Harrys antigym

- Me apellerer vel meir til noko ettertenksamt i folk, samtidig som dei får lyst til å røra på kroppen, seier Anne Lise Frøkedal om Harrys Gym. Bandet fekk nyleg platekontrakt med Universal, men for medlemmene er bandet først og framst ein fristad der dei får gjera som dei vil.

Anne Lise Frøkedal 09/Foto: Kjetil Hasselgaard

Av Ida Habbestad
Foto: Kjetil Hasselgård og Anniken C. Mohr

- Ei tid trudde eg det var folk inne i høgtalarne. Du veit, det er jo ei sølvkule i høgtalaren, og eg kunne sitja lenge å sjå inn i høgtalarane for å få eit av glimt bandet, ler Frøkedal, som fortel om sine heilt tidlege musikkopplevingar.

Så lenge ho kan hugsa har ho vore ekstremt interessert i musikk.

- Eg starta mitt første band i 6. klasse på barneskulen. Eg gjekk på ei lita grendeskule i Etne (sør i Hordaland fylke, red anm.) med 30 elevar – og det enda med at halve skulen var med i bandet. Det let nok ikkje så bra, smiler artisten.

Sidan den gongen har ho vore tilknytt ulike band som gitarist, vokalist og låtskrivar. No er ho frontfigur i det mange reknar som eitt av dei mest interessante banda anno 2009, Harrys Gym. Bandet, som nyleg fekk kontrakt med Universal, mottok gode kritikkar for debutplata med same namn, og fekk tilsvarande god respons etter årets by:Larm.

Etter 15 år med banderfaring, kva er blitt ditt viktigaste estetiske utgangspunkt?

- Det er kanskje ein klisjé, men eg har blitt meir oppteken av å gjera den greia som er meg sjølv, svarer Frøkedal.

- Før kunne eg vera meir oppteken av å tilpassa meg ein sjanger, ein trend eller kva som helst. No er eg forbi akkurat det. Eg er klar for å dyrka mitt eige uttrykk. Og så er eg oppteken av å kunne bruka det vokale instrumentalt.


Utgangspunkt i klang og vokal
Stemma er fascinerande fleksibel, meiner Frøkedal, som trass handtering av andre instrument har arbeidd aller mest vokalt. På eit breidt felt – av klassisk song, i kor, og i Trio Søt som gjorde trestemde nasjonalromantiske songar, og sidan Motorpsycho på nynorsk.

Kva legg du i det vokale som instrumentalt?

- Eg meiner det er viktig å leggja vekt på å bruka stemma ut over leadvokalrollen. I Harrys Gym brukar me for eksempel mykje kor, der vokalen går inn og jobbar som del av kompet. Og når eg lagar låtar, er det klangmessige nesten meir viktig enn det tekstlege. At det lét riktig er det viktige. Ein låt kan gjerne byrja i klangar og vokalar eg vil bruka, og så lagar eg ein tekst ut frå det. Det gjer at det kan vera eit salig puslespel å skriva tekstar, svarer Frøkedal.

Som ihuga nynorskbrukar – når det let seg – og med grunnfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen, er det nesten overraskande at målforma er engelsk. Det har si enkle forklaring, hevdar låtskrivaren.

- Det handlar om at eg har vakse opp med nesten berre engelskspråkleg musikk. Slik har eg tolka engelske tekstar sidan eg gjekk på barneskulen, og det vart heilt enkelt naturleg for meg å skriva på engelsk. Den gongen var norske ting mest slikt som foreldra mine høyrde på. Men det har skjedd mykje den siste tida – det er fleire og fleire som klarer å skriva bra på norsk; Kråkesølv som lagar musikk på Bodø-dialekt for eksempel, lagar kjempefin musikk.

Kanskje handlar det òg om dei tekstlege inspirasjonskjeldene? I alle fall er namna på forfattarar som har vore viktige for henne opp gjennom i stort utanlandske.

Felles for den litterære inspirasjonen er vidare det opne, litt mystiske uttrykket.

- Eg er særleg glad i bøker som fortel gåtefulle historier. Slike der du må leggja til ein bit sjølv for å skjønna heile biletet, bekreftar Frøkedal.

- For eksempel gav Haruki Murakami meg eit skikkeleg kick med ”Dans dans dans”. Det er ikkje den beste boka hans, men den første eg las, og den gjorde sterkt inntrykk i denne nesten magisk-realistiske verda. Murakami skriv ganske stramt, og opererer innafor ei realistisk røynd. Samstundes skjer der mange rare samantreff, overnaturlege fenomen – som forfattaren får til å virka daglegdags. Murakami er døme på ein forfattar som har inspirert meg direkte til å jobba med ein låt.


Ei leikestove
Og Frøkedal kan nemna fleire. Paul Auster og hans New York-trilogi. Novellesamlinga “No One Belongs Here More Than You” av Miranda July.

I forlenginga av dette ramsar ho opp musikalske inspirasjonskjelder, som New York-bandet Blonde Redhead og ”gubbete” gitarrock som Led Zeppelin. Eller for den del komposisjonar av Bach, samt uttrykk innan country, folkemusikk, elektronisk musikk. Og ho berettar at i hennar heilt subjektive rangering er dei beste instrumenta, forutan det vokale, fela og trøorgelet – i nemnde rekkefølgje.

Denne lange rekkje av innfallsvinklar tyder på eit potensielt breidt spekter av uttrykksformer – men forutan I Was a King der Frøkedal er gitarist, er det Harrys Gym som i dag er mest i vinden.

Bandet er oppkalt etter den nedlagde gymsalen vegg i vegg med øvingslokalet deira.

- Det gamle lokalet bar på myter og historier. Harrys Gym virkar som det har vore noko anna enn eit vanleg treningsstudio. Det liknar meir på ein gøymestad for dei som treng å driva med noko for seg sjølv. Kanskje var det ein plass der menn kunne snika seg ut frå konene sine for å ta ein god prat? Det var i alle fall ein antigym, der ein fekk driva med det ein hadde lyst til.

- Etterkvart har me vorte Harrys Gym, me òg, seier Frøkedal.

Og dette vert spegla i kva de gjer?

- Kanskje? Harrys gym er vår vesle fristad. Ei leikestove, der me gjer kva me har lyst til.


Stille tema
Å laga det ein har lyst til er langt på veg einsbetydande med å laga musikk ein meiner er god, hevdar Frøkedal. Og at bandet lukkast med det, vil mange vera samde i skal ein tru omtalane etter årets by:Larm; eller den nylege platekontrakten med selskapet Universal. Der den førre plata var mykje av eit deltidsprosjekt, innimellom alt anna, gjev denne budsjettvis rom for å arbeida meir fokusert i studio.

Kva lagar de – og skal de laga – i Harrys Gym?

- Ofte får me høyra at det ikkje er så mykje norsk musikk å samanlikna oss med, svarer Frøkedal.

- Me likar å basera oss på solide melodiar. I tillegg arrangerer me ofte for fleire enn dei me er, brukar samples og loops til det blir eit ganske intrikat lydbilete. Det er ganske mykje trøkk i oss når me spelar – mykje lyd, altså, men me er ikkje noko typisk trend-band. Me appellerer meir til noko ettertenksamt i folk, samtidig som dei får lyst til å røra på kroppen.

- Det sto ei fin formulering i Stavanger Aftenblad om dette, etter konserten 8. mars; at me fekk voksne, fornuftige menn til å dansa og at ein tilskodar nesten kom tilbake i barndomen og løyste nokre personlege flokar då konserten var på det mest hypnotiske, fortel Frøkedal.

Konsentrerer ein seg om det ettertenksame, gjev det seg utslag i tekstlege tema som Frøkedal beteiknar som ”stille”. Det er mellommenneskelege forhold – om famile, hus, personar og omgjevnadene deira.

- Eg har eigentleg ikkje tenkt så medvite på dette, men når eg har kikka gjennom tekstane mine i ettertid, ser eg at der er mange skildringar av interiør, folk som er i hus. Familien i utvida forstand er noko av det sterkaste og vanskeligaste ein har. Det er eit tema ein kan få mykje ut av, som eg kjem til å halda på med lenge, seier ho.


Utfor di eiga verd
For å venda blikket attende til by:Larm – i forkant vart det debattert om prinsippa bak sponsoravtalar, med særleg vekt på StatoilHydro sitt stipend. Er musikk først og fremst kunst for deg, eller er det òg eit politisk anliggjande?

- Musikken er ikkje så veldig politisk for meg, og eg føler meg vel ikkje kompetent til å ta opp politiske problemstillingar som musikar. Men eg meiner at alle har eit ansvar, same kva ein driv med. Eg synest det er bra at debatten kjem opp. Alle som var nominert til stipendet hadde ein dialog på det, svarer Frøkedal.

Så kva vil du seia at musikken er for deg?

- Eg trur eg forsøker å gjenskapa den same opplevinga hjå folk som eg sjølv har hatt når eg har hatt store opplevingar med musikk. Opplevinga av at musikk klarer å setja ting i perspektiv; hjelper deg til å trø utfor di eiga lille verd eit augneblikk – så du får ei oppleving av å skjønna eitt eller anna. Diffust, kanskje, men slik er musikken for min del. At du skal sjå utfor deg sjølv. Det er nok det eg ynskjer, seier Frøkedal.


Harrys Gym består av Anne Lise Frøkedal – gitar, vokal, Bjarne Stensli – trommer, Erlend Ringseth – keyboards, og Ole Myrvold – bass.

I desse dagar jobbar bandet med nye låtar og gjer demoinnspelingar til neste plate i april. Deira neste konsertar er 21. mars på Garage i Oslo samt 25. mars på Studenthuset driv i Tromsø.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no