Utan synleg vilje

KOMMENTAR: - Det er duka for nok ein godt besøkt sesong for Oslo-Filharmonien. Men den administrative delen av orkestret kunne nytt godt av langt større visjonar, skriv Ida Habbestad.

Oslo-Filharmonien 2008/Foto: Bo Mathisen

Då Den Norske Opera & Ballett i slutten av april la fram sitt sesongprogram var pågangen stor. Med kunstnarlege innslag og ein leiartrio som ivrig la fram sine planer for det komande året, vart lanseringa som nok ei optimistisk feiring av den nye institusjonen.

Då Oslo-Filharmonien lanserte sitt program i dag, fann einast ei lita gruppe journalistar vegen. Nærmare bestemt var det fire av oss som lytta då sjefsdirigent Jukka-Pekka Saraste og direktør Odd Sverre Gullberg beretta om stoda for kommande år.

Situasjonen er nådelaust snudd på hovudet for Oslo-Filharmonien. Dei er ikkje lenger utan konkurranse kva gjeld posisjon i det klassiske musikklivet. Med finanskrisa møter dei økonomiske utfordringar, og akustikk-tematikken i konserthuset har blussa opp når den nye operaen så tydeleg belyser kva høve orkestret vel hadde fortent.

Det burde med andre ord vera duka for satsing. Med oppbretta ermer burde orkestret lansera sin tydelege visjon og vilje. Korleis har dei tenkt å verta ein like interessant institusjon som Den Norske Opera & Ballett?


Manglar satsingsområde
Trass utfordringane har Oslo-Filharmonien glimrande føresetnader. Dei har ein fantastisk sjefsdirigent med sterk musikalsk vilje, og dei har ei framifrå rekkje utøvarar. Som dei sjølve seier – dei representerer noko av den framste musikalske kompetansen på sitt felt i landet. Publikumsbelegget deira er høgare enn på lenge, med jamnt oppunder 90% skal me tru direktør Gullberg.

Oppsiktsvekkjande då, at pressekonferansen virka fattig på satsingsområde.

Rett nok peikte sjefsdirigent Jukka-Pekka Saraste på fleire ynskjemål. Han kunne gjerne tenkt seg å invitera store internasjonale komponistar for samarbeid med orkestret. Han kunne tenkt seg ei større satsing på yngre norske dirigentar, samt ei større satsing på unge talent gjennom orkestret. Ser ein til hans heimland Finland, er døma på godt organiserte skuleprosjekt mange.

- Spørsmålet er kven som skal ta initiativet til dette, sa Saraste på konferansen.

Men er ikkje svaret heilt enkelt orkesteret sjølv?

Nyleg vitja Kryzysztof Penderecki Norges musikkhøgskole. Kristiansand Symfoniorkester har arrangert workshop for unge komponistar. I Bergen Filharmoniske Orkester har ein tilsett ein ung norsk assistentdirigent. Same orkester held årlege konkurransar for så å presentera unge talent, både utøvarar og komponistar. Nyleg presenterte orkestret dessutan eit gjennomført nytt og norsk program.

Høva virkar uendeleg mange, men for Oslo-Filharmonien si administrative leiing virkar økonomien og det kommersielle potensialet vera den stadige grunngjevnad bak vala dei gjer, om det enn er snakk om valet av repertoar, gjestande solistar eller dirigentar.

Ei lett resignert haldning, som me vonar ikkje vert utslagsgjevnade for den musikalske utøvinga i året som kjem.

Beteiknande er grunngjevnaden bak repertoarvalet for orkestret si nyaste kommunikative satsing. Tidleg i sesongen arrangerer dei ein utekonsert på Rådhusplassen, som dei vonar kan bli tradisjon. På spørsmål frå Aftenpostens journalist om kvifor dei då vil spela Beethovens 9. Symfoni var svaret at "Oslo kommune ønsket seg det".

At kommunen stiller opp og har musikalske ynskje er strålande.

Men tru om landets største orkester har nokre tilsvarande sterke ynskje?

Ida Habbestad er journalist i Ballade.no

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

2 lokale kommentarer til denne artikkelen

 

 
 
STAKKARS STAKKARS OFO...
Skrevet 13.05.2009 12:55 av Katrine Ganer Skaug

Både Bergen, Stavanger, Trondheim og Kristiansand har både unge norsk assistentdirigenter samt opprettet egne stillinger for programsjef for å profesjonalisere programleggingen i samarbeid med sjefsdirigentene (KSO var for øvrig ute først med begge deler...) - komposisjonsworkshop gjennomføres i flere sammenhenger. Det er typisk tendens - de små truede skjerper seg og kommer i forkant, mens ikonet blir hengene etter. Det er helt utrolig hvordan OFO ser ut til å ha resignert - HALLO, JANSONS-BØLGEN ER OVER, VÅKN OPP!
Når dette er sagt, har Ståle Wikshålands innlegg i Dagbladet forøvrig et poeng: Giske må slutte å fortsette å late som om han ikke behøver å forholde seg til Konserthus-problematikken. Og da mener heller ikke jeg at det først og fremst er nytt hus de trenger...

Svar på kommentar

 
 
HUSPROBLEMATIKKEN
Skrevet 14.05.2009 14:37 av Magnus Nedregård

Det virker jo som om svært mange av de symfoniorkestrene som har klart å skape entusiasme omkirng seg selv på en eller annen måte har hatt et hus med på laget, om man nå liker det eller ikke?

OFO har så mye av det som skal til, men de trenger å markere seg rent fysisk, tror nå jeg. Hus er faktisk viktig i så måte... forøvrig enig med forrige taler...

Svar på kommentar


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no