Kulturmoms - Ei gullgruve for mange

INNLEGG: - Det var bra Ballade publiserte eit positivt innlegg om kulturmoms. Innanfor folkemusikksektoren vil samtlege store festivalar ha stor nytte av kulturmoms, skriver Frode Rolandsgard i Landslaget for Spelemenn og plateselskapet ta:lik, men samtidig: - Problemet med kulturmoms er at han kan ramme skeivt – og dette bør myndigheitene sjå nærare på, mener Rolandsgard.

Frode Rolandsgard


Av Frode Rolandsgard

Landskappleiken, Norges største folkemusikkarrangement, vil tjene mellom 100- 150 000 i året ved kulturmoms.

Nokon vil vel tenkje at dette skuldast at smale musikksjangrar har låge billettinntekter og mottek enorme offentlege tilskot, tilskot som ikkje skal inn i mva-rekneskapen. Men Landskappleiken er eit arrangement med små offentlege tilskot – i snitt ca. 200 000 av eit budsjett på over 3 millionar. Resten er eigeninntjening i form av billettinntekter, matsal etc.

Dei andre folkemusikkfestivalane vil truleg også ha god nytte av kulturmoms.


Stor betydning

Overslag viser at fleire kjem til å tjene mellom 50 og 100 000 kvar på kulturmoms. Pengar som kan brukast til artisthonorar – eller til å senke billettprisane med 20%...

Hvis dette overslaget gjeld brorparten av alle festivalar i Norge med eit billettsal over 300 000, vil forslaget ha stor betydning for kulturlivet.

Fleire av innlegga på Ballade fokuserer på kor vanskeleg det er å føre mva i rekneskapen, og at dette vil ta luven frå frivillige arrangørar.

Argumentet er vanskeleg å forstå, for som arrangørar har vi allereie krav om kassaapparat, og har ein eit billettsal på over 300 000 bør ein uansett ha gode rekneskapsrutinar. Då er momsrekneskap verkeleg ei lita utfordring.


Kan ramme skeivt

Problemet med kulturmoms er at han kan ramme skeivt – og dette bør myndigheitene sjå nærare på.

Festivalane, med store årlege kostnader til leige av utstyr, lydmenn og ofte store, offentlege tilskot kjem særs godt ut, medan store heilårlege arrangørar seier dei vil få det verre.

Stemmer dette, og det blir innført kulturmoms, bør kanskje den nye arrangørstøtta prøve å rette opp skeivheita.

Når musikkrådet og mange av innlegga på Ballade berre fokuserer på dei negative sidene med kulturmoms, overser ein altså at store grupper innanfor musikklivet vil tjene på kulturmoms.

Frode Rolandsgard er informasjonskonsulent i Landslaget for Spelemenn og driver plateselskapet ta:lik.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no