Meir musikk på fjellet

Er konsertar på fjellet den nye sommartrenden? Førstkommande laurdag vert framsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" framført i Sognefjellet. Den svenske komponisten Erik Hedin har skapt eit lydlandskap med ynskje om å forsterka og kontrastera landskapet på fjellet.

Å Isak poster

Tidlegare denne veka kunne publikum få med seg ny musikk i Molladalen. 3.-12. juli arrangerte Fannaråken blåsekvintett sin årlege turné på vandring i Jotunheimen, medan det denne helga er duka for urframføring av ei ny framsyning – på Sognefjellet.

Framsyninga "Å Isak! Hamsun på tvers av tida" er den andre av fire nasjonale jubileumsframsyningar som Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Riksteatret har ansvar for i Hamsunåret. Til denne framsyninga spesielt, vert det samarbeidd med Lom og Vågå kommuner.

Prosjektet går ut på å la kvinnelege forfattarar, mellom dei Herbjørg Wassmo, Gro Dahle, Maria Tryti Vennerød, Hanne Ørstavik og Vigdis Hjorth komma med sine litterære reaksjonar på nobelprisromanen ”Markens grøde” frå 1917.

Desse er framført av kvinnelege skodespelarar – kvinner i gule kjoler – mellom dei Ane Dahl Torp, Liv Bernhoft Osa og Marit Østbye.

Til dette har den svenske komponisten Erik Hedin skapt et lydlandskap av ulike lydsnuttar, der ynskjet er å forsterka og kontrastera landskapet på fjellet. Mellom anna nyttar han lyden av eit tog, av fotsteg og barnegråt. Sistnevnte inspirert av Markens grøde, hevdar arrangørane i si pressemelding.

I tillegg til lydklippa medverkar eit kvinnekor samt felespelaren Marie Forr Klåpbakken.

Framsyninga finn stad laurdag 1. august kl. 15.00 på Sognefjellet. Meir informasjon her.

Av andre fjellkonsertar Ballade kjenner til er Katie Melua sin konsert på Keiservarden (Bodø-området) førstkomande fredag. Arrangør er Nordland musikkfestuke, meir informasjon her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no