Rune Alver: Utøvaren sitt lodd å vitalisera

INTERVJU: Pianist Rune Alver har lang fartstid som aktiv framførar av Grieg sine komposisjonar. Denne veka vert den andre av to innspelingar med klaververk av Grieg lansert. Den nyutkomne plata har tittelen ”Mountain Dance” og tek for seg komponisten sine tidlege komposisjonar. – Der finst etter mi meining ein polert, litt pynteleg Grieg, og så finst det ein som er litt røffare. Det er i nærleiken av siste varianten eg ynskjer å vera – i noko friskt. Eg ynskjer å nærma meg det vitale i musikken hans, seier Alver.

Rune Alver08/Foto: Vegar Valde

Av Ida Habbestad

For den som har fordjupa seg i verk over lengre tid er det naturleg å før eller sidan lydfesta materialet. I ei tid med kamp om plassen vel imidlertid mange å leita etter uinnspelt materiale – eller konsentrera seg om særs kjend stoff.

Herverande utgjevingar er korkje det første eller siste, men finn seg ein plass i mellom. For sjølv om der finst mange innspelingar av Griegs klaververk, er ikkje ungdomsverka mellom hans mest framførte.

I møte med Rune Alver lurer me altså på kvifor han har fokusert på nett dette repertoaret?

– Utgangspunktet var heilt enkelt at Troldhaugen spurte meg om å gjera verka. Dei fanst ikkje frå før i heilskap i Troldhaugens serie, TROLD, forklarer Alver.

– Men eg set sjølvsagt pris på å arbeida med verka. Også Grieg sine tidlege komposisjonar held høg kvalitet.


Å kasta det tyske åk

Medan den førre plata, ”Le Nouveau Grieg”, tok for seg Griegs seinaste klaververk, er det nokså tidlege stykke som vert presentert på ”Mountain Dance”, som har tittel etter ”Fjellslått” frå ”Folkelivsbilder” opus 19.

To ytterpunkt med andre ord, som potensielt kan gje ulike bilete av komponisten.

– Der er absolutt ein skilnad mellom verka. Slåttene med opusnummer 72 er mellom dei siste stykke Grieg skreiv, og er heilt spesielle, tykkjer eg. Verket fører oss på ein måte inn i ei ny verd: Det opnar perspektivet inn mot det 20. århundret med sin modernitet, både i rytmisk og harmonisk forstand.

– ”Den nye Grieg”, blir med det ei god nemning, eller kanskje endå betre det franske ”Le noveau Grieg”. For her heime i Norge vart klangane for moderne, medan dei i Paris, som var sentrum for avantgarden, vart vel tatt imot, seier Alver.

I Paris hadde Grieg stor betydning i ungdomsmilljøet av komponistar i byrjinga av århundret. Dette fekk betydning også internasjonalt, fortel Alver vidare.

– Storleikar som Bartók og Ravel var der, og kanskje særleg Bartók vart inspirert. Bartók sa ein gong om Grieg at ”han var den første av oss som kasta fra seg det tyske åket og vende seg mot sitt eige lands musikk”.


Tidleg vendepunkt

Det var altså mot slutten av livet at Grieg vart mest dristig i komposisjonane sine, men Alver hevdar der er mange moderne trekk å spora òg i tidlege verk. Alt i ”Humoresker”, opus 6 nytta den 22 år gamle komponisten element frå folkemusikken; faktisk er det i desse verka at folkemusikken første gong dukkar opp – etter sterk påverknad frå landsmannen Rikard Nordraak. Slik utgjer dei eit vendepunkt for komponisten, seier Alver.

– Det er spanande å sjå kor tidleg det vert tydeleg at Grieg er inspirert av dette me reknar for ”det norske”, seier han. – Det varierer sjølvsagt kor omfattande innslaget av folkemusikk er i dei tidlege komposisjonane. I opus 6 er dei der sterkt, særleg i humoreske nr 2 og 4 som begge er avanserte harmonisk, og som har ein røffhet til stades som er nokså fjern frå den tyske romantiske tradisjonen.

– Parallelt lever han i den tyske tradisjonen, noko som er tydeleg i dei tre første albumbladene opus 28. Dei er ikkje spesielt ”griegske” men er prega av tysk tradisjon, med eit unntak av ”Albumblad” nummer 4. Historia bak dette siste, er at han då han sat i Hardanger og komponerte, plutseleg høyrde nokon spela på hardingfele frå ein båt på fjorden. Midtdelen av stykket gjengjev ei særs inspirert oppleving av hardingfela, og ”Albumblad nr 4” er noko av det ypparste Grieg skapa for klaver, seier Alver.

Vidare framhevar han ”Sonate” opus 7 som eit høgdepunkt frå perioden.

– Opus 7 liknar ein amoll-konsert i miniatyr; som peikar tydeleg fram mot konserten opus 16 som skulle koma. Miniatyr er kanskje ikkje det rette ordet, for sonaten er like lang og oppbygd til dels med same verkemiddel som a-mollkonserten. Uansett var dette eit svennestykke for Grieg. Det er på mange måtar i opus 6 og 7 at Grieg klekkar sitt prosjekt, seier Alver.



Revitalisering?

Alver vart ferdig utdanna frå Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole i 1986, og har òg studert med pianisten Vlado Perlemuter i Paris. Sidan har han konsertert i inn- og utland, med særleg fokus på den av dei norske komponistane som har oppnådd størst internasjonal merksemd.

Du meiner sjølv at desse CD-en utgjer ei slags revitalisering av Grieg. Kva legg du i det?

– Det er jo utøvarane sitt lodd å vitalisera stoff som er skrive ned på papir. Vi har ein del innspelingar av Grieg sin musikk, men eg vonar at dette bidraget kan gje eit annleis liv til musikken; at tilnærminga kan kasta nytt lys på Griegs musikk, svarer pianisten.

– Eg vonar innspelinga kan bidra til å avdekkja fleire kvalitetar i Griegs musikk. Eg opplever at musikken hans har større ekstremitetar, går meir mot ytterpunkt enn det ein ofte høyrer. Der finst etter mi meining ein polert, litt pynteleg Grieg, og så finst det ein som er litt røffare. Det er i nærleiken av siste varianten eg ynskjer å vera – i noko friskt. Eg ynskjer å nærma meg det vitale i musikken hans, seier Alver.

Sjølv har han ingen særlege førebilete når det gjeld tolkingane av Griegs musikk. Alver trur heller at ideane han har først og fremst har vakse fram gjennom mange års arbeid med komponisten, gjennom breidda av repertoaret.

– Eg har jobba med Griegs komposisjonar heile livet. Ein søkjer vel alltid mot å tilføra noko eige, og det vert særleg spanande å freista skapa liv i musikk som står i ein tradisjon me kjenner så godt, seier han.

– Det er i dette skjæringspunktet einkvar klassisk utøvar rører seg, trur eg, og utfordringa ligg i å knytta sitt eige personlege opp mot musikken og tradisjonen.

I kva grad har Grieg sin musikk vore viktig for deg og di verksemd?

- Den har vore veldig viktig. Grieg er den komponisten eg har framført aller mest. Men framover vonar eg òg det vert mogleg å eksponera fleire komponistar på CD, seier Alver.



Rune Alver held følgjande konsertar i høve lanseringa:

07. november kl 19.30, Oslo, Konserthusets Lille Sal
14. november kl 19.30, Stavanger, St. Petri Kirke
18. november kl 19.30, Bergen, Logen Teater

CD-en er utgiven på MUDI. Rune Alver har denne heimesida.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no