Musikkarvprosjektet: Eit første steg på vegen

KONFERANSE: Hausten 2007 retta dirigent Peter Szilvay debatt om kritikkverdige tilhøve kva gjeld tilstanden til notematerialet for sentrale norske komposisjonar. Det fekk Nasjonalbiblioteket, Norsk komponistforening og MIC Norsk musikkinformasjon til å setja saman ei redaksjonsgruppe for å kartleggja stoda nærare, og å komma med forslag til tiltak. I dag vart rapporten deira lansert på Nasjonalbiblioteket.

Håvard Gimse musikkarv/Foto: Lisbeth Risnes

Av Ida Habbestad

Szilvay sitt utgangspunkt gjaldt dei omfattande utfordringane han støtte på i arbeidet med si innspeling av to Edvard Fliflet Bræin-komposisjonar, der leigematerialet var ufullstendig, og han sjølv måtte stå for edisjonsarbeidet.

Parallelt med ei aukande interesse for den klassiske musikkarva, har vitnesbyrd frå dirigentar og utøvarar dukka opp med jamne mellomrom. Dømevis Terje Boye Hansens beretningar om Islandsmoens ”Requiem” og Christian Eggen sine mange utfordringar i edisjonsarbeidet med Farten Valen sine komposisjonar.

- Sant å si er det overraskende og ikke så lite pinlig at den klassiske musikkarven har vært behandlet med så stor lemfeldighet i Norge, uttalte leiar i redaksjonsgruppa, Svein Bjørkås då arbeidet starta opp i februar dette året.


Katalogisering og edisjon

Også under lanseringa av rapporten fekk me praktiske døme på kva problematikk det er snakk om. Pianist Håvard Gimse framførte ein av Geirr Tveitt sine hardingtonar, og beretta at det aktuelle verket var komme til han ein dag i posten, frå vedkomande Tveitt i si tid skreiv det til. Den vesle komposisjonen som held høg kvalitet har inntil nyleg vore ukjent.

- Verken Nasjonalbiblioteket eller Geirr Tveitts familie kjente til dette stykket da jeg presenterte det for dem. Flere som har sett på det – blant andre Leif Ove Andsnes – mener det må være en av hans beste hardingtoner, fortalte Gimse.

Innsamling og katalogiseringsarbeid står altså høgt på lista over naudsynte tiltak, og det er inga overrasking at gruppa så vel som Gimse konkluderer med at der trengst ein omfattande innsats.

- Jeg opplever stadig at klaverstudenter ønsker å spille verkene til en komponist som Tveitt, men at de rett og slett ikke vet om verkene finnes og er tilgjengelige. Det er for mangelfull oversikt rundt dette, selv om mange – til dels frivillige – har gjort et stort arbeid og gitt økonomiske bidrag, sa Gimse under lanseringa.

Eit anna hovudmoment er redigering, og Christian Eggen påpeikte med utgangspunkt i sitt eige arbeid korleis feil i notematerialet ikkje berre hindrar optimale framføringar av verka, men i fleire tilfelle gjer det uaktuelt å framføra komposisjonane i det heile. Særleg i utlandet der institusjonane ikkje har nasjonale forpliktingar mot desse verka.


Konkrete verk, men ingen kanon

Mellom tiltaka er det dermed foreslått kritisk-vitskaplege utgåver av den samla produksjonen til komponistane Johan Svendsen, Agathe Backer-Grøndahl, Ludvig Irgens-Jensen, Geirr Tveitt og Fartein Valen, samt av utvalde verk av Oscar Borg, Christian Sinding og Johan Halvorsen.

Gruppa meiner vidare at den kritisk-vitenskaplege utgåva av Edvard Grieg sine verk bør editerast, samt til saman 59 andre enkeltverk av 24 komponister skal verta editert og publisert.

- Dette er ikke ment som noen kanonisering av den norske musikken, sa leiar av utvalet, Svein Bjørkås under konferansen i dag.

- I rapporten er det mange verk og komponister som ikke er nevnt, fordi verkene er tilgjengelige og i god stand. Utvalget av verk er altså basert på hvilke verker som må gjøres noe med, og hvor manglene er størst.

Bjørkås understreka i tillegg at ein i første omgang konsentrerer seg om verka til avdøde komponistar, men at eit tilsvarande arbeid òg kan vera naudsynt mellom dei nolevande. Difor er det viktig at mandatet vert oppfatta som vegleiiande, og at det kan handterast så dynamisk som mogleg, gav han uttrykk for under konferansen i dag.


Arbeid for mange

Og for å sikra arbeidet på best mogleg vis, er det foreslått at ei rekkje institusjonar vert involverte i arbeidet. Dei øvrige tiltaka i rapporten var difor som følgjer:

”- Det opprettes en prosjektorganisasjon som både kan ha det overordnede ansvaret for oppfølging av Musikkarvprosjektet og være et kompetansesenter for musikkedisjon. Gruppen anbefaler at organisasjonen etableres som en frittstående stiftelse lokalisert til Norges musikkhøgskole.

- Det bør nedsettes en arbeidsgruppe som skal utrede oppgaver, arbeidsdeling og samordningsbehov i bibliotekenes, arkivenes og samlingenes arbeid med fysisk vern, digitalisering, katalogisering og kunnskapsformidling knyttet til musikkarven. Arbeidet bør ledes av Nasjonalbiblioteket.

- Parallelt med utredningen om vernearbeidet bør behovet for edisjonsorientert forskning og
kompetanseutvikling kartlegges. Det anbefales at Universitetet i Oslo og Norges musikkhøgskole leder arbeidet.

- MIC Norsk musikkinformasjon foreslås som publiseringsinstans for den del av det historiske notematerialet som ikke blir utgitt på forlag, etter samme modell som i dag gjelder for samtidsmusikken.

- Som en del av finansieringen av Musikkarvprosjektet mener redaksjonsgruppen at det bør opprettes en egen tilskuddsordning for edisjonsarbeid”.


Midlar og vidareføring

Som professor i musikkhistorie Arvid Vollsnes òg påpeikte; ikkje alt kostar pengar.

- Veldig mange organisasjoner i musikklivet er statlig finansiert men ikke kontrollert, og har dermed ingen pliktavlevering. Vi har eksempler på hvordan det har blitt utarbeidet revisjoner og nytt notemateriale i forbindelse med enkeltkonserter og innspillinger, der materialet har forsvunnet og i etterkant er umulig å oppspore. Her mener jeg man burde se på lovverket og kanskje hatt pliktleveringsavtaler, slik at materialet kunne havnet i et arkiv.

Og likevel; i det vidare er mykje avhengig av kva løyvingar og midlar som kan skaffast til vege, samt at institusjonane tek felles ansvar for den klassisk musikkarva.

Med rapporten i hende er det første steget tatt. Vonleg tek konkrete planar form når ei rekkje aktørar og organisasjonar møtest 2. september for drøfting av tiltaka som er foreslått i rapporten.

Redaksjonsgruppa har bestått av dirigent Bjarte Engeset, amanuensis Øyvind Norheim ved musikkformidling, Nasjonalbiblioteket, professorane Arvid Vollsnes og Elef Nesheim frå høvevis Universitetet i Oslo og Norges musikkhøgskole, seniorrådgivar i MIC, Hilde Holbæk-Hanssen samt direktør i MIC, Svein Bjørkås.

Rapporten er gjort offentleg på MIC sine heimesider, og kan lastast ned HER.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no