Kabinett av kuriositetar

Borealis baud i år på ei samling merkverdige forteljingar. Beretningane frå eit stort mangfald av stemmer er vidunderleg fri frå begrensinga av det etablerte, skriv Ballades utsende om festivalen.

Borealis 2009 logo

Av Ida Habbestad

Borealis 2009 vart ei oppvisning i variasjonens, improvisasjonens og sjangerspelets kunst. Gjennom tre av fem dagar fekk me eit lite innblikk i vellet av små og store lydlege utsegn, på ei rekkje arenaer i byen.

Under overskrifta "Georg og løven" opna festivalleiar Alwynne Pritchard opp for ein festival om historier. Den mytiske Georg var lenka opp mot folkelege beretningar om styrke og mot, til historier som definerer vår identitet.

Men få av oss kjenner Georg og løven, og samanhengen forvirra nok meir enn den forenkla. Biletet av konvensjonelle identitetsberetningar virka som ein omveg, plassert på ein festival der det like gjerne er dei alternative, ikkje-kanoniserte beretningane som får plass. Med det sagt er eg gjerne med på biletet av Borealis som ei modig samling beretningar, frå eit mangfald av stemmer, vidunderleg fri frå begrensinga av det etablerte.


Logisk kaos
Mangfaldet kan sjåast gjennom Ballade sine utvalde intervjuobjekt. Ulike personlegdomar som Nils Økland, Magnar Mangersnes, Geir Jenssen og Michael Finnissy finn plass under same paraplyen. På Borealis vert merkelappar uviktige; det er ein felles dialogen med vår eiga samtid som er vesentleg.

Så også under konserten på Logen fredag kveld. Med tre scener kring om i rommet vart det skapt ein god arena for variasjon. På den første var det bygd eit stillas fylt av 23 små orglar, traktert av like mange utøvarar samt yngre spelarar på orgelpiper, alt under leiing av stillassjef Sigbjørn Apeland. Deira opne, leikne tilnærming kontrasterte, men sto samstundes i fascinerande samsvar til asamisamasa sine meir ”hardcore” presentasjonar av festivalkomponist Finnissy. Festivalkomponisten sin musikk var ofte vakker, med fragment av eldre verk. Den kunne gå i dialog med folkemusikken, den kunne gje oss morbide tekstar – for så igjen å vera heilt abstrakt. Finnissy deler tydeleg orgel-traktørane sin fascinasjon for det merkverdige – om eg enn til tider hadde problem med å sjå den same sprudlande gleda ved det han held på med, som dei før nemnte.

Dinest kom Mem1 sitt meditative, elektroniske uttrykk, som langsamt falda seg ut frå det nedtona til eit meir trykkjande, tungt uttrykk. Snart etter, Kjell Mørk Karlsen sitt impresjonistiske ”Les anges de Chagall” for solo klaver. Også den ein meditasjon, som like gjerne kunne ha stått på eit reint klassisk program. Og slik held ein altså fram, til 1500-tals komponisten Thomas Tallis sitt 40-stemmige "Spem in Alium" avrunda, framført av koret av orglar.

Ein konsert i eit logisk kaos, der alle fekk med seg mange uttrykk – der fåtalet kunne lika alt, men fleirtalet fekk horisonten utvida.


Historia som ikkje vert fortalt
Gjennom festivalen vart enkeltstemmene tydelege på fleire arenaer i Bergen.

Sterkast vart den kanskje understreka av utstillinga ”Disrehearspectaktak” på Lydgalleriet. Philip Tagney gav oss der ein collage av sine møte med komponistar og utøvarar, der fragment av lyd frå øvingssituasjonen, brokkar av uttallelser om ide og bakgrunn låg innfelt. Her var òg ei peikar til historiene som ikkje er fortalt, til alt som vert redigert vekk og som ein dermed aldri får med seg.

Ensemblet InterInterInter var òg historieforteljarar med artige bidrag. Deira funksjon veksla mellom det dokumentariske i ein eigen festivalblogg. Vidare til deira eigen interaksjon med verka – gjerne som små kommentarar – og til stadige oppfordringar til publikummets medverknad, og meir.

Dei yngre stemmene fekk plass på ulike stader i byen. Borna ved Haukås skule hadde laga Georg og løvens signatur. 15-18-åringar var invitert for å gje sine blikk på festivalen, med foto, video og artiklar. Vidare var foredrag, seminarar, filmar, små høyrespel, ad hoc konsertar – knapt ein brøkdel var mogleg å få med seg.

Dei unge var òg med under opningskonserten, før me ankom byen. Plassert ved Travparken på Åsane, med nærare 500 tilhøyrarar som lytta til musikk av hestar og anna – går gjetord om det spektakulære.


Institusjon og opprør
Men òg i formidlinga av det tradisjonelle konsertformatet lukkast Borealis å opna opp.

Bergen Filharmoniske Orkester sin konsert står som framifrå døme. Gjennom å invitera ein utøvar frå eit ikkje-klassisk felt, Geir Jenssen, til å skriva for orkestret, lokka ein inn eit anna publikum enn vanleg. Gjennom å la komponistane samtala med Pritchard om verka sine, fekk me inntrykk av korleis opphavspersonane tenkjer. Og gjennom solide tolkingar frå orkestret og dirigent Peter Szilvay, fekk me overtydande blikk på tre heilt ulike tilnærmingar til den symfoniske tradisjonen.

Stort inntrykk gjorde Kjell Mørk Karlssen sin melankolske symfoni nr 3, ”Isslottet”, der linja til det tradisjonelle sto tydeleg. Nemnte Jenssen sitt ”Shhocstavoski” vart for meg ikkje like overveldande. Det hadde mindre substans i eit minimalistisk og luftig spel av ørsmå hendingar i enkeltinstrument, og med små fragment av Sjostakovitsj sine 16-delar. Kanskje ville verket vore meir vellukka om det var komponert meir på artisten sine eigne premiss? Avslutningsvis Nils Henrik Asheim sin nye dobbelkonsert, ”Catch light”; ein leik med dialogisk lyd og fargeleggjing mellom orkestret og solistane Peter Herresthal (fiolin) og Peter Kates (slagverk) – for meg eitt av festivalens høgdepunkt.

Og, som for å understreka det heilstøypte – eller motsatsen – inviterte InterInterInter til ei vandring attende til 60-talet. Ei lita gruppe gjekk baklengs til Landmark, og alt som før var institusjonelt var no det motsette; med servering av linsesuppe; med klovnestrekar, kakekasting, eggknusing, musikk for klinkekule på skarptromme, tyske, gamle lieder – og mykje meir.


Satt sinfonietta
Det einaste punktet der eg verkeleg skulle ynskt ei betre formidling var ved BIT 20 sine konsertar onsdag. Beteiknande var konserten for barn: Den opna framifrå, med eit nytt verk, laga og framført av born frå Aurdalslia skule, til glede for både vaksne og barn.

Men overgongen – mellom barna sin interaksjon og til klarinettkvintetten dei skulle lytta til i stille var lite gjennomtenkt. Utan introduksjon eller tilretteleggjing før øvrig, bygde ein heilt enkelt opp dei veggene som før var rivne ned. Born og vaksne vart urolege - både publikum, komponist og utøvarar hadde fortent betre.

Det same kan innvendast òg mot konserten som kom etter. Rett nok var den for dei vaksne, men gjennom sine mange skeive blikk på samtidsuttrykket er det som om Borealis understrekar at den høgtidssame, tunge sinfoniettakonserten er blitt ein konvensjon som godt kan røskast i.


Ei felles stemme
I mylderet av inntrykk, og mellom mange raude trådar, opplever eg at der finst ei felles festivalytring. Det er ei ytring om å riva ned skilje – mellom kategoriar og sjangrar. Samtidsmusikk, kunstmusikk, elektronika, noise, støy, performance, improvisasjon, jazz kan her heilt enkelt kallast ny musikk.

Eit slikt befriande utsegn er kanskje det største bidraget av dei alle?


InterInterInter er artistar under årets Ultima.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no