langstrakte renessanselinjer. Det vert aldri monotont eller stilleståande, men variert, og etter kva eg kan bedømma dessutan stilsikker. Nordic Voices har alltid fascinerert med sine framtredande solistiske utøvarar og samstundes homogene klang. Dei fascinerer ikkje mindre ved denne innspelinga, der me i dei lange, enkeltståande stemmeføringane vert kjende med kvar av dei fem, utan at dei nokon gong trekkjer for langt frå kvarandre. Slik står innspelinga att for meg som éin einaste stemmevev – rein, klår, og tydeleg.

Ingfrid Breie Nyhus/Åshild Breie Nyhus: Edvard Grieg Slåtter Op 72 (Simax)



Det har etterkvart vorte vanleg å presentera Griegs Slåtter saman med det opphavlege slåttematerialet, men denne versjonen er heilt spesiell. Åshild Breie Nyhus (hardingfele) presenterer dei opphavlege slåttane etter Knut Dahle i ei nedteikning gjort av faren, Sven Nyhus. Etter å ha lytta til voksrullopptak av Dahle, har han avdekt ein del manglar ved den tidlegare (og absolutt verdifulle) nedteikninga frå 1903. Arbeidet har òg resultert i ei revidert utgave av Griegs-slåttene, der revisjonane av slåttematerialet er forsøkt overført til Griegs verk. Det doble utgangspunktet – som dyktige utøvarar av både klassisk og folkemusikk – gjev Ingfrid og Åshild Breie Nyhus eit unikt spelerom, og plata er mellom dei mest interessante Grieg-utgjevingane dette året.

Kari Rønnekleiv/Ole Henrik Moe: Ciaccona/3 persephone perceptions (Rune Grammofon)



Det krev ein del konsentrasjon å lytta til denne plata, men det er vel verdt. Det klanglege universet som vert presentert er heilt unikt, og avslørar ein vilje til å utforska og gå vidare hjå komponisten som er beundrigsverdig. Imponerande er òg Kari Rønnekleiv si tolking av desse ekstremt lange og tidvis ekstremt krevjande forløpa, som i parti minner det mykje om menneskestemma, samt både indre og uttrykte emosjonar.

Håkon Austbø: Claude Debussy, komplette klaververk, volum III (Simax)



Med denne plata avsluttar Håkon Austbø nok ein serie komplette klaververk. Debussys tidlege klavermusikk er ikkje nødvendigvis den mest interessante i hans produksjon, men inneheld likevel perler som ”Deux Arabesques” ”Suite bergamasque” og ”Pour le piano”, samt andre stykke som tydeleg belyser komponisten si utvikling på veg mot sitt særeigne uttrykk. Her er fascinerande slektskap med Grieg, så vel som andre komponistar i den romantiske tradisjonen. Austbø er oppteken av oppføringspraksis, og tolkinga av Debussy som klar framfor vag og utydeleg, og dette kjem tydeleg til syne i innspelinga. Men framfor alt er det som klangforståar, utforskar og kunstnar eg set pris på musiseringa hans.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no