Hekser og yrande liv

Med den nye barneoperaen ”Heksene” som hovudssatsing, inviterest det til musikkfest i Gloppen, 14.-17. august.

Gloppen musikkfest 07_head

Gloppen Musikkfest vert gjennomført for sjette gong på Sandane, og byd på eit rikt samansett program.


Heksene – en opera til skrekk og advarsel

Eit høgdepunkt er barneoperaen ”Heksene” som opnar festivalen. ”Heksene” vart urframført under Hardanger Musikkfest i mai, men er tinga av Gloppen Musikkfest. Musikken er det Marcus Paus som står bak, og Ole Paus har skrive libretto med utgangspunkt i Roald Dahls kjende bok.

Mellom dei ti solistane er Jorunn Torsheim, Torill Eriksen og Tora Augestad, og orkesteret er samansett av elleve musikarar. Festiavlen melder at skuleelevane i Gloppen er vel førebudde, gjennom våren har die laga teikningar, målingar, dikt, hekseoppskrifter og til og med dokker om heksene. Desse kunstverka har vore publisert i Firda Tidend kvar måndag i heile vår, og er no stilt ut i fleire butikkvindauge i sentrum.


Sleppet: eit yrande liv

I tillegg til konsertar arrangerer Gloppen Musikkfest, i samarbeid med Lydgalleriet i Bergen, ei lydkunstutstilling av eit verk av Chris Watson. Grieg 07 inviterte i 2007 lydkunstnarar til å lage lydkunstverk knytta til lyden av den norske våren. Chris Watson, som i mange år var Sir David Attenboroughs lydmann på ei rekkje TV-opptak over heile verda, laga eit verk han kalla ”Sleppet”.

Watson skriv om verket sitt: ”Om vinteren er lyden nesten forkola i ei tidsisblokk, deretter følgjer ei sakte frigjering i løpet av vårsleppet. Verket mitt går frå dei frosne vinterlandskapa til den opne våren. Vi starta opptaka på Sandane, kor det framleis var snø i fjella, og eg kunne høyre nye fuglar kome kvar dag. Fuglar frå sørlege Sahara og andre afrikanske land som kjem til Noreg for å hekke. Det same gjeld sjølve signaturlyden til den norske naturen: lyden av rennande vatn. Vatnet er bokstaveleg talt frose fast i Brikstalsbreen, og gradvis, med større og større energi, tar den seg fram mot kysten. Verket sluttar med lyden av ein fugl utanfor Edvard Grieg si komponisthytte på Troldhaugen.”


Vokalkunstar og kammermusikk

På fredagskvelden framfører dei fem jentene i PITSJ feminin og funky vokalkunst. Dum Dum Boys sin rocka «Splitter pine», Lillebjørn Nilsen si jazzvise «Tanta til Beate» og andre pop/ jazzperler står på programmet.

Laurdag gjev Ole Paus solokonsert, og dinest er det klar for Atle Sponberg saman med eit draumelag av unge musikarar, som mellom anna framfører Schuberts oktett i F-dur.


Musikk for ei stund

Årets festival avsluttar med gruppa Music for a While med blant anna vokalist Tora Augestad og multiinstrumentalisten Stian Carstensen som tek forfriskande grep på Kurt Weills balladar og songar.


Dette i følgje ei pressemelding. Gloppen musikkfest har denne heimesida.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no