AFFINIS - For den yngre generasjonen

INTERVJU: Samtidsensemblet Affinis var sentrale under Ilios 2008 si pedagogiske satsing. Pianist Jon Helge Sætre meiner arbeidet med barn og unge er viktig, avdi barn på ein annan måte enn vaksne er opne for alle slags uttrykk. - Jo yngre barn er, jo meir tydeleg er det at dei forheld seg til det som vert spelt der og då, uavhengig av stil. Om dei likar det eller ikkje, er eit anna spørsmål, seier han i dette intervjuet.

Affinis08/Foto: www.affinis.no

Av Ida Habbestad

Ensemblet som av Norsk Komponistforening vart kåra til årets utøvarar i 2006, har ei allsidig verksemd. Namnet deira tyder ved grensa – og gjev hint om ei opning mot mange sjangrar. På Ilios-festvalen markerte dei seg i møtet med unge utøvarar og komponistar.

Ilios har gjennom fleire år satsa på unge, og i programposten Young Generation vert tredjeklassingar ved musikklinjene i landsdelen inviterte til medverknad under ein av festivalens konsertar.

Frå 2006 har elevane dessutan komponert eigne verk, og resultata av årets arbeid fekk me oppleva laurdag.

- Prosjektet var todelt. Elevar frå Mosjøen hadde jobba med elektroniske komposisjonar i eit lydbehandlingsprogram frå Notam. Dei hadde lasta opp komposisjonane sine på eigne profilsider på musikkverksted.no, og dei fekk vegleiing av Maja Ratkje per e-post, fortel Jon Helge Sætre, pianist i Affinis.

- Andre hadde arbeida meir tradisjonelt. Dei skreiv stykke til oss på Finale som me framførte, og før konserten møttest me til ein workshop der me òg arbeidde fram eit stykke – etter ein formskisse av Finn Mortensen – som elevane var med på å framføra.

Resultatet viktig

Prosjektet har heilt klart sine utfordringar. Elevane i Mosjøen hadde ikkje høve til å vitja sjølve festivalen, og fekk dermed ikkje møtt sin vegleiar. Affinis hadde heller ikkje lange tida med sine samarbeidspartnarar, og her ligg eit forbetringspotensiale, meiner Sætre.

Han påpeikar at det er viktig å understreka for elevane at komposisjon er ein prosess over tid, og at det er nyttig å få innspel undervegs. Likevel er framføringsbiten det viktigaste.

- Det er særs viktig at opplegget munnar ut i ein konsert. Heile poenget er at ein skal formidla musikken til nokon som høyrer den; utan det som mål tapar prossesen meining.

- Det fine i dette prosjektet er òg at elevane samarbeider med profesjonelle musikarar og ein komponist. Eg har inntrykk av at elevane tek oppgåva meir seriøst når musikken skal framførast av profesjonelle musikarar som tek verka deira på alvor. Me understrekar gjerne dette aspektet ved å spørja elevane tydeleg kva dei har tenkt, seier Sætre.

Formidling av samtidsmusikk

Afinnis kom sjølv til som resultat av eit musikkformidlingsprosjekt, i 1990.

Kor viktig er formidlingsbiten når det gjeld samtidsmusikk?

- På ein måte er det som med all annan musikk, den må spelast så godt som mogleg, på musikkens eigne premiss. Ved all musikk kan ein ha den same graden av refleksjon kring programsamansetjinga og korleis ein vil leggja det fram. Samstundes vert nok formidlingsbehovet forsterka når det er snakk om musikk det aktuelle publikummet ikkje kjenner så godt, seier Sætre.

Situasjonen er dessutan annleis for barn, fortel pianisten.

- Vaksne kan kjeda seg meir høfleg enn barn, ler han, og legg til at der er langt fleire fordommar hjå vaksne, enn hjå barn som gjerne er opne for ulike inntrykk.

- Den gjennomgåande hypotesen i media, om at folk sjølvsagt berre vil lesa om populærmusikk er hårreisande, slik eg ser det. Jo yngre barn er, jo meir tydeleg er det at dei forheld seg til det som vert spelt der og då, uavhengig av stil. Om dei likar det eller ikkje, er eit anna spørsmål.

Imitasjon som strategi

Sætre, som òg arbeider med musikklærarutdanning ved Høgskolen i Oslo, fortel at lydkomposisjonane barn i grunnskuletrinnet lagar like gjerne kan minna om samtidsmusikk som om klassiske formar, avhengig av kva innfallsvinkel dei får presentert av vegleiaren.

- Når barn komponerer, improviserer dei for å få idéar. Det tekniske nivået er dessverre ikkje så godt utvikla og ikkje det teoretiske heller – og å laga tonal musikk er vanskeleg. På mange vis er det enklare å tenkja komposisjon som lyd. Det gjer barna intuitivt, sjølv om det er mange som gjerne vil laga ein song eller ein melodi.

- Dessutan er imitasjon ein viktig strategi for barn som komponerer. Det å ha førebilete som er gjenkjennelege innanfor ulike sjangrar, vil påverka elevenes idérepertoar.

Nettopp difor er pedagogiske prosjekt på samtidsmusikkområdet viktige, seier Sætre, ikkje minst avdi ein får ei anna tilnærming til uttrykket som aktiv aktør enn som tilhøyrar. Han oppfordrar fleire musikarar til å laga pedagogiske samtidsmusikkprosjekt, og meiner det i stor grad er marknad for dette gjennom Rikskonsert-systemet og andre instansar.

Men utøvarane bør ha ei viss pedagogisk innsikt, seier han avslutningsvis.

- Noko av det mest utfordrande i ein slik situasjon, er å kunna gje gode attendemeldingar. Særleg det å gje attendemeldingar på barns komposisjonar er eit sentralt punkt, som eg trur både musikarar og pedagogar kan for lite om. Komponistar kan nok meir om det, i alle fall dei som er vande med å ha ein komposisjonslærar og har vore i situasjonen sjølv.

Du meiner det er meir vanskeleg å gje attendemelding på komposisjon enn på utøving?

- Ja, for utøvinga kan ein òg gjera både godt og dårleg, men det som er ekstra utfordrande med komposisjon, er at du kommenterer elevens eigne idear og løysingar, som er nært knytt det kreative og det personlege, svarer Sætre.

- Det er lett å tråkka på folk i den prosessen, og det må ein ikkje gjera for mykje med barn og unge.

Affinis arbeider på prosjektbasis, både med pedagogiske prosjekt og med samtidsmusikkonsertar. Neste prosjekt for ensemblet er under Borealis i Bergen, der dei framfører sin Affinis-suite av Lene Grenager, for første gong i sin heilskap.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no