Vilje til å gjera noko eige

INNLEGG: Det kan synast som om Oslo-Filharmonien gøymer seg bak økonomiske utfordringar samt den rådande husproblematikken for det som måtte komma av innvendingar – i ei tid der det vel er særleg viktig at orkestret gjer tydelege kunstnarlege prioriteringar, skriv Ida Habbestad i dette svaret til informasjonssjef Marit Gaasland.

Ida Habbestad

I informasjonssjef Marit Gaasland sitt tilsvar ”Vilje til hva – Habbestad?” framgår det at Oslo-Filharmonien finn det lite forståeleg når eg hevdar at programmet deira i 2009-2010 er fattig på satsingsområde.

I det følgjande vil eg konkretisera kva eg meiner.

Eg er samd med informasjonssjef Marit Gaasland i at der står mykje flott på programmet til orkestret i komande sesong. Me er óg samde om det høge nivået orkesteret held. Eg er likevel usamd med informasjonssjefen i at den enkelte konserten eller det enkelte verket kan karakteriserast som eit satsingsområde.

Med satsing meiner eg å løfta noko opp: Å krinsa inn eit område og gjera noko meir enn «det vanlege» ut av det. Eit godt døme er Wallin-festivalen som orkestret arrangerte våren 2007. Gjennom tre konsertar vart ein solid del av produksjonen hans presentert, og orkestret vart premissleverandørar. Ikkje berre støtta dei tydeleg opp om ein sentral komponist som få andre har presenterert like grundig; dei sette òg tematikk som Wallin er oppteken av på dagsorden.

Denne sesongen er feiringa av Mahler-jubileet – som orkestret neppe vil vera åleine om – det næraste ein kjem eit slikt satsingsområde. Gjennom året vert 5 av Mahler sine symfoniar framførte. Men er eit slikt enkeltståande – og nokså trygt – satsingsområde alt ein kan krevja av landets største orkester?

Gaasland har rett i at eg ikkje har vore særleg lenge på banen. Til dømes kan eg ikkje hugsa attende til 70-talet då det var umogleg for orkestret å spela verk av Mahler. Eg er oppvaksen i ei tid med langt betre kår for kulturlivet. Dermed er eg òg i den heldige situasjonen at eg finn det naturleg ikkje berre å informera om og berømma arbeidet i dei store kulturinstitusjonane, men òg å stilla høge krav til dei. Ja, eg kan jamvel tillata meg å tenkja progressivt om kva kulturlivet i Noreg kan bli i åra framover.


Solid og føreseieleg
Tradisjonelt har det følgt visse føringar med departementets løyvingar til orkestra. Dei har mellom anna handla om at orkestra skal gjera noko nyskapande, noko for barn og ungdom, og – etter mangfaldsåret 2008 – noko for mangfaldet.

Nøyaktig kva føringar som er gjevne for Oslo-Filharmonien denne sesongen veit eg ikkje, men evenementa i Gaasland sitt svar utgjer ei god sikring av alle desse punkta.

Eg ser fram til dei ulike bidraga, men samstundes er samarbeidet med Nordic Black Theatre samt framføringane av 1900-talskomponistar som Martinu, Dutilleux, Milhaud og Adams for meg heilt naturlege innslag i orkestret sitt sesongprogram. At orkestret under samtidsmusikkfestivalen Ultima framfører eit stykke av ein nolevande komponist burde etter mitt syn vera ei sjølvfølgje – og eg finn det ikkje lite underleg at denne konserten forøvrig ikkje inneheld verk av nyare dato.

Oppsummert er det altså min påstand at orkestret stort sett gjer det det skal, men at potensialet for å strekkja seg lenger er mykje større. Eit tangerande syn er presentert i Dagbladet – der orkestret sitt sesongprogram er skildra som tradisjonelt, solid og føreseieleg.

Også i den sistnemnde artikkelen vert Saraste sine vyer – som satsinga på unge talent gjennom eit meir permanent orkesterakademi, eller eit program for særleg talentfulle dirigentar – gjengjeve. Gaasland insisterer på at slike prosjekt stoggar hjå politikarane og ikkje hjå orkesterleiinga. Mitt poeng er at det kan synast som om Oslo-Filharmonien gøymer seg bak økonomiske utfordringar samt den rådande husproblematikken for det som måtte komma av innvendingar – i ei tid der det vel er særleg viktig at orkestret gjer tydelege kunstnarlege prioriteringar.


Lite fleksibelt
Dermed finn eg det underleg at Gaasland meiner samanlikninga eg gjer mellom Oslo-Filharmonien og Operaen sine sesonglanseringar er naiv og destruktiv. Samanlikninga er ikkje meint øydeleggjande, men tvertimot som ei oppfordring til orkestret, om å gå offensivt ut og finna ein måte å gjera seg like interessant som Operaen. Trua på at det ikkje vil skje samanlikningar – eller ynskjet om å sleppa å forhalda seg til problemstillinga – er etter mi meining meir naiv enn å utføra ei slik samanlikning.

Kva som bør vera Oslo-Filharmonien sine viktige prioriteringar og oppgåver har det lenge vore delte meiningar om. Det tyder vel på, som Katrine Ganer Skaug skriv i ein kommentar til Gaasland (i kommentarfeltet under Gaaslands innlegg, red.anm), at orkestret er ein institusjon som mange er engasjerte i. Nettopp difor tykkjer eg det er viktig at det vert gjeve rom for ulike synspunkt, og at dei vert debattert med jamne mellomrom. Å avvisa kritikken så grunnleggjande som her, vitnar for meg om ein lite fleksibel tankegang.

Ida Habbestad er journalist i Ballade.no

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

1 lokal kommentar til denne artikkelen

 

 
 
OM Å SPISE MIDDAG MED FETERTE STJERNER.
Skrevet 20.05.2009 17:11 av Dagfinn Koch

Jeg har fulgt den interessante debatten, og ønsker i den anledning å komme med følgende innspill: Norske orkestre står langt bak i køen når det gjelder å få de som regnes for å være verdenstjerner hit til landet. Dette fikk jeg erfare den gangen jeg var oppnevnt av NKF som medlem i Oslo-Filharmoniens programkommité. Hva som defineres som "stjerner" henger mye sammen med hvilke musikere konsertagenturene har i sine staller. Konsertagenturene som formidler dirigenter og solister arbeider også tett opp mot musikkforlagene; dvs. hvem og hva som skal spilles er bestemt på forhånd hvis man har lyst til å spise middag med en fetert stjerne. Klarer man seg derimot med en lunsj, er det viktig å satse på de som ikke har fått tildelt stjernestempelet enda.

Svar på kommentar


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no